Kurset - oktober 2020:

Kurs og praktisk trening med innsamling, dokumentasjon, arkivering/avlevering og formidling av munnleg historie.

Stad: Minne Kultursenter, Åseral. Dato: mandag 12, tirsdag 13 og onsdag 14. mars 2020. Arrangørar er Memoar, Åseral Kommune, Minne Kultursenter, Åseral Sogelag og Agder Historielag.

    • Mandag 12/10-2020: Intervjuopptak, med høve for kursdeltakarane til å vera med som observatørar eller medintervjuarar. Særleg oppmoding om at kursdeltakarar som har planar om å utvikla seg som intervjuar blir med. Minimum eit intervju, maksimum 9 intervju. (Fleksibiliteten er slik: Frå Memoar har vi med utstyr til tre parallelle opptak. Erfaringsmessig tar kvart intervju mellom 60 og 120 minutt, pluss litt førehands- og etterprat. Vi i Memoar har gode erfaringar med at ein av oss gjer eit intervjuopptak med kursdeltakarane som observatørar. Deretter gjer kursdeltakarar intervjuopptak med oss som assistentar. Slik kan vi gjera opp til sju intervjuopptak innanfor ein vanleg arbeidsdag. (Vi tar gjerne ei kveldsøkt i tillegg)

    • Tirsdag 13/10-2020: Kurs - heile dagen. Vi brukar eit av intervjua frå dag 1 som eksempel på å gå gjennom etikk, avtalestruktur, intervjuteknikk, verdien av munnlege kjelder, infrastruktur for arbeidsdeling, etterarbeid (logging, tekstsamandrag, emneordslister), arkivering, avlevering, deling og eventuell publisering, munnleg historie som råstoff - produksjon av utdrag til utstillingar etc. Kurset vil gi eit oversyn over fagfelt og arbeidsprosess. For deltakarane vil det gi godt grunnlag for eige arbeid med logging, tekstsamandrag og bruk av munnlege kjelder - det som oftast er flaskehalsen for eit museum eller eit historielag som samlar munnleg kjeldemateriale.

    • Onsdag 14/10-2020: Praktisk arbeid med etterarbeid på opptaka frå dag 1, eventuelt nye intervjuopptak. For Memoar vil det også vera eit mål å avtala vidare samarbeid.

Detaljert program:

Mandag 12/10 2020: Intervjuopptak, med høve for kursdeltakarane til å vera med som observatørar eller medintervjuarar:

    • Kl. 10:00 - 12:30: Intervjuopptak (Detaljar om kven som skal intervuast kjem seinare). (Tema/emneknaggar: Lokalhistorie - Gardslivet, om livet på garden i gamle dagar og fram til i dag - Kraftutbygging og anleggsdrift.).

    • Kl. 12:30 - 13:00: Fellessamling - kort erfaringsutveksling om intervjuopptaka

    • Kl. 13:00 - 13:30: Lunsj

    • Kl. 13:30 - 15:30: Etterarbeid med intervjuopptak eller nytt/nye opptak.

    • Kl. 15:30 - 16:00: Fellessamling. Avslutting av intervjusekvensar og "etterprat"

    • Ca. 16:00: Slutt for dagen

Særleg oppmoding om at kursdeltakarar som har planar om å utvikla seg som intervjuar blir med på dag 1.

Tirsdag 13/10 2020: Kurs - heile dagen:

    • 09:00 - 10:30: Om intervjuet og intervjusituasjonen. Etikk og opphavsrett - avtale om bruk. Spørjelister og/eller fri forteljing. Særtrekk ved munnlege kjelder og munnleg kulturarv. "Magien" i den gode samtalen.

    • 10:45 . 11:30: Teknikk/infrastruktur og arbeidsprosess: Oversyn og demonstrasjon av utstyr og digitale hjelpemidler.

    • 11:30 - 12:00: Lunsj

    • 12:00 - 13:30: Om etterarbeid og formidling: Feltdagbok. Dokumentasjon av innhald i redigert fyrsteversjon (logg og samandrag). Emneordlister. Presseetikk. Markering av "gullkorn" til bruk i forteljingar og stubbar. Publiseringsavtale. Opplasting til Minner.no

    • 13:45 - 14:30 Formidling: QRkoding, YouTube, digitale applikasjonar - bloggar, presentasjonar og nettsider. Forteljarpanel. "Vidareforedling".

    • 14:30 - 15:30: Munnleg kulturarv i Åseral og øvrige Agder: Idear til vidare arbeid.

Onsdag 14/10-2020: Praktisk arbeid med etterarbeid på opptaka frå dag 1, eventuelt nye intervjuopptak.

Detaljane i opplegg for dag 3 blir avtalt i oppsummeringsdelen av dag 2. I utgangspunktet er forslaget slik:

    • 09:00 - 11:00: Dokumentasjon. Praktisk trening med logg og tekstsamandrag av intervjuopptak frå dag 1 (gruppevis arbeid)

    • 11:00 - 11:30: Kort plenumssamling med erfaringsutveksling.

    • 11:30 - 12:00: Lunsj.

    • 13:00 - 15:00: Avlevering og formidling. Opplasting til Minner.no. Klipp av utdrag (stubbar). Utdrag i PowerPoint-presentasjon. Blogginnlegg med videostubb. QR-kode i utstilling eller på interessepunkt. mm.

    • 15:00 - 15:30: Avslutting - idear til vidare arbeid - kursevaluering.

Praktisk:

Påmelding:

Gå til påmeldingsskjema her - finn rett kurs om fyll ut :-)

Kursstad:

Minne kultursenter i Åseral

Kart: https://goo.gl/maps/qX1JtCktsKzSzHoCA

Overnatting:

Vi har fått tilbod frå

Fjellstova AS som ligg ca 21 km frå Minne Kultursenter, sjå kart: https://g.page/Fjellstova?share

og

Tilbod frå Eikerapen Gjestegard som ligg ca 13 km frå Minne Kultursenter - sjå kart: https://goo.gl/maps/eDp5TXKgXyvF6uQq8

Du ser innhaldet i tilboda på påmeldingssida.