Sund

Korleis foregår det?

Intervju for munnleg historie er enkelt, avslappa og hyggeleg. Det er ein vanleg samtale mellom ein nysgjerrig intervjuar og ein (eller fleire) forteljarar med verdfulle kunnskapar og minnerike opplevingar å sjå tilbake på.

Dei nyssgjerrige er - i dette prosjektet - enten ein frå Biblioteka i Vest , ein frå historielag i Sund, Fjell eller Øygarden, ein frå Memoar sitt arbeidslag - eller ein frilansar.

Vil du ta del?

Du kan ta del i dette på ein av fire måtar:

  • Forteljar: Du kan fortelja til ein intervjuar - gjerne til ein du sjølv foreslår, det treng ikkje vera ein profesjonell.

  • Intervjuar: Du kan få kurs eller gode råd - eller du kan berre gå rett på. Kan du lytta, kan du gjera munnleg historie-intervju. Ta kontakt med mha@memoar.no om du treng å låna utstyr

  • Dokumentasjonsarbeidar: Du kan sitja heime ved din eigen kjøkkenbenk med papir og blyant. Du må ha ein PC der du kan spela opptaket - og så skriva ned stikkord om innhaldet omlag minutt for minutt.

  • Nettarbeidar: Viss du er vand med data, trengs det folk som gjera enkelt redigerings- og avleveringsarbeid. Det trengst også å produsera korte utdrag som kan brukast i formidling

Kontakt: bjorn@memoar.no eller jot@sunnhordland.museum.no