Solund

Namneinnsamling i solund

Memoar samlar i 2022 og 2023 stadnamn i Utvær og Indreværi Solund, på oppdrag frå Språkrådet.

2022: Øyriket ytst i Solund kommune har mange namn som ikkje står på kartet. Språkrådet har no gitt støtte til eit innsamlingsprosjekt i Utvær og Indrevær i Sogn og Fjordane. Namna blir publisert hos Språkrådet, med deira registreringsverktøy. Den munnlege historia blir publisert som lenkar på kart.

Døme på namn som ikkje er samla ut i Utvær: Kleiva, Grimstadhola, Skuta, Klungeren, Emeliaflea, Ytre kjølungeneset, Buaneset, Kuneset, Neset, Stellet (uttalast Stelje), Børa, Børahågen, Kirka, Atlanteren, Sandøytjønna, Kletten, Klanten, Florstjønna, Norde Torvhågen, Hansardiket, Storemyra, Indre Panngytthågen, Torvhågneset, Torvhåghellaren, Krabbetjønna, Mannhellertjønna, Kobbetjønna, Edeltjønna, Steintjønna, Straumskjeret, Små likberget, Kyrkjeneshola, Gulholmen, Kyrkjehågen, Elva, Søteholet, Norde urane, Beglerevsgytten, Kalveskjersundet, Begleloftet, Krokane, Sandgåta og Myrane.


Døme på namn som ikkje har vore samla inn frå Indreværingane sitt område er: Rakeldalen, Tarekaia, Tomastaren, Rareskjeret, Seglskjera, Leiaskjera, Kristofferskjeret, Nordrebåen, Sørebåen, Tverrflua, Lyngholmsflua, Togelinakken. Sandskjerosen, Torsteinskjerbåen, Klausbåen, Torsketaren og Smietaren.

Namn i Eit Øyrike

Innsamlinga følgjer dei naturlege avgrensingane til naturreservatene Indrevær og Utvær. geografisk er dei delt inn i to ulike områder. Les meir om stadene i skildringa under, livlege fiskevær.

Innsamling

Metodikken er feltopptak saman med lokalkjende forteljarar. Kommunen har tidlegare gjort mykje god innsamling av namn. Med metodikk frå munnleg historie, kan namn og forteljingar frå enda fleire plasser bli bevart for framtida.

Prosjektleiar

Siri Linn Brandsøy er prosjektleiar for innsamlinga av stadsnamn. Ho vil bygge opp grupper av frivillige. Prosjektleiar tek gjerne mot tips på epost.

livlege fiskevær

FJELLFORMASJONANE: For å kunne setje ei krysspeiling, og lage seg eit fiskemed, var det også viktig å kunne namna på fjellformasjonane lengre inne. Slik kunnskap vart lært vidare til neste generasjon, og ofte holdt hemmelig innad i familien. Det kunne bety dårleg fiskelykke å dele slik kunnskap vidare.

INDERVÆR NATURRESERVAT: Det første innsamlingsprosjektet vil i hovudsak gå føre seg innanfor området som i dag er definert som Indrevær Naturreservat. Øyene Indrevær, Husøy og Nautøy, som ligg vest for Straumsfjorden i Solund, var ein gong livlege fiskevær med eit rikt hummar- og sildefiske. På Husøy var det handelsstand med fiskemottak og butikk, og store seglskuter kom seilande frå England for å hente hummar. Det var ikkje uvanleg at folk søkte seg ut til desse øyane for å skaffe seg eit levebrød som fiskar.


KVAR SIN ØY: For ordens skuld hadde kvar øy sine område som dei kunne fiske i. Indreværingane fiska nord for Indrevær og vestover mot Indreværs fiskeholmen, medan Nautøyingane fiska sør og vest for si øy. Likeins hadde også dei på Husøy eit avgrensa område til sitt bruk.

Dette gjorde til at dei alle hadde ein spesiell geografisk kunnskap og tilknytning til sine område, men gjerne ikkje til naboen sitt fiskefelt. Namna hadde dei på det som var både over og under sjøskorpa, og dei var viktige landemerke for å kunne orientere seg i landskapet.


GLØYMEBOKA: I dag er det ikkje mange etterkommarar etter dei som livnærte seg på desse øyene som kan desse namna. Både fiskemed og stadnamn har hos dei fleste gått i gløymeboka. Dei gamle fiskarbustadane har blitt til feriehus, og området er i dag eit naturreservat for sjøfugl med veldig lite sjøfugl att. Bruken av landskapet har endra seg, og dermed også folk sin lokalkunnskap og kjennskap til dei lokale stadnamna som gøymer seg både på land og i farvatna rundt.


KULTURARV: Desse stadnamna er ein viktig del av vårt språk og kulturarv som vi ynskjer å bevare for framtida, og for framtidige generasjonar. Vi er ikkje aleine om dette viktige arbeidet, og er i dialog med Solund kommune og Vestland Fylkeskommune for å få samla alle stadnamna som er henta inn til no, og kartlegge kva namn som manglar. Eit komparativt overblikk har gjort oss merksam på at her er framleis er mange namn som informantane våre hugsar som ikkje er med i det registeret som er nemnt i utlysningsteksten, og heller ikkje i Fylkesarkivet si samling.


LOKALE VARIANTER: I samtale med ein av informantane våre Steinar Hjønnevågen, den siste postmannen som gjekk med posten her ute, har vi blitt gjort merksame på at her også finst lokale variasjoner som ikkje har blitt fanga opp i tidlegare innsamlingar, og dette er eit interessant trekk ved stadnamn som vi ynskjer å få med. Steinar kunne fortelje at Hjønnevågerane fiska i område nord for Indrevær saman med Indreværingange, og det hende seg det at dei hadde ulike namn på holmar og skjer. Det gjeld mellom anna skjeret som Hjønnevågerene kalla for Rareskjeret. Dette namnet er ikkje med i tidlegare samlingar, men registrert som Femkonteflæda ettersom informanten var frå Indrevær. Yngre generasjonar (født etter 1938) kallar den samme staden for Femkonteskjeret, så her har det også skjedd eit generasjonsskifte i namngivinga. Steinar kunne også informere om at her er stadnamn som er plassert feil i karta, og det er også noko som vi vil kunne rette opp i gjennom denne innsamlinga.


STIKKPRØVE: Ei lita stikkprøve frå fiskefeltet nord for Indrevær viser at her er 18 namn som ikkje er med i registert som de ynskjer at vi skal bruke. Vi har grunn til å tru at her er mange fleire ettersom dette er eit kjapt overblikk gjort frå land. Paddemarka nord for Indrevær inneheld utallige formasjonar av nakkar, skallar og tarar som alle hadde namn og var viktige geografiske referansepunkt for både navigering og fiske. Dette er kun eit døme frå eit lite område innanfor Indrevær naturreservat, og det er truleg at her også er mange fleire namn å samle inn både på land og i farvatna rundt dei andre hovedøyene Husøy og Nautøy.