Hovudprosjekt i utvandraråret:
Redigering av munnleg historie er egentlig ei sjølvmotseiing: Verdien av munnleg historie ligg jo i det autentiske, det munnlege, slik det faktisk blei sagt.
Derfor er redigering av munnleg historie veldig forskjellig frå redigering av ein vanleg film eller TVprogram. I journalistikken er det eit poeng å fortelje godt, pedagogisk, fokusert og poengtert.
Ingen journalist ville kome på tanken å redigere råstoffet sitt, FØR ho startar arbeidet med filmen eller TVprogrammet. Munnleg historie handlar om å samle råstoff til andre som kan bruke det til å sjå/høyre mest mogleg autentisk korleis konkrete personar hugsar og korleis dei fortel.
I privat sfære har familiehistoria særleg verdi - ein verdi som aukar dess eldre opptaket er. Og ein dag er forteljaren sjølv borte.
Livshistorier frå bygda eller bydelen eller arbeidsplassen inneheld store mengder informasjon og refleksjon av almenn interesse!
Historikarar, språkforskarar, samfunnsforskarar av alle slag - for ikkje å snakke om forfattarar og filmskaparar...
slik er den gyldne regel for redigering av munnleg historie. Vi startar ofte kamera før det faktiske intervjet startar - og når intervjuet er slutt, ventar vi som regel litt før vi slår av. Å fjerne slikt "grums" er fyrste jobb. Å legge på start- og sluttplakat er andre jobb:
Startplakat: Bilde + Prosjekt + Namn + Opptaksdato + Opptakstad + namn intervjuar.
Sluttplakat: Same informasjon - utan bilde + motto "Alle har ei forteljing å dele" + nettadresse Memoar.no
Hugs etikken: Viss noko i intervjuopptaket er blitt slik at det strir mot god presseskikk å publisere det, så skal vi ta det bort. I slike vurderingar fylgjer vi "Vær varsam-plakaten"
Ved tvil - kontakt dagleg leiar og/eller styreleiar av Memoar. Avgjerd er deira ansvar.
Memoar sitt prinsipp er at den som blitt intervjua er eigaren av intervjuet. Ho/han bestemmer om opptaket kan delast.
Det er redaktøren og den ho/han gir retten til å optre på redaktøren sine vegner, som bestemmer endeleg om publisering.
er i dag enklare enn det var: Mange har godt handlag, og mange har også eiga programvare.
Memoar har i rekke lisensar i verktøyet WeVideo. vi kan låne ut lisensar til historielag etc som ikkje har. Ta kontakt!