immaterielle-bydelar

Dette er eit av dei høgast prioriterte prosjekta til Memoar i Bergen hausten 2023. På medlemsmøtet 22. august kjem vi til å invitere nye frivillige til å engasjere seg i utvikling av dette arbeidet! 

Kommande arrangement: Det gambiske Bergen

Bergen: I tillegg til geografiske bydelar, har Bergen også ei rekke "immaterielle bydelar". Ein av dei er "Det gambiske Bergen". Heilt sidan 1960-talet har det vore nær kontakt mellom Bergen og det vesle vest-afrikanske landet som ligg langs Gambia-elva, som ein enklave inne i nabolandet Senegal. Gambiarar har flytta til Bergen og slått rot - bergensarar har flytta til Gambia for lenger eller kortare tid. Andre generasjons norsk-gambiarar er eit verdfullt tilskot til mangfaldet i det store Bergenske Vi. 

Mandag 18. semptember skal vi møte og høyre historier frå eit spennande knippe av personar i dette miljøet.

Arrangementsserien "Immaterielle bydelar" er eit samarbeid mellom Memoar og Bergen off. Bibliotek". Planen er eit arrangement kvar månad i Bærekraftlabben i underetasjen i hovudbiblioteket.

Prosjektet har nettsida: www.memoar.no/bergen/immaterielle-bydelar 

Kom gjerne med idéar til nye arrangement! Skriv til : immat-bydel@memoar.org 

Bakgrunn:

Gjennom prosjektet “Det store vi” har Memoar utvikla sitt samarbeidsnettverk med organisasjonar, enkeltpersoner og miljø innan ulike innvandrar- og minoritetsgrupper i Bergen. Vi har opplevd at uttrykket “immaterielle bydelar” fenger: Fleire diasporaer i Bergen kan identifisere seg med det - og det er dette som har gitt idéen til eit prosjekt med dette namnet. Det såg vi mellom anna i samband med arrangementsrekka “Det store vi” der Memoar og Det Vestnorske Teateret gjennomførte ein serie samtalearrangement om og med ulike minoritetsgrupper. (f.eks. “Det ukrainske Bergen”, “Det tamilske Bergen”, “Det skeive Bergen”  m.fl.) 

Veldig ofte får personar som blir intervjua eit “løft” av å fortelje si historie, og veldig ofte smittar dette over på nærståande, kollegaer og venekrins. I dei “immaterielle bydelane” er denne effekten ekstra tydeleg. Det gir folk eit positivt element å legge til sin eigen identitet - samtidig som svært mange i majoritetsbefolkinga reagerar positivt på denne nyanseringa av Bergens og bergensarane sin identitet. 


Målsetjing: 

Gjennom å synleggjere ulike diasporaer sine bidrag til byens kollektive identitet, ynskjer vi både å skape interesse for dei “immaterielle bydelane” i lokalsamfunnet, og skape entusiasme i diasporaane for å dele forteljingane sine.

Målgrupper:

Vi vil gjerne bygge vidare på det innleiande samarbeidet vi har hatt med den tamilske, den gambiske, den ukrainske og den somaliske diasporaen i Bergen. I løpet av 2023 og 2024 vil vi prioritere arbeidet med ein afrikansk, ein asiatisk, ein amerikansk og ein europeisk diaspora. I utgangspunktet tenkjer vi å føre samarbeidet med den gambiske diasporaen fram til arrangement, og deretter etablere og gjennomføre prosessen saman med den pakistanske, den chilenske og den polske diasporaen.


Geografisk område:

Rett nok finst det tendensar til at diasporaer lever samla - det er ikkje utan grunn at Fyllingsdaslen blir kalla “Chillingsdalen” i godt lag. Men for dei fleste diasporaane i Bergen så finst det ingen “ghetto”. Derfor må dette prosjektet vere byomfattande. Innføringa av omgrepet “immaterielle bydelar” understrekar også at dette i større grad handlar om den immaterielle kulturen enn den fysiske.

Gjennomføring:

Gjennom nevnte tidlegare erfaringar, har vi utvikla ein metodikk som kort kan oppsummerast slik:

      Innleiande intervju med ressurspersonar i miljøet/diasporaen.

      Lansering av idéen om eit arrangement i samarbeid med Det Vestnorske Teateret eller Bergen off. Bibliotek.

      Kursing av minnesamlarar i diasporaen i samarbeid med Mangfaldsredaksjonen.

      Rettleiing av minnesamlarar i intervjuarbeid og produksjon av stubbar til publisering.

      Profesjonelle intervju som førebuing av talkshow/forteljarpanel på arrangementet.

      Publisering av bakgrunnsstoff om den immaterielle bydelen, med stubbar, tekstar og vidare vising til arkiv av publiserte livshistorieforteljingar.

      Førebuing av arrangement (planlegging av talkshow/forteljarpanel, planlegging av øvrige kulturinnslag og/eller kunstnariske bidrag.

      Gjennomføring av arrangement.

      Oppfylgjing av minnesamlarane for å sikre vidare arbeid.

Prosjektet blir organisert gjennom Memoars lokallag i Bergen, med Sebastian Kvamsedal Kaasa eller Mariela Drejer Norheim som prosjektleiar, avhengig av  korleis den samla prosjektporteføljen ser ut når vi kjem fram til hausten.

Frå “Det tamilske Bergen” i Vestnorske Teater.

Tidsplan:

Denne metodikken ynskjer vi som sagt å bruke saman med organisasjonar og enkeltpersonar i fylgjande grupper i 2023 og 2024:

Vi vil gjennomføre minst eit kurs i samarbeid med Mangfaldsredaksjonen i sept - okt 2023.

Samarbeid:

Ein nær samarbeidspartnar i dette arbeidet vil bli Det Vestlandske Innvandrarrådet. Bergen Internasjonale Kultursenter vil også vere involvert gjennom Mangfaldsredaksjonen. Så har vi etablert eit godt samarbeid med ei kjerne av ressurspersonar i det gambiske miljøet og Den gambiske organisasjon Hordaland. Kontakten med det pakistanske miljøet i Bergen har vakse fram som ein “spin-off” frå det vellukka samarbeidet med Pakistansk Kulturforening i Skedsmo (prsojekt “Mat og meg” 2022), og vi reknar med å invitere Pakistansk Velforening også til formelt samarbeid. Også i den chilenske og polske diasporaen er kontakten etablert gjennom uformelle grupper - noko som etter vår erfaring er den beste starten.

Resultat:

Den tamilske ressurspersonen Dhayalan.Velauthapillai sa under arrangementet “Det tamilske Bergen” i det Vestnorske at: “Det viktigaste vi kan gi de unge, er å gjere dei stolte av bakgrunnen sin.”  Vi har tru på at dette er nøkkelen både til god integrering og til eit raust og nyanserikt g levande lokalsamfunn i Bergen. Og vi har sett at dette virkar.

Det er også eit spennande felt der kommunikasjonen mellom generasjonane innan diasporaen blir styrka, samtidig som at både vaksne, born og unge med innvandrerbakgrunn får styrka si kjensle at tilhøyr til lokalsamfunnet gjennom å bli lytta til. Eit veldig godt døme er her dansekunstnaren Nichola G. Stephen, også ho med tamilsk bakgrunn. Ho underviser i og opptrer med tamilsk dans, og er ein etterspurd kunstnar, også i miljø som “berre” oppfattar henne som ein dyktig bergensar. Noko som igjen gjer dei som delar hennar bakgrunn stolte. Slik vert det etablert stadig nye møteplassar og samarbeid mellom ulike grupper i lokalsamfunnet.