Flora

Prosjektet munnlege Floraminne (Flora.memoar.no) starta 9. og 10. november 2018, under eit kurs som Flora Historielag arrangerte i samarbeid med Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Kurset var ein del av serien Krafttak for munnleg historie, og vart leia av Memoar og Norsk etnologisk gransking.

Det fyrste som kjem til å henda på denne nettsida, er at dei intervjua som vart gjort under krafttaket, vil bli dokumenterte og - vonaleg - publiserte på denne sida. Me ynskjer at både profesjonelle og frivillige aktørar skal samarbeida om intervjuopptak, etterarbeid (dokumentasjon og redigering), arkivering og ulike former for formidling.

På undersida Dugnad finst informasjon om korleis ein kan bli med i arbeidet.

Flora Historielag og Memoar vil forsøka å få dette inn i ei prosjektform som også kan utløysa litt midler til å få gjort eit godt og varig arbeid. I oppbyggingsfasen vil denne nettsida fungera som ein open prosjektweb, og alle som ynskjer å "kika oss i korta" er velkomne til det - og endå meir velkomne til å bli med i arbeidet!