Svein Karlsen

Svein Karlsen er nevø av folkemusikaren og komponisten Hilmar Aleksandersen frå Steinkjer. I dette intervjuet fortel han både om sine eigne minner om gammelonkelen, og om meir generell biografisk historie om han. Han fortel at Hilmar var av reisande folk. Far hans var hestehandlar frå Østerdalen. Han hadde så godt ord på seg, at Arnardo brukte å kome innom når sirkuset for framom, for å få hestane sett over. Hilmar var yngst av åtte syskjen, og Svein Karlsen karakteriserar han som bortskjemt. Rett som det var fekk han vere med faren ut å handle hest, og Svein meiner at det gode laget med å omgås folk blant anna har å gjere med dei erfaringane. Han meiner og far til Hilmar kan ha mykje av æra for at guten vart musikar: Sjølv om han ikkje spelte noko sjølv, var han ein framifrå trallar som kunne hugse slåttar og viser han hadde møtt langs vegen, slik at sønene hans kunne ta dei opp att og spele dei.

Tre av fire brør spelte fele. Hilmar var med frå han var barn - dei fyrste kronene tente han alt då han var seks år gamal. Då han var tjue møtte han Sigbjørn Bernhoft Osa. Det venskapet varte livet ut. og Svein minnes godt både då Sigbjørn var på besøk hos Hilmar, og då han fekk mere med til voss for å besøke Sigbjørn.

Då kona Alfhild døydde i 1959, gjekk det fleire år utan at Hilmar fekk lyd i fela. Samarbeidet med NRK og Folkemusikktimen var viktig for vegen hans tilbake. Hilmar fekk i oppdrag å reise rundt med bandopptakar for å intervjue spelemenn og gjere opptak av musikken deira. Dette fekk Svein sjølv vere med på nokre gonger. Han fortel at han fekk halde mikrofonen under opptaka - den kunne ikkje ligge på bordet når spelemann og tilhøyrarar trampa takten.

Svein Karlsen gjer Svein Nyhus sine ord til sine eigne: Hilmar sin musikk var ein mellomting mellom dur og moll som bygde på gamal tonasjon: Særleg var det løyndomen bak dei meir vare musikkformane - f.eks. gamle bånsullar. Dåmen i dei kunne ikkje koma fram saman med tempererte insturment som piano eller gitar. Heller ikkje med mikrofon på fela.

Svein karlsen fortel levande om eigne minner frå "den nye våren" som Hilmar oppolevde etter at han var fylt 70. Den mest kjende delen av karriera hans var faktisk då.

Opptaket med Svein Karlsen blei gjort på Egge Museum 25. september 2020. Intervjuar var Beate Heide. Svein gav sitt samtykke til publisering av opptak og logg den 8/11 2020.