Forteljekunst

Munnleg historie handlar fyrst og fremst om om innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av munnlege primærkjelder. Men forteljingar om levd liv kan også vere inspirerande råstoff for skapande kunst. I ein serie av diskusjonar, eksperiment og produksjonar har Memoar og samabeiddspartnarar arbeidd med å tydeleggjere samanhengar mellom munnleg historie og forteljekunst, teater, film og litteratur.

Munnleg historie og forteljekunst

Gjennom 2021 og 2022 har Memoar og Jakob Sande senter for forteljekunst samarbeidd om å eksperimentere med samanhengar og ulikskapar mellom dei to fagfelta munnleg historie og munnleg forteljekunst. Hovudansvarleg for dette arbeidet i Memoar har vore Bjørn Enes, som for sin del oppsummerar sine erfaringar slik: 

Bjørn Enes hevdar: "Forteljekunsten har ein skog av former eller format, som eventyr og sagn,  storyslam og livsforteljingar, borgarscene og teatermonologar. Attforteljing av munnleg historie er ikkje eit nytt format - det er det å ha fått auge på dette treet inne i skogen, som er nytt."

pioneren johanne tvedten: 

Forteljekunstnar Johanne Øvstebø Tvedten er ein veteran når det gjeld å utvikle sceniske forteljingar frå intervju med enkeltpersonar eller grupper.  Som formidlingsleiar ved Sunnhordland Museum har ho skapt ein serie slike verk.  Videoen er eit dokumentasjonsopptak frå Nerheimtunet i Ølen i Sunnhordland i august  2019.  

Eksperiment 1: "Segle ut – segle heim"

Fyrste systematiske forsøk på å organisere ei "produksjonslinje" frå munnleg historie til  forteljekunst, blei gjort under "Fest i Fjaler" i 2021. Bjørn Enes gjorde eit munnleg historie intervju med Svein Solheim den 12/8. 

Svein er nabo til Klokkargarden, og far hans var ven med Jakob Sande. Han har budd i Dale heile sitt liv, og er full av forteljingar om lokal kultur og lokale personlegdomar - heile konteksten som Sande henta mykje av inspirasjonen sin frå. Svein har også vore med på prosessen med å utvikle Jakob Sande senter for forteljekunst. 

Basert på intervjuopptaket, utvikla forteljekunstnar Johanne Øvstebø Tvedten denne forteljinga, saman med regissør Aslak Moe. Resultatet blei framført for publikum 15/8, berre tre dagar seinare. 

Eksperiment 2: "Ei forteljing om Hans Bjarne Haugen" 

Etter det vellukka fyrste eksperimentet vart samanhengen mellom munnleg historie og forteljekunst tema på Jakob Sandesenteret sitt sommarakademi i juni 2021. Eit nytt eksperiment skulle prøvast, basert på eit intervju med Hans Bjarne Haugen. 

Dette intervjuet handla i stor grad om Steia gard, der Hans Bjarne vaks opp utan å vite at han ein dag skulle bli eigar. Då han overtok, var gardsdrifta avslutta og inntektene borte, samtidig som vedlikehaldskostnadane tårna seg opp. På same tid gjorde historia  om Nikka Vonen det umogleg å la forfallet ta over. 

Men så vart forteljekunstnar Johanne Tvedten sjuk. "Då får intervjuaren gjere begge deler!" Sa seminarleiinga. Slik tok eksperimentserien ei heilt ny retning.  

Eksperiment 3: "Ei forteljing om Kjellaug H. Bjergene"

I august 2022 vart det laga ein ny eksperimentell produksjon. Denne gong var det intervjuaren sjølv, Bjørn Enes, som fortalde tilbake til Kjellaug H. Bjergene og publikum, om korleis han hadde oppfatta og opplevd munnleg historie-intervjuet med henne to dagar tidlegare. 

Det handla om oppvekst i Hyllestad og Fjaler, spenninga mellom kunst og "nyttig arbeid", arbeid som lærar etter fullført realskule, "utdanningsrevolusjonen" på 1960-talet, og mange års lærargjerning i Dale. Fram til pensjonsalder - då det endeleg vart tid til "unyttige ting" som å male bilde og stille dei ut i galleri.... 

Framføringa gjekk som sommarsalong under "Fest i Fjaler". 

eksperiment 4: "Ei forteljing om Kari Thorkildsen" 

Det fjerde eksperimentet blie gjort i Bergen, i samband med Memoar og Bergen off. Bibliotek si arrangementsrekke "Lokalhistorisk ettermiddag". Det var ei attforteljing av eit tidlegare intervju med høgskulelektor og forteljar Kari Thorkildsen.  

