Hilde Hannah Buvik

Publiseringsdato: 13.okt.2019 08:17:30

To tredels-samfunnet er på mange måtar ein suksess. Få land i verda har løfta så mange som Noreg. Men det gjer det ikkje lettare å tilhøyra den tredje tredelen. Kanhende tvert om: Dei vert usynlege, og det har grodd inn fordomar som gjer det endå verre å vera outsider. Det finst ikkje ein gong eit språk for det å falla utanfor i Noreg.

Dette er bakgrunnen for Hilde Hannah Buvik sitt store prosjekt – «å fortelja om det som også er sant.»

Ho er skodespelar, med utdanning og erfaringsbakgrunn frå britisk teater. På mange måtr var det enklare å leva i Storbritania, for der visste både høg og lag at klassar var ein del av det som er. Her heime kunne ho oppleve rettleiing om at ting ho hadde skrive om klassetilhøve måtte tonast ned, for no var ho jo ikkje lenger i England.

«Men det var ikkje klasselaust der eg vaks opp!» seier ho. Det var i Sarpsborg, «on the wrong side of the railroad track», i ein del av byen der det var konsentrerte folk med dårleg råd – dårleg betalte arbeidsfolk, sosialklientar og flyktningar. Der folk ikkje tek seg sjølve som noko sjølvsagt, der folk strir med sjølvbiletet og ikkje kjenner kodane som to tredeler av folket har lært seg.

«Det har grodd fram fordomar som seier at dei fattige må bli endå fattigare, slik at dei forstår at dei må slutta med det! Tenk det: Det er normale, intelligente menneskje med alle ting på stell som trur at det er slik!»

Då intervjuet vart gjort, var ho midt i arbeidet med prosjektet «Ryggsekken – du kan ikke følge meg hjem» der idéen var å synleggjera klassetilhøve i Noreg i 2018.

Samtidig arbeidde ho med eit anna «outsiderprosjekt» - innsamling, bearbeiding og formidling av livssituasjonen til menneskje med kronisk sjukdom. Deler av innsamlingsarbeidet var ei spørjeundersøking, kanalisert gjennom brukarorganisasjonar som Astma- allergiforeningen og liknande. Endå viktigare var intervjusamtalar med kronikarar – (etter ein metode som til forveksling liknar oral history). Dette materialet skal ho samanfatta til eit manus som så skal bli til eit «einmannsteater» om å leva som kronikar.

«Mange har ikkje blitt lytta til før,» fortel ho. Mange føler seg mindre verd, og blir hardt ramma av dei same fordomane som rammar dei fattige, for eksempel at uføretrygd er noko ein kan velgja eller velgja bort. Det betyr ikkje at jo arbeider med «begredelig stoff». Snarare tvert om – det er mykje latter i dei intervjua ho heldt på med. Og dei var lange – det lengste varte i ni timar.

Det skal bli ei soloforestilling. Med «teknisk tilbehør» - lyd, video og truleg installasjonar av noko slag. Gjennom intervju og spørjelister er jo dei som forestillinga skal handla om sjølve med på å utvikla innhaldet. Det kan vera ein viktig del av grunnlaget for ei interessant haldning som ho legg for dagen heilt i starten av intervjuer: «Eg likar å bidra til at folk blir meir av det dei alt er. Å arbeida med sitt eige eller å hjepa andre det er i prinsippet det same arbeidet. Det som er felles ved det er at begge deler fører til at ei stemme meir vert høyrt.....»

Opptaket vart gjort på Sentralen i Øvre Slottsgate i Oslo den 12. juni 2018. Intervjuar var Bjørn Enes. Han var også gjort dokumentasjonsarbeidet.

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.

Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar(h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/291542056#t=1h3m21s )

Utskriftsvenleg stikkordliste

Om Hilde Hannah Buvik

Hilde Hannah Buvik (født 1970) er en norsk scenekunstner som er utdannet og også arbeider i Storbritannia.

Medvirkende i

Tida tok meg i handa (20. apr 2017 - Holte Produksjoner) - Tekst

Anakonda (20. aug 2014 - Blendwerk) - Oversettelse, Produsent

Hamlet (10. mai 1995 - Small Man Teater) - Skuespiller

Den skallete sangerinne (8. feb 1995 - Small Man Teater) - Skuespiller

JernbanelinjenHilde Hannah Buvik

Et foredrag om å bo på den andre siden

Selv om de fleste tar fly, eller mange tar fly i hvert fall, og ikke så mange har en jernbanestasjon sånn like ved, er det likevel noen og kanskje fler som har et forhold til jernbanelinjer. Og spesielt til én jernbanelinje og hvor man bor i forhold til den. Jeg har i hvert fall det, uansett hva andre sier, ja, selv om de sier at sånt ikke betyr noe og det der skjønner de ikke noe av.

Idé, tekst og utøver: Hilde Hannah Buvik

Kunstnerisk veileder: Shanti Brahmachari