Sunnhordland

Trine Kyvik intervjuar Jan Willy Folgerø-Holm, medan Barbro Matre dokumenterar

Samarbeidet mellom Memoar, Sunnhordland Museum og Stord Sogelag starta med eit vellukka kurs på Stord 29-31/8 2019.

I løpet av tre intense dagar vart det gjennomført eit kurs med 10 deltakarar og seks intervjuopptak på Sunnhordland Museum på Stord. I tillegg vert Johanne Øvstebø Tvedten si forteljing av to livshistorier dokumentert med videoopptak på Nerheimstunet i Ølen.. Seinare har det også vore gjort nyte opptak i dette samnarbeidet.

Dei seks fyrste intervjuopptaka skal no klargjerast for avlevering til Norsk Folkeminnesamling og eventuell publisering. Avleveringa skjer gjennom portalen Minner.no. Der vil det også kunne publiserast, dersom forteljaren godkjenner det.

Før avlevering må opptaket dokumenterast og redigerast. På bildet over ser me at dokumentasjon kan gjerast samtidig med intervjuet: Ein med-intervjuar sit med klokke, papir og blyant og noterar stikkord og minutt/sekund frå start. Etterpå må dette reinskrivast.

Det trengst dugnadsarbeidarar som kan tenkja seg å gjera slikt dokumentasjonsarbeid - enten samtidig med intervjuopptaket eller gjennom å gå gjennom opptaket etterpå. Kan du tenkja deg å hjelpa til med slikt arbeid, så ta kontakt! (Les meir under Dugnad)

Memoar vil gjerne fylgja opp samarbeidet med Sunnhordland Museum, historielaga og andre i Sunnhordland. Me har alt avtalt to nye intervjuopptak, og når me har fått kontakt med frivillige dokumentasjonsarbeidarar vil me gjerne laga eit eige kurs for dei. Me ynskjer også kontakt med folk som er interesserte i å intervjua.

Vil du ta del?

Du kan ta del i dette på ein av fire måtar:

  • Forteljar: Du kan fortelja til ein intervjuar - gjerne til ein du sjølv foreslår, det treng ikkje vera ein profesjonell.

  • Intervjuar: Du kan få kurs eller gode råd - eller du kan berre gå rett på. Kan du lytta, kan du gjera munnleg historie-intervju. Ta kontakt med mha@memoar.no om du treng å låna utstyr

  • Dokumentasjonsarbeidar: Du kan sitja heime ved din eigen kjøkkenbenk med papir og blyant. Du må ha ein PC der du kan spela opptaket - og så skriva ned stikkord om innhaldet omlag minutt for minutt.

  • Nettarbeidar: Viss du er vand med data, trengs det folk som gjera enkelt redigerings- og avleveringsarbeid. Det trengst også å produsera korte utdrag som kan brukast i formidling

Kontakt: bjorn@memoar.no eller jot@sunnhordland.museum.no

Slik (omtrent) var kurset fredag 30. august 2019:

10:00 Velkomst - presentasjonsrunde

10:30 Om prosjektet Munnleg historie for alle og visjonen om minnesamling i Noreg generelt og Sunnhordland særskilt.

11:15 Pause

11:30 Om intervjuet - litt om etikk og litt om teknikk - og magien i den gode samtalen

12:15 Lunsj

12:40 Etterarbeidet - Feltdagbok, innholdslogg, etisk vurdering, redigering

13:30 Pause

13:45 Arkiveringen - Memoar.no i prosessen, Minner.no for evigheten. Om forankringa i Norsk Folkeminnesasmling

14:30 Pause

14:45 Idéar og planar om korleis profesjonelle og frivillige kan samarbeida om den munnlege kulturarven i Sunnhordland.

15:30 Slutt på formell kursdel

15:45 - 17: Uformell kursdel. Gjennomsyn av eit av intervjuoppptaka frå dag 1. Idé-storming om formidling og vidare innsamling.

Kursleiarar: Johanne Øvstebø Tvedten frå museet og Barbro Matre og Bjørn Enes frå Memoar.

Trine Kyvik er museumsrådgjevar ved Sunnhordland museum, og arbeider med museumsfagleg rettleiing og bistand for aktørar som driv med historisk dokumentasjons- og formidlingsarbeid i sunnhordlandsregionen

Barbro Matre er prosjektmedarbeidar i Memoar. Ho har bakgrunn som førskulelærar, og har arbeidd mange år i ulik konsulentverksemd. I Memoar har ho ansvar både for intervjuopptak, etterarbeid og for leiing av delprosjekt i "Munnleg historie for alle"

Bjørn Enes: Gamal industriarbeidar, journalist i mange år, no entusiastisk minnesamlar og leiar av Memoar. Busett i Bergen, med familierøter i Kvinnherad. Mange kjenner han som Kristiansandar.