Linda Mariana Aleksandersen

Publiseringsdato: 11.nov.2019 10:32:01

Linda Mariana Aleksandersen ble intervjuet av Bjørn Enes på Glomdalsmuseet i Elverum 13.10.2018 som del av et dokumentasjonsseminar i prosjektet Krafttak for muntlig historie.Linda Mariana Aleksandersen vekste opp under uvanlege omstendigheter. Som del av ein taterslekt, budde ho på fleire forskjellige stader, i telt og hytter. Då ein splid i slekta førte familien hennar vekk frå Trøndelag til Kristiansand endra livet seg igjen. Taterbakgrunnen hennar vart sett ned på, og frå ho byrja på skulen, tok det ikkje lange tida fyre ho vert mobba.

Linda visste å bite frå seg, så det var ikkje sjeldent at ho havna i klammeri med skule, politi og andre autoritetar. Ho var skarp, skoleflink og glad i idrett, men blei haldt utenfor å kunne utmerke seg. Allereie i trettenårsalderen vart ho arrestert og satt i ungdomsfengsel.

Ungdomsåra fortsatte i same stil. Inn og ut av institusjonar rundt omkring i landet. Ho fekk god nytte av hjernen sin, ikkje berre til utspekulerte pek, men også til å ta examen juridicum, i eit av sine fengselsopphold.

Linda fortel oss levande og billedrikt om eit liv i motgang, konflikt, overleving og samhald. Me får også eit godt innblikk i taterkulturen, kompliserte slektsforhold, og ikkje minst om Kristiansand på syttitalet.

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.

Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/227415646#t=2h39m15s )

Hent utskriftsvennlig stikkordliste

00:00:00 Personalia. Vokst opp i telt og hytter. 13-14 år gammal før ho budde i leilighet. Budde iblandt hjå besteforeldra.

00:01:00 Fekk lov å bygge hytte i Kristiansands-området av Sakkarias Sakkariasen, bestefar til Hyne Kleiv og disponenet på skøyta "Brukerhøvlerieet" (?). Far og onklar fekk jobbe i sagbruket. Kommunen ville ha dei vekk, førstesidestoff i avisa. Førte minnet, 9/10 år gammal.

00:02:00 Begynte på skule, vart mobba. Folk var vant med sjøreisande taterar, ikkje landreisade. Språkvansker. Snakka trønderdialekt blanda med romani. Fekk beskjed heime om å ordne opp sjølv. Slåst.

00:03:50 Fant dokumenter i arkivet. Vart jaga over taket på skulen av politiet, 11 år gammal. Var van med å bli jaga, og å jage. Kunne angripe for eit godt ord. Forsvarsmekanisme.

00:06:00 Husker lite fram til ho var ca. 10 år. Hugsar samhald og lek. Få jenter. Mannsdominert samfunn. Følte seg tryggare i Trøndelag. Besteforeldra var sentrum der.

00:07:00 Konflikt i familien. To brødre som gifta seg med to søstre. Nokre reiste sør, Telemark og sørlandet. Ungane fekk ikkje vete noko. Forstod situasjonen betre i vaksen alder.

00:09:00 Far, og 5 av hans totalt 12 søsken reiste sør, pluss ein attpåklatt. Sjølv hadde ho to heilsøsken, samt to halvsøsken. Mor kom frå vestlandet.

00:10:15 To halv(?)søsken på misjonsbarnehjem i Farsund. Visste ikkje om det før ho var 12/13. Ifølge papirene vart dei frivillig overlevert. Søster født 1946 og broren 47. Bror var 18 månadar når dei vart tatt.

00:11:50 Søstera hadde kontakt med familien, budde litt heime, rymde frå barneheim. Mindre kontakt med bror, som vart overpsykolog ved <klipp ut plass (12:30)>. Har møtt han nokre gonger, vil ikkje ha kontakt med mora. Vart sendt på dei værste guteheimane. Misbruk.

00:13:30 Fann ut at ho hadde to halvsøsken når ho budde i hytta. Søstera hadde stukke av frå fosterforeldre på Søderli, og dukka opp på hytta. Budde seks ungar på eit rom. Ikkje innlagt straum/vatn. Hadde vanrotter som husdyr.

00:15:10 Onkel og tante budde også i hytter, men fekk hjelp av Misjonen til å skaffe hus. Måtte gå gjennom roklubbhuset på veg til skulen. Sie klær, satt dei opp me knappenåler for å likne meir på andre jenter.

00:16:40 Vart mobba frå først skuledag. "Linda lus og loppevaskeri". Slo frå seg. Til og med lærarar fekk gjennomgå. Vart god å slost. Likte idretten. Var skuleflink. Skulen var virklighetsflykt. Var dreven.

00:18:20 Lærar Nueland på Todda såg henne. Gav henne stoppeklokke for å forbetre rundetida hennar. Var med i idrettslag, håndball i Start, friidrett i KIF, sportsvømmerklubben. Vart kasst ut at Start.

00:20:00 Budde i Fritz Jensens gate. Hamna i konflikt med dei lokale båtreisande taterane. Følte seg ovanpå. Fekk verv som vaktmester i bygget. "Politimaja" var stasjonert der. Samhald. "Fritzar" budde i oddetalshusene, medan "fintfolket" budde i partallshusene. Per Lømsland (Ludvig Lømsland?), legat, kjøpt hus til vanskelegstilde. "Fritzapakk", "Fritzaungar".

