Han begynte med metodestudier i vedlikehaldsavdelingane (MTM-systemet). Året etter kjøpte fabrikken det amerikanske UMS-systemet (Universal Maintenance System), som i hovudsak gjekk ut på å studere arbeidsoperasjonar, måle naudsynt tid og rekne ut grunnlag for arbeidsakkordar. UMS-organisasjonen vaks til 20, i tillegg valde fagforeininga eit tilsvarande tal UMS-tillitsmenn.
Men der var motstand mot systemet frå Arbeidarforeningen, og mange mellomleiarar meinte at det var tungvint og fordyrande.
I 1969 kom den fyrste administrative datamaskinen. Den vart brukt meir og meir, og frå 1972 tok for alvor nedbygginga av UMS-staben til.
Den fyrste datamaskinen i produksjonen - "Nikkeline" - vart starta to år tidlegare. Begge maskinane var tidlege i datahistoria, men der var lite eller ingen kontakt mellom miljøa eller kulturane rundt dei: "Nikkeline" var drift, IBM 360 var administrasjon. Begge stader fylgde store endringar i organisasering. For eksempel vart det tydeleg at skilet mellom månadsløn til funksjonærar og timeløn til arbeidarar var fordyrande på grunn av doble og tredoble kontrollrutinar som ikkje lenger var naudsynte. Skilet vart avskaffa for å rasjonalisere, men det tok tid - mellom anna av di Arbeidarforeininga var skeptisk.
Organisasjonsendringane har helde fram. Han spissformulerer at formenn ikkje lenger trengst, og at ingeniørar ikkje trengst trengst i produksjonen lenger - dyktige fagarbeidarar er nok, og høgare teknisk kompetanse bør øyremerkast forsking og utvikling. Teknologi, miljøfokus og kompetanseheving har vore drivarar i utviklinga, men tvers gjennom endringane har kjerna vore den same: Eit framifrå samarbeid om å produsere.
"Industridød" er eit like meiningslaust uttrykk som "det papirlause samfunn".
Direkte adresse til denne nettsida er www.memoar.no/nikkelverk/alsaker
Stikkord i opptaket: 1964 - Rasjonaliseringsingeniør Metodestudier (MTM) UMSmetoden 1965 Tidsstudier 1969 - motstand mot UMS Akkordarbeid UMS-akkordar UMS-observatørar UMS-tillitsvalgte Eksempel motoroverhaling "Gøys" på SO2-anlegget Kloralarm i Elektrolysen Slutten på UMS Motstand mot akkord Byråkrati Nedbygging av UMS-staben Datamaskinar IBM 360
| Programutvikling Programfeil "Hullkortavdelingen" RPG-programmet "Nikkeline" - 1967 Tidleg datahistorie To datakulturar Elektronikken - 1959 Militær teknologi Systemtenking Ny organisering Eksempel: Timeregistering Dobbeltkontroll To lønssystem Fast løn for alle Avviksrapportering Kulturendring Arbeidar - funksjonær Skepsis mot likt lønssystem
| Skepsis mot pensjon Avvikling av hierarki Datamaskinane Kreftsaken Prosessomlegginga "Vekk frå pyrometallurgien" Fordelane med KLprosessen Den nye organisasjonen Krisa i 1982 Tradisjonar i Personalavdelinga Nedbemanning Pyramidekutting Kompetanseheving Kutting frå toppen Formennene Ingeniørane Fagarbeidarane Samarbeidstradisjonane
|