av Jostein Saakvitne
I eit stort dokumentasjonsprosjekt videointervjua vi på 90-talet tidlegare frontkjemparar som fortel om sine grunnar til at dei gjorde som dei gjorde, og kva dei opplevde både ved fronten og etter krigen. Med utgangspunkt i desse intervjua set vi desse forteljingane inn i ein historisk samanheng og åpnar opp for eit ordskifte om korleis ein kan sjå på landssvik og idealisme i eit historisk perspektiv.
Kven var dei og kvifor meldte dei seg til frontteneste
Grunnane var mange. Det var eit sosialt press i NS-miljø om å melde seg til teneste, «skal du til fronten» var eit vanleg spørsmål. Kamp mot bolsjevismen var viktig, og ein skal ikkje sjå bort frå at eventyrlyst også spela med.
Mange hadde rekna med ein kort og ærefull frontinnsats. Det var få av dei norske ungdomane som kunne sjå føre seg det krigshelvetet som låg føre dei. Utdanninga i Tyskland var eit sjokk, med nedverdigande tyske utdannarar. Men endå verre var det ved fronten,i kamp med kulde og matmangel, ein fiende som etter kvart blei sterkt overlegen, redsel for å bli teken til fange og torturert på det mest grusame, kameratar som vart skotne til filler, og ein evig retrett attende og attende.
Kva var det som gjorde at dei heldt ut?
Rettsoppgjer og ettertid
Derimot var det stor skilnad i straffene mellom dei som fekk sakene sine opp til doms like etter krigen, og dei som måtte vente ei tid. Etter kvart som krigen kom på avstand, vart domane mildare.
Nokre kom seg aldri på fote att, men med dei fleste gjekk det bra. Etter å ha sona domen kom dei inn i samfunnet att i vanlege stillingar og kunne leggje krigstida bak seg. Nokre var åpne om fortida si, men for mange gjaldt det å skjule kva dei hadde vore med på, spesielt for jobb og familie. Fordøminga var i mange år stor på alt som hadde med landssvik å gjere, og framleis mange år etterpå var det barn og barnebarn som fekk seg ein stor støkk når det kom fram kva far eller bestefar hadde vore med på.
Landssvikarar?
Frontkjemparane sjølve såg det ikkje slik. Dei meinte at dei hadde kjempa for Norges sak, mot den ytre fienden Sovjet, for å hindre at bolsjevikene skulle invadere landet vårt. Dei hadde ikkje kjempa for Hitler sa dei, men på same måten som finnane gått saman med Tyskland for å kjempe mot ein felles fiende.
Frontkjemparane vann ikkje fram med sitt syn, og framleis står dommen over dei som landssvikarar, noko dei sjølve har vore svært bitre over.
Og kva med dagens nordmenn som dreg til slagmarkene i Midtausten?
Frontsøstrene
NS barna
Intervju Arnfinn Wik