Arendal


I Arendal samarbeider Memoar, Aust-Agder museum og arkiv og historielaqg i auste deler av Agder om minneinnsamling. Samarbeidet starta med kurs og praktisk trening med munnleg historie 2-4 mars
 2020. Kurset omhandla innsamling, dokumentasjon, arkivering/avlevering og formidling av munnleg historie, og gjekk på Kuben, Arendal. 

Fyrste ferdige resultat var dette intervjuet med Olav Ulltveit-Moe frå Gjerstad: 

Intervju frå Arendalsområdet:

  • Olav Ulltveit-Moe Olav Ulltveit-Moe (1939) ble født på en gård på Moe i Gjerstad, Aust-Agder. Han har i livet arbeidet som lærer, arbeidet på Agder Data, vært skolekonsulent, jobbet på ...
    Lagt inn 13. mar. 2020, 06:15 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 1 av 2. Vis mer »

  
Meir om kurset i mars 2020: 

Mandag 2/3:  10-ca 15:  
Bjørn Enes og Barbro Matre frå Memoar kjem til Kuben ca kl.  09:30, og  frå kl. 10 fram til lunsj går vi gjennom førebuing av minneintervju.  Ca kl 12 - 14 gjennomfører vi eitt eller to prallelle intervjuopptak.  Kursdeltakarane er observatørar og/eller medintervjuarar.  Dersom  ein eller fleire kursdeltakarar er klare for å gjera intervju, kan me gjera fleire intervjuoptak på mandag. (Vi har med utstyr for opp til seks parallelle intervju)  
Den siste timen tar vi umiddelbare refleksjonar om  denne intervjuerfaringa. 

Tirsdag 3/3: 09:00 - ca 15:00:  
Kurs - heile dagen. Me brukar eit av intervjua frå dag 1 som eksempel på å gå gjennom etikk, avtalestruktur,  intervjuteknikk, verdien av munnlege kjelder, infrastruktur for arbeidsdeling, etterarbeid (logging, tekstsamandrag, emneordslister),  arkivering, avlevering, deling og eventuell publisering, munnleg historie som råstoff - produksjon av utdrag til utstillingar etc. Kurset vil gi eit oversyn over fagfelt og arbeidsprosess. For deltakarar med litt bakgrunn vil det gi godt grunnlag for eige arbeid med logging, tekstsamandrag og bruk av munnlege kjelder - det som oftast er flaskehalsen for eit museum eller eit historielag som samlar munnleg kjeldemateriale. 

Onsdag 4/3: 09 - 15:00 
Praktisk arbeid / trening med nye intervjuopptak og/eller etterarbeid. Detaljane planlegger vi i løpet av kursdagen. 

Forslag til intervjuobjekt?
Send oss - post@memoar.no -  gjerne nokre ord dersom du har forslag til person(ar) som bør intevjuast mandag 2/3 eller onsdag 4/3! 

Påmelding her: 
https://memoar.ticketco.events/no/nb/e/minnesamling_med_video__arendal



Undersider (1): Arendal - under arbeid
Ċ
Bjørn Enes,
2. mar. 2020, 00:33
Comments