00:23:25 Frits Jensens gate reven i 1974, flytta til Holbergsgate. Korkje tatere eller barneheimsborn vart godt mottat. Fleire utvikla psykiske vanskar. Utbredt alkoholisme. Folk var redde for henne og klikken hennar.

00:25:30 Flytta til Helle. På skulen tok forelderne ungane sine ut av klassen pga. "folk som hennar". Dei frå tyskerbrakkane hadde enda lågare sosial rang enn Fritzaungane.

00:27:30 Snakker om Fritza, korleis det var blanda folk, og korleis diskriminering stadig hendte. Rivaleri millom "fantane" frå Helle og fritzafolket. Ho fortell om noko ho kallar "barneklokka", som ringte kvart på åtte kvar kveld. Dei som ikkje kom seg heim, vart midlertidig tatt av politiet.

00:30:30 Klasseskilnadane var tydelege. Mykje erting. Ein av dei høgare, Asbjørnsen, hadde fått ein splitter ny DBS sykkel. Ho og Kjell Syvertsen skrudde dekket av og tok resten. Asbjørnsens og ho spøker om dette kvar gong dei møtest.

00:32:10 Mykje slagsmål og slåssing. Vert den Noregs yngste fange, blant jenter, som blei satt inn på Finnestad. Vert ikkje skremd av fengsel. Landmark tok affære. Ho blei testa på sjukehus, for dei trudde ho var gal. Det var ho ikkje.

00:33:30 Blei nekta inngang på Kongens. Noko som var dumt, då ho alltid var skoleglad. Men på idrettstevner trengte dei ho. Blei innkalt til Homeland.

00:34:10 Tungt å verte utvist. Fekk eige klasserom med lærer Øystein "Kaff" Karlsen, saman med Ole Johnny Husby. På toppen av Toppegata. Ho vert så sent til observasjonsklassen med bror sin.

00:36:10 Vert arrestert 13 år gamal på falske anklagar om brannstifting i Wergelandsparken. Ho protesterte. Røska merka av politihjelmane. Sparka politimann. Ikkje første gongen i arresten. Skolepsykologisk kontor. Gerd Mørck, damepoliti, skulle sende ho i fengsel med fly til Stavanger. Aldri flydd og ville ikkje. Blei kjørt. Dei glemte nyklane til håndjerna. Steinar Tangsa var ein politi ho kunne snakke med.

00:40:30 Fyrste gongen ho satt inne var det i to eller tre veker. Fekk evaluering og blei sluppen ut. Brydde seg ikkje. Fekk mat og kunne vere ute, "lufte".

00:41:30 I guttefengsel måtte ho "lufte" aleine. Satt der på isolat 23 timer i døgnet. Fekk mykje gratis. Var forlova med 20 stykker på ein gong. Voktarane syntest også det var morosamt. Skreiv kjærleiksbrev med blåpapir.

00:43:10 På juleaften fekk ho mange gover, og tre av forlovarane heit Bjørn. Visste ikkje kven ho skulle takke. Kjeisamt å skrive takkebrev. Blei avslørt i anledning eksamen juridikum på universitetet. Foreldra til Bjørn Grande hadde fiksa leilighet til dem. Dei var ikkje dei einaste som venta på ho utenfor.

00:45:50 Byrja på nytt neste gong ha vart satt inn. Sjalusidrama på Åna. Blei nekta å motta og sende brev. Forhenverande håndballspelar "Tveten" hjalp ho å smugle brev.

00:47:20 Blei teken vare på når ho kom ut frå fengsel i Stavanger av foreldra til andre kameratar/innsatte. Vist gjestmildhet. Slik var det ikkje i Oslo eller Kristiansand. Det var ein "fritzføling" i m.a. Museumsgata, Øvregata, Vågen og Storhaug. Også godt forhold til Bergen.

00:49:20 Hadde ikkje same spenninga mellom fantar og båtfantar. Mykje meir blanding enn på sørlandet. Større identitet i fellesskap. Sigøynarar, tatere, fanter, splinter, alt dei vert kalla. Delte mykje språk. Ved t.d. Breiavatnet kunne det også kjennest som ein var blant "folket", då gatespråket også vart teken opp, sjølv om dei ikkje hadde tilhørighet.

00:51:30 Mange av folket på institusjonane. Tenkjer om erfaringar tilknytninga til folket som livspregande, korleis det ikkje er noko ein kan lese seg til. Farleg når det vert "mote" å vere av folket.

00:54:30 Liker ikkje dei som later som dei har meir tilknytting enn dei har. Var på prosjekt på barneheim på Birkelind (vore involvert der sida ordfører Øystein Andersen levde) då ein mann lata som for å få tilgang for si eiga del. Korleis nokon nyttar myter som t.d. at dei gamle legger seg under månen, "akra", for å døy, som om det er praksis i dag. Også at nokon påsto å vere i familie med henne, sjølv om det ikkje var tilfelle. At ikkje alle endringer er gode.

01:02:40 Tok første og andre juridikum i fengsel. Har berre lov til å vere setteadvokat. Kan faget, men har ikkje myndighet. Hadde tenkte å søke på politiskolen i Uldal, men havna på Finnestad i stedet. Tok juridikum under Lyngheiasaken. Spesialiserte seg på rettslov, straffeprosessen og militær straffelov. Dekar og arvelov osb. var ikkje like interressant.

01:06:10 Har hatt bruk for danninga i organisasjon, i kontakt med barnevernet, moralsk støtte i rettsakar, i samtale med advokatar. Ho seier folket ikkje har eigne lover, berre normar og retningslinjer.