Krigsminne‎ > ‎Frontkjemparar‎ > ‎

Eivind Saxlund

lagt inn 29. sep. 2019, 00:55 av Bjørn Enes   [ oppdatert 29. sep. 2019, 00:57 ]
Eivind Saxlund fortel om si forsvarsinteresse, om Gutehirden og skolegang. Frontinnsats i Den norske Legion og Regiment Norge, arrestasjonen og Ilebuopphaldet.
Fødd i Oslo den 4.juli 1922. Faren var advokat og vernepliktig offiser med sterk forsvarsvilje, i motsetnad til regjeringa. Saxlund fekk kontakt med NS-miljø i 1935, deltok i valkampen 1936 og innmeldt i Gutehirden 1937. Høyrte Quisling tale, solid, traust, sakleg. Seinare på skoleskip og dekksgut til sjøs 1938 -1939

Fekk sympati for sudetyskerane sin situasjon og Anschluss i Østerrike. Frykta krig i Norge. Deltok i frivillig luftvernteneste hausten 1939. Var i Oslo 9.april, mor og søsken evakuert. Avventande haldning i 1940.
Frivillig arbeidsteneste i Sel sommaren 1940, ei positiv oppleving.
På nytt medlem i NSUF oktober 1940, bl.a. oppfordra av Kjell Stub.

2.juli 1941 meldte seg til Den norske Legion for å slåss mot Sovjet. Følte det som ei plikt å forsvare Europa mot bolsjevismen. Til Fallingbostel for utdanning. 3.oktober edsavleggjing til Hitler. 5.jan 1942 til Stettin, til Leningradfronten 18.feb. og til skyttargravene 1.mars, i 42 kuldegrader. Fortel om frontlivet og svolten blant sivilbefolkninga. Ramma av gulsott, til Riga og seinare Karlsbad. Kom til ein etnisk blanda reservebataljon i Mitau. Besøk av Himmler. Deretter til Regiment Norge, forlagt til Kostajnica i Kroatia.
Tankar om tilhøva i Legionen, Waffen SS og Wehrmacht
Dimittert i juli 1944, attende på skolen og møtte isfronten heime.

Arrestert av Heimefronten og sett inn på Ilebu. Vaktene av blanda kaliber, reservepolitiet frå Sverige var mest ubehagelig. Dømt til 3 1/2 år i feb.1946, hardare straffer på dei som vart dømt først, 5 og 6 år.
Kom inn på juridisk fakultet etter soning, tok eksamen som best i klassen i 1954 og fekk jobb i Finansdepartementet.



Saxlund opptak 1 manglar

Eivind Saxlund:




Eivind Saxlund 2








Comments