Tingvoll

Samarbeidet mellom Memoar og Tingvoll Museum starta med to svært aktive dagar i november 2018. Tingvoll var ein av stoppestadene under prosjektet "Krafttak for munnleg historie i Noreg". eit 20-tal medarbeidarar ved musea på Nordmøre var samla på Tingvoll til ein dags kurs om munnleg historie og ein dag med intervjuopptak i praksis. Resultata ser du lenger nedover denne nettsida.

Etter kvart som fyrste del av etterarbeidet er ferdig, kjem det munnlege kjeldemateriale litt etter litt til syne her. Det fyrste som skjer er at opptak av kvart intervju vil bli publisert medeit passord som berre forteljaren og dei som skal arbeida vidare med dokumentasjon og klargjering får. Alle interesserte er velkomne til å melda seg til dugnadsinnsats for å få fortgang i etterarbeidet. Her kan du lesa om kva slags dugnadsinnsats som trengst.

Det blei gjort i alt 13 intervjuopptak den 7. og 8. november. Dette er ein svært lovande start på samlinga av munnleg industri- og lokalhistorie på Møre. Museet kjem til å fylgja dette opp vidare, det same gjer Memoar. Begge partar ynskjer kontakt med historielag og interesserte enkeltpersonar i regionen som kan tenkja seg å bli med på utviklinga av det vidare arbeidet.

Kontaktpersonar: Marianne Nystad på museet og Efraim Kanestrøm i Memoar.

Invitasjon til dugnad:

Det er no gjort 20 intervjuopptak om lokal historie på Tingvoll, i samarbeid mellom Tingvoll Museum og Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie.

Opptaka blir sydd saman til publiseringsklare videoar av Memoar. Etter kvart som dei er ferdige, blir dei lagt ut på denne sida med eit passord. Det er forteljarane - dei som har blitt intervjua - som eig opptaka og som bestemmer om passordet skal fjernast.

Etterarbeidet:

Kvart opptak skal no dokumenterast, det vil seie at det skal lagast eit oversyn over alt intervjuet inneheld. Når det er gjort skal det skrivast eit kort tekstsamandrag.

Dette treng me hjelp til! Det er interessant og triveleg arbeid. Det krevst ingen særlege forkunnskapar. Sjå her om korleis du gjer det.

Kan du hjelpa til? Ta då kontakt med Marianne Nystad på Tingvoll Museum - epost marianne@nordmore.museum.no eller Bjårn Enes hos Memoar - epost bjorn@memoar.no.