Industri

siden er under arbeide. 5/8-22

Publiseringsdato: 20.sep.2015 07:05:33 - sist opdatert 11. mars 2021

Memoarprosjektet “Folkeverksted for industridokumentasjon” vart gjennomført med støtte av Kulturrådet i 2020 og 2021. Målet var samling, dokumentering og formidling av livsløpsintervju frå to ulike industreistader i Noreg, Raufoss og ein industrikommune på Sør- eller Vestlandet. Prosjektet vbart ikkje fullfinansiert, så ambisjonane måtte reduserast. Arbeidet vart derfor konsentrert om Raufoss. 

Vi sarbeidde med fire intervjuformer:

1) Kortintervju i studiorigg som står over tid i bibliotek, museum el.l., 

2) Oppsøkande intervju, oftast heime hos forteljaren, 

3) Forteljarverkstad kombinert med praksis, f.eks. bedriftsbesøk eller demonstrasjon av arbeidsprosess, 

4) Forteljarkveldar, medlemsmøter etc med publikum. 

Fase 1- Raufoss (Finansiert av Kulturrådet):

I løpet av 2020 skal det etablerast eit nytt industrimuseum på Raufoss. Det er eit bygg på Raufoss Fabrikker som skal byggast om. Fyrste ombyggingstrinn skal vera ferdig i juni 2020, og fyrste utstilling i det nye museet skal opne i desember. Det er stor interesse for å gjera munnleg historie til eit satsingsområde for dette museet, og derfor bør vi konsentrera oss om å bruka desse ressursane der. 

Det blei gjort nokre få intervjuopptak vår og sommar 2020, og etter fleire utsetjingar på grunn av konronapandemien, kom hovudinnsamlinga av munnleg kjeldemateriale endeleg i gang i desember 2020. Det vart gjort 8 intervjuopptak og eitt gruppeintervju med veteranar frå Bedriftsskolen på Raufoss (1949-1972) (sjå feltdagbok)

MEMOAR-industrisøknad.pdf

Prosjekt i startgropa: 

Ein vidare oppbygging av industriprosjektet kan gå inn som ein del av prosjektet "Munnleg historie for alle" i 2019-2020 - sjå www.memoar.no/mha

Raufoss: 

Pilot i innsamling munnleg historie 2020-2022. Påbegynt samarbeid med Mjøsmuseet og Raufoss Industrimusuem. Finansiering frå Kulturrå+det. 

Industribyen Kristiansand: 

Kristiansand Mekaniske Verksted: Opptak 2020 

Nikkelverket i Kristiansand;  Gjennomført og publisert ti intervju i 2016. I mai 2020 blei detgjort eit intervju med to sentrale kjelder frå KMV og eit intervju om barndom i industribyen Kristiansand. 

 Akerkonsernet 

Intervju med Eldar Myhre frå august 2021. 


Borregårdsamfunnet: 

Påbegynt samarbeid med Østfoldmuseene. Gjennomført åtte intervju med tidegare Borregårdtilsette,

Hermetikkindustrien: 

Gjennomført to intervju i Bergensområdet (Os og Askøy). 

Herøya: Påbegynt samarbeid med Arbeiderbevegelsens Arkiv i Telemark i Industriarbeidermuseet. 

Orkla Gruver: 

Påbegynt samarbeid med Orkla Industrimuseum.  

Tekstilindustrien; 

Påbegynt samarbeid med Tingvoll Museum om gamal og ny tekstilindustri i Møre og Romsdal.

Litt historikk:

Memoar og Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan arbeidde i 2016 fram ei skisse av ei innsamling av munnleg industrihistorie i Telemark.  Skissa kan hentast opp frå Dokumentarkivet

Arbeidet med å søka finansiering til dette eller liknande prosjekt held fram.