Ålen
Ålen historielag
Introduksjonskurs 25. November 2022
Program 25/11 (trykk for å lese meir)
Fredag 25/11 - 2022
10:00
Om memoar
Presentasjonsrunde: Kva er munnleg historie?
Intervjuet: Relasjonen - Magien - Skattkista
litt kamera/lyd/lys-teknikk,
Primærkilder, livshistorier
Etikk og informert samtykker
Rekruttering av fortellere
13:00 Pause med lunsj
14:00 -17:00
Etterarbeidet
etikk, avtalar, førebuingar,
mellomlagring, dokumentasjon,
arkivering/avlevering og formidling.
Planlegging av kursdag to som webinar
Forbrede prosjekt
TEMA FOR MØTER I HISTORIELAGET FØR WEBINARET MED MEMOAR:
Namneliste: Kven bør intervjuast
Emneordliste: Kva trur me og håpar me dei vil fortelja om?
Intervjuplan for prosjektet
Gjennomføre tre intervju
Webinar
Vi avslutter kurset med eit webinar.
Her utveksler vi erfaringar, og diskuterar vidare framdrift og praktisk etterarbeid:
Dokumentasjon
Litt redigering, arkivering/avlevering og publisering.
SAMTYKKE
Alle intervju må ha skriftlig samtykke. Mer om avtaler: memoar.no/avtaler. Det er lettvint å scanne avtalene med telefonen.
presentasjonen på introkurset:
Klikk på firkanten med pil øverst i høyre hjørnet på dokumentet for å laste ned last ned.
Inger Chr. Årstad
Inger Christine Årstad er dagleg leiar i Memoar. Ho har vore tilknytta som deltidstilsett og frilansar sidan hausten 2019. Fram til nyttår var ho leiar for arkiv, foto og formidling ved Mjøsmuseet. Ho er utdanna filmskapar og kulturhistorikar, og har også gjennom mange år hatt sitt eige produksjons-selskap for dokumentarfilm og munnleg historie. Inger Christine Årstad, ic@memoar.no, 92256277
KURSTILBOD 2019-2022: I prosjektet "Munnleg historie for alle" kan Memoar, Norsk Folkeminnesamling og Norsk etnologisk gransking tilby historielag, musé og andre kurs om innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av munnleg historie.
PRAKTISK: Samarbeidspartnarane må ordne og betale mat og overnatting, kurslokale, lokale til intervjuopptak og invitasjonar til kursdeltakarar og intervjuobjekt. Det er også viktig at samarbeidspartnarane gjer avtale med minst ein person som kan bli intervjua sjølve kursdagen. Kursdeltakarane kan delta - som intervjuar, medintervjuar eller observatør - så sant dei som skal bli intervjua samtykker til det.
ØKONOMI: Memoar dekker våre eigne kostnader til kursleiarar, reise og utstyr, takka vere Sparebankstiftelsen DNB og prosjektet "Munnleg historie for alle" + studiestøtte frå studieforbundet kultur og tradisjon.
TEKNISK: For å ta del i webinaret på dag 3, må du ha tilgang til ein PC (eller Mac eller Chromebook eller nettbrett eller telefon med internett). Maskinen din må ha kamera og mikrofon. Ein ekstern mikrofon/øyretelefon gir ofte betre kvalitet på lyd inn og ut.
INTERESSE: Du må ha interesse for å lytta til andre folk sine forteljingar om levd liv og erfaring. Ut over det er det ingen førehandskrav.