Steinkjer‎ > ‎

Kurset i 2020

Velkomen til kurs og treningsøkter om munnleg historie og forteljarkunst i Steinkjer
 23.-25. sept. 2020 

TALE - nettverk for fortelling, Hilmarfestivalen, Egge Museum  og Memoar samarbeider om tre dagar med kurs og trening på Egge Museum i Steinkjer. Munnleg historie og forteljarkunst er på mange måtar "to sider av same sak":  medan Memoar har som hovudfokus  ta vare på og dokumentera munnleg kjeldemateriale, så har Midtnorsk Fortellerforum som hovudfokus å dyrka dei munnlege formidlingstradisjonane, både som folkeleg tradisjon og som kunstart. Hilmarfestivalen på sid side starta som ein folkemusikkfestival. Men dei siste åra har innhaldet i festivalen blitt utvida til også å omfatte andre sider av den immaterielle kulturarven - og dermed både munnleg historie og forteljarkunsten. 

Påmelding her eller telefon 92840553

I løpet av dei tre dagane skal vi lære av kvarandre - og eksperimentere med nye måtar å samarbeide på. 
Vi skal gjennomføre og dokumentere intervjuopptak  med verdi både som historiske/kulturhistoriske kjelder og som kjelder til utvikling av forteljarkunst. Og vi skal arbeide vidare med kjeldematerialet og "knekka kodar" for korleis autentiske forteljingar kan "vidareforedlast" til scenekunst. 

Manual-Memoarmetoden



Kanskje skal desse tre dagane starte ein prosess som skal bli synleg alt under festivalen i 2020.



Detaljar i programmet  i store trekk blir det slik:
Onsdag 23. sept.

Kl. 10:00 - 12:00: 
Frammøte - presentasjonsrunde. planar for dei tre dagane. Litt generelt om munnleg historie og forteljarkunst. Om aktiv lytting og leiting etter gullkorn og notering av tidskodar. 

kl. 12:00 - 12:30:
Lunsj. 

12:30 - 14:00
Intervjuopptak 1.  Bjørn Enes  intervjuar Eina Ludmille Herrman (80).  Vi andre er observatørar og kanskje  medintervjuarar. 
(Klokke for lik notering av tidskodar går under opptaket)
14:00 - 14:30 - Pause 

14:30 - 16
Intervjuopptak 2.  Beate Heide  intervjuar Svein Karlsen (70).  Vi andre er observatørar og kanskje  medintervjuarar.
(Klokke for lik notering av tidskodar går under opptaket)

kl 16:00 - Slutt dag 1. 
Torsdag 24.sept    

Kl. 09 - 11:30:
Vi diskuterar opptaka i går - både om intervju-metode og om innhaldet i intervjua.  Verdien av opptaka som historisk og kulturhistorisk kjeldemateriale.  Vi leitar etter særskilte "gullkorn" eller "nøklar" som kan eigne seg i formidling. Og vi diskuterar forteljarmåtar og korleis slike intervju kan vera "råstoff" for forteljarkunst. 

11:30 - 12:00 - Lunsj.

12:30 - 14:00:
Om munnleg historie: Visjonen om store samlingar av munnleg kjeldemateriale - eit "munnleg riksarkiv" - dokumentasjon og emneord ("logging") av munnlege kjelder - infrastruktur for samarbeid og deling  - formidling - (tagging - geolokasjon - stubbar - musé - skuleprosjekt - den internasjonale oral history-rørsla - Senter for munnleg historie. 

14:00 - 14:30 - Pause 

14:30 - 15:30: Planar for morgondagen: la oss lage forteljingar.

15:30 - slutt 

Fredag 25. sept

kl. 09:00 - 11:30:
Om forteljarkunst:  Kva gjer ei forteljing til kunst? Ulikskapane mellom skriftleg og munnleg kultur. Det du seier og det du gjer - ord kontra kroppsspråk. Det du seier og det du ser - ord kropp og indre bilde. Litt dramaturgi. "Orkanens øye". 

11:30 - 12:00 - Lunsj

12:30 - 14:00:
Vi arbeider med å utvikle element frå intervjuopptak onsdag til forteljingar. (4 Gruppearbeid). Kroppsspråk, komprimering, forsterking. Kommunikasjon med publlkum. Etikk.

14:00 - 14:30: Pause

14:30 - 15:30:: Premiere på fire anslag til forteljingar. Planar framover mot Hilmarfestivalen. Evaluering. 

15:30 < Slutt - Middag for alle som har tid. 
Comments