Bergen‎ > ‎

Fridalen


(Minnesamlinga er i gang - her blir Kjelle Nesse, som var lærar på Fridalen på 1960-talet, intervjua av Fartun og Madhavi som er elevar der i dag.) 

Fridalen: Kreativitet gjennom 80 år  


Den 30. september 2019 markerer Fridalen skole at det er 80 år sidan skolen vart opna.  Kortversjonen av bydelen Landås si historie, er at "fyrst kom skulen - så kom byen." 
Fram til jubileumsarrangementet skal Fridalen Skole, Bergen off. Bibliotek/landås Bibliotek, filmselskapet Rusten Spiker Film og Memoar samarbeida om å samla inn, bevara og formidla litt av  den munnlege kulturarven som heng saman med skulehistorie. For Memoar håper vi at dette skal bli starten på eit mangeårig samarbeid med munnleg historie på Landås. 

Denne nettsida er i fyrste omgang ein prosjektweb for dei som skal samarbeida om skulejubileet. Me håpar å trekke mange med i samarbeidet alt nå! 






Ørnul Aase - om kreative gutedagar på Landås: 
Ørnulf Aase var ein svært aktiv gutunge i oppveksten under og like etter krigen.Han likte seg ikkje på skulen - men likte desto fleire andre aktivitetar. Etter kvart var det ikkje måte på kor mange idear han fekk. Det var ikkje heilt ufarleg - tre gonger resulterte det i at tyske soldatar skaut etter han. Dei fyrste barneåra hadde han på Nordnes. Eter eit bombeangrep som tok nabohuset, flytta familien til ei hytte i Nordnesdalen, før dei fekk overta eit hus på Landås - som den gong var langt ute på landet. 
Sjå forteljingar som han alt har delt her:  http://bergen.memoar.no/2018/oernulfaase og her:  http://bergen.memoar.no/2018/oerunulaase-del2 

Dette skal skje i august - september 2019: 

  • Munnleg kjeldemateriale som alt er laga skal gjerast tilgjengeleg på denne sida. (her trengst dugnadshjelp)
  • Film-klipp frå skule- og bydelshistoria skal samlast og analyserast 
  • Nye forteljarar skal intervjuast. Kvart intgervju skal loggast 
  • Nokre av forteljarane skal inviterast til å fortelja på jubileumnsarrangementet 30. september.
  • Rusten Spiker skal laga ein jubileumsfilm 
  • Tekstar og bilete frå skulehistoira skal samlast eg - aller helst - publiserast.
  • Den 30. september 2019  blir det 80 års jubileumsfest i Forum Bergen
Dette treng me hjelp til:

  • Finn ein forteljar! Alle som har gått på Fridalen Skole er primærkjelder til skulen og bydelen si historie. Men somme er det ekstra viktig å intervjua. Hjelp oss å finne dei!
  • Vil du intervjua? Memoar held "lynkurs" for nye intervjuarar. meld di interesse til post@memoar.no
  • Logging av intervju: "Flaskehalsen" i arbeidet med munnleg historie er dokumentasjonsarbeidet. Men det er også noko av det mest interessante! Les om logging - og meld det til teneste!  (post@memoar.no)
  • Meir film? Me har alt samla ein god del filmmateriale. Men ligg det meir i skuffer og skap? Send ein epost til Jørgen Rusten Spiker Film 
Comments