Arna Berg

Arna Berg har passert pensjonsalderen, men lever eit svært aktivt liv - i alle fall fram til den 12. mars 2020. Då kom pressemeldinga frå regjeringa og Folkehelseinstituttet om at landet skulle stengast ned. Det var ganske utruleg det som hende. Ho vil helst ikkje oppfattast slik at ho synest koronaepidemien har vore eit gode. Men ein må jo alltid gjera det beste ut av situasjonen, og her har vore ein god del positivt og.

"Eg er i ein livsfase der det er viktig å rydda litt", seier ho. Nå fekk ho tid til arbeid med å gjera papir og anna klare for etterkomarane.

Dei bur ikkje langt unna. Men likevel har det vore lite kontakt. Både ho sjølv og mannen har jo vore i risikogruppa, så kontakten med oldeborn og slekta elles måtte skje over hagegjerdet. Det har vore litt vondt.

Elles har det vore tid til refleksjon - sjølv vaks ho opp på ein gard der ingen skulle tru at nokon kunne bu - på Listøl i Åseral. Der hadde dei verken veg, telefon eller elektrisitet då ho var barn. Eit av dei sterkaste barndomsminna er då dei fekk straum og radio rundt 1950. Ho minnes søndagsfreden, med gudsteneste og Folkemusikktimen på radioen.

Nå blei det å vera heime att - rett nok med både radio, fjernsyn og streaming. Likevel var det som å vera tilbake.

17. mai var også noko som likna - på Listøl måtte me og vere heime på 17.mai, akkurat som i år. Og oldeborna kom og sa: «Besta - dette er den beste 17.maien vi har hatt...»

«Eg trur faktisk at vi har hatt godt av den tenkepausen som dette har blitt». På same tid som reising har teke slutt, har internasjonal hendingar på ein måte kome nærare, ikkje minst på grunn av reaksjonane mot politibrutalitet i USA.

Opptaket blei gjort 16. juni 2020. Intervjuar var Bjørn Enes


Arna Berg vart intervjua av Bjørn Enes på Minne kultursenter i Åseral, den 12. oktober 2020. Spørsmål om passord til videoen må rettast til Arna. Du finn informasjon om etterarbeidet som nå er i gang under Arbeidsoppskrift

Klar for logging. Kan du bidra, så send epost til post@memoar.no