Krigsminne‎ > ‎Frontkjemparar‎ > ‎

Per Bradley

lagt inn 29. sep. 2019, 00:49 av Bjørn Enes   [ oppdatert 29. sep. 2019, 00:50 ]
Melde seg tidleg inn i NS (1934) som faren. Fekk året etter knust ti tenner og kjeven i eit møte med kommunistar i Bergen.
 
Under krigen var han vaktmann på Stortinget, kretssekretær for NS i Oslo og deretter organisasjonsleiar i fylkesorganisasjonen. Melde seg så til den norske Legion og fekk Waffen SS-utdanning nord for Hannover, ei utdanning han ser på som verdas hardaste og grundigste. Vart såra i skuldera ved fronten i Leningrad og hadde seinare kontorarbeid i Latvia, eit land han framleis seglar til på sine sommarlege Østersjøturar.

Dommen var på fengsel i sju år, men sjukdommen gjorde soninga kort.
Han vart benåda, men han poengterer sjølv at han aldri søkte om dette: Jeg kan ikke be om benådning for noe jeg aldri har gjort. Hevdar bestemt at han ikkje var nokon forbrytar, at han ikkje gjorde noko straffbart: Det var for galt at vi måtte stå til rette for forsømmelsene til Nygaardsvold-regjeringen


Per Bradley 1





Per Bradley 2









Comments