Grunnkurs

introduksjon til munnleg historie 

Memoar samarbeider med historielag, anna frivillig kulturvern, ABM-institusjonar og andre verksemder om grunnkurs i munnleg historie og minnesamling.  Malen er halvannan dag med kurs pluss eit oppfylgjingswebinar nokre veker etter det fyrste kurset. 

Dag 1 inneheld også eit intervjuopptak der kursdeltakarane også er velkomne til å delta som intervjuar, medintervjuar eller observatør. Dette intervjuopptaket blir brukt som eksempel i resten av kurset.  

Medarrangør må ta ansvar for rekruttering av deltakarar, bestilling av kurslokale og lunsj på dag 1 og dag 2. Memoar kan ta ansvar for alt kursinnhald og alt audiovisuelt utstyr som trengs for gjennomføring av intervjuopptak og kurs. Eventuelt kan vi legge til ein tredje dag med intervjuopptak der Memoar er til stade som assistent / instruktør / rådgjevar eller for å gjennomføre fleire intervju. 

Interesserte organisasjonar og verksemder kan ta kontakt med Memoar på  post@memoar.no for å diskutere konkret kursplan og økonomi. 

Dag 1 

Vi byrjar kl. 12:00 med ein kort brief for dei som skal vere med på intervjuopptak. 

Kl. 13 tek vi til å arbeide praktisk med intervju. Vi likar å gjere reelle intervju som skal bevarast og eventuelt publiserast. Dei av kursdeltakarane som vil starta med intervju er særleg velkomne til å delta som intervjuar, medintervjuar eller observatør.

ut over ettermiddagen kan vi gjennomføre fleire intervju dersom det er ønskje om det. 

Dag 2

Vi startar klokka 09:00 og held på til ca 15:30. Dette er teori-dagen: Fyrst tar vi oss god tid til ein presentasjonsrunde, og brukar både den og erfaringane frå dag 1 som "case" for å gå diskutere verdien av munnleg historie og konkrete tema som etikk, avtalar, førebuingar, intervjuteknikk, litt kamera/lyd/lys-teknikk, mellomlagring, dokumentasjon, arkivering/avlevering  og formidling.

Vi brukar presentasjonen under som læremiddel. 

webinar 

Sidan hausten -21 har vi ofte gjennomført dag 3 som webinar, ca. to veker etter dag 1+2.  

Vi brukar det til å utveksle erfaringar som er gjort i mellomtida, og diskuterar vidare framdrift. Deretter arbeider vi praktisk med etterarbeid: Dokumentasjon, etikk (presseetikk, museumsetikk), litt redigering, arkivering/avlevering til Minner.no, og formidling.

Mal for kurspresentasjon:

Memoarmetoden 222

Økonomi: 

Hausten 2023 er prisen for introduksjonskurset er i utgangspunktet kr. 6.300,- pr. dag for ein kursleiar med utstyr. Så kjem reise- og opphaldskostnader, lokalleige og lunsjar til deltakarane i tillegg. Desse kostnadane kan fordelast på opp til 20 deltakarar. Vi syr saman budsjett og arbeidsplan som sreddarsaum for kvart kurs. 0

Bjørn Enes 

Bjørn er veteran i arbeidet med munnleg historie. Bakgrunnen hans er eit halvt arbeidsliv i industrien, og resten i media, som avis-, fjernsyns- og frilansjournalist. Han har arbeid i hovudsak med munnleg historie sidan 2003, fyrst i krigshistoriske prosjekt, seinare i prosjekt om erfaringsdeling innan somatisk og psykisk helse. Han har vore med i Memoar sidan starten i 2015, og har  erfaring med grunnkurs over heilelandet. 

cathrine Hasselberg

Cathrine har Mastergrad i radiojournalistikk og munnleg historie (oral history). Ho har utdanning frå Storbritania, USA og India, og har arbeidd som gjesteforskar ved Scottish Oral History Center. Ho utvikla prosjektet Historiebanken før ho begynte som prosjektleiar og kursleiar i Memoar 2020. Ho er i dag hovudansvarleg for det store prosjektet OSLOVE, samtidig som ho arbeider med ei lærebok om munnleg historie.

Vi lærer opp nye kursleiarar!

Tidleg i 2024 startar vi eit profesjonaliseringskurs  for å utvikle fleire kursleiarar og profesjonelle minnesamlarar i Noreg. Medlemmer av Memoar er velkomne til å søke på dette kurset. Les meir på adressa https://profesjonell.memoar.no