Krigsminne‎ > ‎Frontkjemparar‎ > ‎

Arne Wolff

lagt inn 29. sep. 2019, 01:15 av Bjørn Enes   [ oppdatert 29. sep. 2019, 01:15 ]
Arne H. Wolff fortel frå sine unge år som NSUF-medlem i Bergen, studieturen til Tyskland , den harde tida ved fronten og den fantastiske flukta til Sverige ved krigsslutt.
Født 27. 9. 1918. Faren var journalist i BT, sjøfartsmedarbeidar. Han trakk seg ut av avisa då ny NS-redaktør vart tilsett. Heile familien var mot NS. Wolff meldte seg inn i NSUF i gymnastida 1935. Alle politiske parti hadde sine ungdomsklubbar, stor politisk interesse i skolen. Tilsett i Bergen kommune som kontorassistent. Seinare ungdomsleiar i NS med eige kontor. Stor aktivitet, men Bergen var ein svak by for NS.

Fortel om kvadag med organisering av leirar, turar, plakatklistring m.m.
Medlemmene stort sett frå mellomklassen, Hirden hadde mykje frå arbeiderklassen. Studietur til Tyskland for å studere Hitlerjugends organisasjon. Positivt inntrykk av at Hitler tok ungdommen med i oppbygginga. av Tyskland, fjerna arbeidsløysa, betra økonomien. Gruppa på 10 handhelste på Hitler, han gjorde eit sterkt inntrykk.
Wolff gir ei vurdering av Quisling og leiande NS- folk

Kom til Den norske Legion og Leningradfronten. Folk svolt, overlauparar kom med skjei. Det meningslause spelet av menneskeliv ved fronten forandra ein som menneske. Lite kontakt med sivilbefolkninga. Såg ingen overgrep frå Waffen SS på dei 22 månadene opphaldet i legionen varte. Heime var situasjonen heilt forandra, arrestasjonar, likvidasjonar. Uviss stemning ved krigsslutt, ingen visste kva som ville hende.Ei lita gruppe låg i 2 mnd.i dekning på ein privat holme utanfor Hjellestad. Wolff låg siden eit år i dekning. Rømte til Sverige på falske papir, fekk jobb på eit kjøkken, men etterlyst.

Angitt til svensk politi, utlevert og frakta til Bergen. Nekta straffeskuld og fekk åtte års fengsel. Først Espeland og Knappen, deretter Gulskogen. Fagutdanning som elektrikar med god eksamen. Ein svoger hjelpte han å kome til sjøs, arbeidde der i 18 år

Er ikkje lenger nasjonalsosialist , meiner den gir for mykje maktkonsentrasjon.


låg lyd, skal fiksast

Arne Wolff:











Comments