Kurset vi gå føre seg på "Historietorget" - det gamle garderobebygget på Møhlenpris idrettsbane. (bildet)
Vi vil fokusere på det praktiske før og under innsamling. Det vil seie å førebu eit intervju med tanke på etiske og tekniske vurderingar og korleis gjennomføre eit intervju. Du vil få rettleiing i korleis aktivt lytte til det som vert fortald og korleis stille gode spørsmål undervegs i intervjuet.
Alle som er interesserte i å engasjere seg i dette spennande arbeidet får tilbod om oppfylgjing i mindre grupper i studio på Vitalitetssenteret (rett ved) etter introduksjonskurset. Memoar kan òg svare på spørsmål kring redigering av video, arkivering og logging av intervju for dei som ønskjer det.
10:00 Verdien av å samle minner.
11:00: Etikk og opphavsrett
12:00 Førebuing av intervju
12:45 Lunsj
13:30 Intervjuteknikk
14:30 Planlegging: Kven bør intervjuast?
15:00 Ferdig for i dag
Oppfylgjing:
Treningsøkter i Studio Møllaren (max fem deltakarar i slengen) Tidpunkt blir avtalt på kurset.
Intervjuplanen kan få assistanse viss det trrengst.