Ornilia Percia Ubisse

Publiseringsdato: 13.okt.2019 08:30:16

Ornilia Percia Fernando Ubisse (1990) kjem frå Mosambik, men er utdanna samtidsdansar ved Norges Dansehøgskole. Ho er medlem av Frikar og har også sin eigen koreografipraksis i dansekompaniet Kronos. Ho har vore med i prosjektet Tekstlab sidan 2016. I dette intervjuet fortel ho fyrst om oppveksten sin, i Maputo, Mosambique og i mormors landsby Magude, 150 km nord for hovudstaden. Der var ho ofte i oppveksten. Landsbyen var svært forskjellig frå byen – som om tida hadde stått stille der. Det har på mange måtar gitt henne ein personleg nærkontakt med større deler av historia enn den ho sjølv har levd.

Ho fortel mykje og svært engasjerande om mor si, som var den einaste av sju syskjen som reiste til Maputo og fekk utdanning. Men mor har hatt kulturen frå bygda med seg heile livet, og då ho fekk born, bar ho dei på ryggen medan ho dansa og song, slik dei gjorde i Magude, enten dei arbeidde eller var på fest. Ornilia trur sjølv at det må ha vore slik musikken og rytmikken vart kroppsleggjort i henne. Så sterkt at då ho som 11-åring fekk vite at det fanst ei danseutdanning i Maputo ville ho meir enn noko anna begynne der.

Mor og mormor støtta henne i det. Det gjorde ikkje far. Men han blei rett og slett lurt: I sju år fylgde jentungen den mest avanserte danseutdanninga i Mosambique. Kvar ettermiddag og kveld gjekk ho dit etter vanleg skule. Til far sa ho at ho dreiv med tennis. Når han var heime, venta mor med tennisklede utafor huset slik at ho kunne skifte før ho gjekk inn.

Ho fortel spennande om møtet mellom mosambiqu'isk og internasjonal kunsttradisjon under denne utdanninga. Ho hadde ein svært streng russisk lærar i klassisk ballett. Det gav henne ei teknisk sikkerheit og god meistring av det ho kallar det klassiske «dansevokabularet».

Då ho var 16 vart ho plukka ut til eit utvekslingsprogram som mellom anna resulterte i at ho fekk seg ein kjærast i Noreg. Det var vanskeleg og ikkje minst dyrt å ha eit slikt langdistanseforhold, så då ho var ferdig med utdanning og ein spennande jobb ho hadde i Maputo, sa ho ja til eit engasjement i Noreg. Og sia har ho blitt verande. Fyrst som lærar på Kulturskulen og Vågsbygd VGS i Kristiansand. Så vart ho tatt opp som student ved Norges Dansehøyskole.

Der vart ho medviten nokre grunnleggande ulikskapar mellom sitt eige og det gjengs norske dansevokabularet: «Når dei skulle dansa noko lett, retta dei rørslene oppover – medan eg heilt spontant sokk saman, som ved ei lette...».

Dette vart ei viktig oppdaging av «ei lita jente inni meg som er mi eiga kunstnariske stemme». Form og teknikk er «berre» form og teknikk – kunst er å bruka dei til å formidla det denne vesle jenta vil ha ut. Akkurat då intervjuet vart gjort, oppevde Ornilia ei slags krise i si utvikling der ho var blitt medviten om at vokabularet hennar mangla uttrykk som denne kunstnariske stemma hadde bruk for.

I siste del av intervjuet blir intervjuaren så engasjert at han gløymer rolla si. Samtalen blir meir enn diskusjon enn eit intervju, og hovudtema er Ornilia si mor og spørsmålet om ho er eit lukkeleg menneske.

Det kjem fram i samtalen at Ornilia aldri har vore hundre prosent ærleg i sine mange telefonar til mor i Maputo: Ho har fortalt masse om slikt som vil gjera mor glad, men lite om slikt som vil gjera mor fortvilt.

Mor – på si side – har nok alltid vore like uærleg. Det var ikkje mor, men mormor som fortalte kvifor mor har lange arr på ryggen.Ho vart piska av dei portugisiske herrane som ho var hustenar hos. Audmjukingane og alle vonbrota sette seg fast i kroppen hennar. Og sjølv om ho aldri sa eit ord om at dei var mindre verd enn dei kvite, så vart denne tause kunnskapen overført til dottera – den var deler av forklaringa både på respekten for den strenge, russiske balettlæraren – og for krisa då ho oppdaga ulikskapane mellom norsk og mosambiqu'isk dansevokabular.

«Men eg har aldri nokon gong sett mor gråte. Uansett kva som har skjedd, har ho rista det av seg og sett seg ut vegar til å gå vidare».

Opptaket vart gjort på Sentralen i Øvre Slottsgate i Oslo den 13. juni 2018. Intervjuar var Bjørn Enes.

Memoar beklagar manglande biletkvalitet i videoen.

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.

Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h) minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/292015622#t=1h4m45s)

Utskriftsvenleg stikkordsliste her