Dokumentason

Logging:


Logging er den mest tidkrevjande delen av arbeidsprosessen i minnesamling med video. Mange vil også seie at det er den viktigaste.

Gjennom prosjektet "Munnleg historie for alle" forsøker Memoar nå å bygga opp eit "loggarlag" - eit nettverk av frivillige som kan tenkja seg å vera med å dokumentera munnleg historie gjennom logging. For å bli "autorisert" som loggar, må du helst gå gjennom eit kurs, i det minste dette kortkurset på nett. I tillegg må du signera ei taushetserklæring (skriv ut, signér)


Historielag, musé og andre kan også leige profesjonell loggehjelp. Les meir om leigelogging her


Loggen skal gi brukarar (i framtida og i dag) eit oversyn over kva intervjuet handlar om, og kor dei kan finna det dei har lyst til å sjå. Her har Bjørn Enes forsøkt å forklara:


Datakunnskap?

Du treng nesten ingen datakunnskap for å kunne hjelpa til med logging.

  • Du må kunne ta imot ein epost med adressa til videoen du skal logga. Den kan sjå slik ut: https://vimeo.com/328354296'

  • Du må kunne dobbeltklikka på adressa, slik at nettsida med videoen opnar seg.

  • Så må du kunne skriva inn passord.

  • Du startar og stoppar videoen med den breie orddelingstasten nederst på tastaturet ditt.

    • Eit trykk = start. Og når videoen går, stoppar du han med ett nytt trykk på mellomromstasten.


Meir datakunnskap treng du ikkje!


"Perler på ei snor:

Eit munnleg historie-intervju er som ei lang snor, tettpakka med perler. Kvar perle er ei delforteljing.

Det viktigaste du må kunne er å lytta.

Det viktigaste du må trena opp, er å evnene til å bestemma kor kvar perle startar.

Tidskoder:

Slike "koder" er ikkje meir komplisert enn informasjon om kor mange timar, minutt og sekund som har gått sidan start.

01:23:12:00 betyr ein time, 23 minutt, 12 sekund og 0 hundredels sekund.

(Hundredelane treng me ikkje bry oss om når me loggar. Det er greit å vite at nokre dataprogram har dei med (WeVideo, Excel), andre ikkje (Vimeo, Google rekneark)).

Du finn tidskodane nede til venstre i videobildet når videoen går. Du må kanskje føra musepeikaren over der for å få dei fram.

Stikkord:

Formålet med stikkorda er å gjera videoen søkbar. Brukarar - no og i framtida - som søker etter noko som finst i dette opptaket, skal fyrst finna nettsida der loggen står. Når dei ser loggen, skal dei raskt kunne få eit overblikk over kva det inneheld. Vil dei så sjå nærare på det, skal dei like raskt kunne finna tidskodane for det dei vil sjå på. Aller helst skal desse tidskodane også vera klikkbare.

Ein kunst er å bruka sannsynlege søkeord: Finst det ei emneordliste for fagfeltet, så er det fint å bruka ord frå den.

Ein annan kunst er å bruka forteljaren sine formuleringar. Mange er interesserte i språk og språklege særtrekk.

Eit tredje kunst er å markera "gullkorn" - særleg gode formuleringar - gjerne med direkte sitat.

Dette er ein samansett kunst. Me blir sikkert aldri perfekte - men truleg blir me betre for kvar gong me lagar ein logg!

Etikk:

Ein viktig del av loggejobben er å vurdera om det finst etiske eller juridiske problemfelt i intervjuet.

Viss du finn slike, er det viktig å markera dei tydeleg, slik at prosjektleiar ser dei når ho/han får loggen. Marker - gjerne med raudfarge - kor dei startar (tidskode), og kor dei er gått over.

Blir det sagt noko om ein namngitt person, som ho/han må ha rett til å forsvara seg mot?

Seier intervjuobjekt eller intervjuar noko som dei truleg ikkje forstår kan skade dei?

Blir det sagt noko om born som dei kan oppfatta som sårande - no eller om tjue år?

Blir det sagt noko konkret om helse eller eller annan sensitiv informasjon som bør klippast ut i ein publiseringsversjon?

Papir og blyant:

Det gode og gamle verktøyet er ofte også det mest effektive! Også for folk som er vande med datamaskinar

Fyrst: Kok kaffi! Logging er spennande og hyggeleg - og då høyrer det saman med kaffi (eller te)

Lag to kolonner - ei smal og ei brei. Den smale er for tidskodar - den breie for stikkord:

Leit etter perle nr. 1 - skriv ca tidskode, noter ord som du merkar deg i den breie kolonna. Stopp videoen av og til.

Ikkje bry deg om rettskriving eller setningsform - det tar du i runde to

Finn du etiske problemfelt, så marker dei gjerne med farge

Når du er ferdig, reinskriv du stikkorda. Køyr eventuelt gjennom ein gon til for å sjå at tidskodar og stikkord fungerar.

Viss du er vand med PC så er det veldig fint om du skriv den ferdige loggen inn i eit rekneark (Google rekneark eller Excel)

(Det går også fint å skriva inn i eit tekst-program. Bruk då tabulator (tab) mellom tidskode og stikkord.


PC eller Mac eller Chromebook:

Viss du er så vand med datamaskin at det er lettare enn papir og blyant, gjer du det på same måten. Hugs kaffien!


Lag ein kopi av dette skjemaet (klikk her)


Eit godt tips er å dela skjermen, eller å redusera vindauga slik at du kan skriva logg og sjå video på same tid.

Ferdig!

Send ferdig logg til prosjektleiar. Hugs å ta med markeringar av eventuelle etiske problemfelt. Har du ikkje fått adresse til prosjektleiar, så send loggen til post@memoar.no. Send han gjerne også til ho eller han som skal redigera, viss du veit kven det er.


Takk for innsatsen!

Formattering av loggeskjema:

'Det enklaste er å lage ein kopi av malen øverst på sida. Viss du må formattere reknearket frå botnar, skal det vere slik:

  • Rad 1 skal vere tekstfelt der det f.eks. står "Logg Juliana Augustiina Septembros 24-12-2021" - teksten skal vere Arial 14 - Bold (datoen er sjølvsagt datoen for opptaket)

  • Rad 2 skal vere namn på intervjuar og loggar

  • Rad 3 skal det vere ei rad for arkivnøkkel - viss ikkje du veit den, skal raden vere tom

  • Rad 4 skal vere vimeoadressa. Viss du ikkje veit den, skal raden vere tom.

  • Rad 5 sklal vere overskriftane på kolonnene A -. B - C:

  • Kolonne A Overskrift Tid - Justering midtstilt og øverst

  • Kolonne B: Overskrift: Stikkord om innhaldet. Justering venstre og øverst. Format skal vere tekstryting.

  • Kolonne C Emneord. Justering venstre og øverst. Format skal vere tekstryting.