Hovudprosjekt i utvandraråret:
Verdien av munnleg historie aukar dess eldre intervjuseriane er. Derfor har langtidsarkivering vore eit hovudmål sidan Memoar starta sitt arbeid. Mange andre land har gitt oppdraget om langtidsarkivering av munnleg historie til det som tilsvarar Nasjonalbiblioteket i hos oss:
Noreg har inga systematisk sikring av munnleg kulturarv.
Nasjonalbiblioteket har ansvar for langtidslagring av alt som er publisert - deriblant radio- og TVprogram med munnleg materiale. Men uredigerte opptak blir rekna som råstoff og blir ikkje bevart.
Verken fylkes- eller kommunale arkiv, Digitalarkivet eller andre offentleg finansierte arkiv har i oppdrag å langtidsarkivere munnleg historie / munnleg kulturarv.
Derfor har Memoar heilt sidan start i 2015 arbeidd for et kulturpolitisk vedtak om at munnleg historie er bevaringsverdig kulturarv, og for at minst ein offentleg finansiert arkivinstitusjon skal få i oppdrag å bygge eit norsk munnleg historie arkiv.
Memoar har bygd eit mellombels arkiv i Dropbox, ei såkalla skyteneste som blir rekna som ein ganske sikker arkiveringsmetode så lenge som dei årlege leigekostnadane blir betalte.
Arkivet er ordna prosjektvis. kvar prosjektmappe inneheld ei mappe med prosjekdokumentasjon (prosjektskildring, evt. tilsagn om støtte og sluttrapport) og ei personmappe for kvar person som er intervjua i løpet av prosjektet.
Kvar personmappe inneheld ein publiseringsklar video- eller lydfil, ein signert samtykkedokument, ein innhaldslogg og eit tekstsamandrag og ei undermappe med opptaksfilar.
Våren 2025 gjekk Vestland Fylkesarkiv og Memoar saman om ein søknad til Kulturfondet om eit prosjekt for å avlevere samlinga Migrasjonsminne.
Begge partar har som ambisjon at dette blir fyrste skritt på vegen til at arkivet både tar imot og gjer tilgjengeleg alt som Memoar har samla inn til nå, og alt som blir samla inn i framtida.
Dermed vil problemet med forsvarleg langtidsarkivering vere løyst, i alle fall så langt det gjeld Memoar.
Prosjektskildringa for dette samasrbeidet er vedlagt under. Det same er ei skildring av Memoar sin infrastruktur sidan 2019