Alta
Samarbeidet med Alta Museum og Alta Historielag tok til i september 2018, med eit kurs og ein serie opptak på Alta Museum.
Det vidare samarbeidet vil handla om å dokumentera dei opptaka som blei gjort, for så å avklare med forteljararane om dei kan publiserast i samband med Memoar og ulike musé sitt arbeid for å samle munnleg kjeldemateriale om historie og kulturhistorie i Finnmark. Det er også aktuelt å gjera fleire opptak av lokalhistoriske kjelder i Vest-Finnmark.
Når og viss materiale blir publisert, vil det skje på denne nettsida og truleg på Museet og/eller historielaget sine nettsider.
Vi oppmodar frivillige som kan tenkje seg å bli med på dokumentasjonsarbeidet til å ta kontakt på post@memoar.no.