Hovudprosjekt i utvandraråret:
"Vendepunkt 1975":
Frå ca 1850 til sommaren 1975 auka industrisysselsetjinga i Noreg. Sommaren 1975 snudde utviklinga brått.
Kva var det som hende?
Korleis opplevde dei det, dei som sto midt oppi det?
Og korleis hugsar dei det, når dei ser tilbake på det?
Det er vanleg å sjå på det som hende som ei avindustrialisering. Men det samsvarar dårleg med den store vekta som industrien framleis har i norsk økonomi.
Ein alternativ teori er at det var ein tredje industriell revolusjon som fann stad: Ny teknologi, nye organisasjonsformer, ny kultur.
Memoar arbeider for å få til ei landsomfattande innsamling av munnleg kjeldemateriale om dei store endringane i åra mellom ca 1960 og 1995. Uansett kva for ein teori som blir ståande, så vil eit breitt, munnleg kjeldemateriale ha stor verdi.
Dei industrielle revolusjonane:
Den fyrste industrielle revolusjonen handla om mekanikk. Den var resultatet av dei store oppdagingane i opplysningstida og oppfinningar som spinnemaskinen, dampmaskinen og maskinveven. For Noreg var denne perioden prega av rask vekst i tekstilindustri og skipsbygging, med stålbåtar og propelldrift som mest typiske framsteg.
Den andre handla om elektrisitet, metallurgi og olje. Den slo til for fullt rundt førre prhundreskifte, med vasskraftutbygging og elektrokjemisk industri som det mest iaugefallande. Det var i denne perioden at Noreg vart industrialisert for alvor. Frå dei fyrste kraftstasjonane vart bygde og fram til 1975 vart heile det norske samfunnet omdanna. Industrien kom til å dominera alt.
Den tredje vart utløyst av framskritta innban elektronikken. I løpet av svært kort tid, vart dei tradisjon
elle industriarbeidsplassane reduserte dramatisk. Noko industri flytta til lågkostland - og sette veldig fart i utviklinga der. I den industrien som ble verande vart sysselsettinga redusert til omlag ein tredel. Elektronikken gjorde det mogleg å fjerna meir og meir både av uproduktive mellomlag i arbeidsorganisasjonane, og av rutinemessig, manuelt arbeid- Arbeidaren sin kvardag endra seg frå fysisk arbeid på kommando, til ettersyn. kontroll, vedlikehald og krisehandtering etter prosedyrar han sjølv var med på å skapa. Og sysselsettinga gjekk ikkje ned - tvert om. Aldri nokon gong i historia har så stor del av innbyggarane vore lønsmottakarar som etter den elektroniske revolusjonen.Mange meiner at me alt no opplever ein fjerde industriell revolusjon, driven av "big data" og "!kunstig intelligens". Er det slik? Eller er det berre den tredje revolusjonen som når fram til overbygnaden i samfunnsmaskineriet?
Når historikarane ein gong kjem i gang med å studera desse prosessane, vil dei truleg oppdaga at dei tradisjonelle kjeldene er svært mangelfulle. Dei må til dei munnlege kjeldene om dei skal pusla saman bitane av det fragmenterte arbeids- og produksjonslivet etter 1975. Faren er at primærkjeldene er borte før interessa vaknar for desse kjeldene.
Det er hovudargumentet for at Memoar ynskjer ei ny "Arbeiderminneinnsamling" av minst like stort omfang som Edvard Bull og Norsk etnologisk gransking sette i gang på fyrste halvdel av 1950-talet.
Me ynskjer kontakt med alle - historikarar like så vel som historielags- eller fagforeningsmedlemmer som deler synet om at dette er viktig. Ta gjerne kontakt med vår prosjektleiar bjorn.enes@memoar.no !
NOV. 2018:
Viktig historisk artikkel om den 3. industrielle revolusjonen:
Historikaren Pål Nygård publiserte i november 2018 artikkelen "Institutt for atomenergi og digitaliseringen av norsk aluminiumsindustri" i Historisk Tidsskrift 4/2018 . Artikkelen er ein innsiktsfull og velskriven analyse med ei rekke spennande påstandar. Mellom anna at digitaliseringa av norsk industri ikkje var resultat av nokon plan eller strategi - snarare "ein serie tilfeldigheter og uintenderte konsekvensar" av planar og strategiar som blei forsøkte.