Det handla om barndomsminne frå Landås og Søreide, ungdomstid i 60-tallets Bergen, industriarbeid på Varden konfeksjonsfabrikk og seinare utdanning og arbeid i barnehagesektoren og førskolelærarutdanninga. Kari har og vore aktiv i utviklar av eit norsk forteljekunstmijø. 

Bjørn Enes hadde gjort intervjuet i oktober same år, og nå fortalde han tilbake til Thorkildsen og publikum korleis han hadde høyrt det ho fortalde. Etter attforteljinga kommenterte Ada Freng og Kari Thorkildsen sjølv.

Eksperiment 5: "Ei forteljing om Steia gard" (Les meir)

Steia gard er nabo til Klokkardgarden i Fjaler, der Jakob Sande senter for forteljekunst held til. I åra 1871 til 1907  heldt Nikka Vonen sitt "Pigepensionat" til der - ein skule for jenter av høgare klassar i Noreg og Norden. Odd Bjordal er i dag den einaste som bur på Steia. Hans Bjarne Haugen hadde også oppveksten sin der, og er i dag eigar. Basert på intervju med desse to, supplert med tidlegare intervju med Svein Solheim og bygdebøkene for Fjaler og Naustdal, laga eg denne forteljinga.

Bjørn Enes ga forteljinga fem kapittel, men fylgde ikkje kapittelinndelingaunder "ufrfamføringa". 

Ein grov logg ser slik ut: 

00:00 Prosjektet - munnleg historie og forteljekunst 

02:15 Kapittel 4 - Det gamle svinn - og det nye veks fram: 

Om Steia som oppvekststad på 1950- og 1960-tal - og om avfolking ut over 1970-, 80 og 90-talet

18:20 Kapittel 3 - Sorgen og Glæden de vandrer tilhope - Om sorg i Nikka Vonens barndom 

25:50 Kapittel 1 - Vona  - Om Bertel Johannesson Vonens utgangspunkt - Vona i Naustdal

28:26 Kapittel 2 - Klassereisa - Bertel,  Berte og Anna - og om oppbygginga av eit norsk forsvar.

34:04 Framhald av Kapittel 3 - Sorgen og Glæden de vandrer tilhope - Nikkas Vonens alderdom 

36:04 Framhald av kapittel 2 - Klassereisa

36:04 - Sigurd Haugens historie, og 

44:05 - Oline Njøsen og Hans Haugens historie, mellom anna om Hans sitt tiår i Silver Valley, Idaho.  

51:02 Kapitel 5 - Alt godt som enno ventar 

54:32 Kommentarar etterpå  - slutt på 56:41 

Bjørn Enes, Fjaler 2. desember 2022: Bjørn Enes framførte ei forteljing og kva som sit i veggane på Steia, basert i hovudsak på to munnleg historie intervju. 

Odd Bjordal er fødd på garden, og har budd der som leigebuar hele sitt 79 årlange liv. Hans Bjarne Haugen hadde og barndom og tidleg ungdom på garden, og er i dag eigar. 

Enes nytta også stoff frå tidlegare intervju med Svein Solheim og frå bygdebøkene for Fjaler og Naustdal.  

Eksperiment 6: "fORTELJINGA OM aNNEfI gRIEG mOE"

Hausten og vinteren 2022-23 gjorde Bjørn Enes i alt fem intervju med Anne Sofi Grieg Moe og dottera, Ragna Sofie Grung. Den 21. februar 2023 framførte han så ei forteljing basert på dessi intgervjua: "Eit særmerke med munnleg historie er at forteljingane veks når dei blir delte!" sa han mellom anna.  Han demonstrerte det med å lage ei forteljing som i realiteten handla om seks kvinner i Bergen - i tidsspennet 1864 til i dag: Dei to intervjuobjekta, mora til AnneFi, dei to bestemødrene hennar - og i bakgrunnen rørde attforteljarens eiga bestemor seg, med hadde slåande lagnadsparallellar. "Forteljingane om desse kvinnene  er som ein samanhengande songleik gjennom 160 år av lokalhistoria!"  slutta han.

Inbjudan_Fortellerseminar_1feb_Sagobygden.pdf

Sagobygden

I 2024 er Sagobygden i Ljungby vertskap for Nordisk Fortællerseminar 21-27 juli  

Jacob Sande-senteret

Memoar samarbeidar med Nasjonalt senter for forteljekunst i Fjaler i Sunnfjord. 

Bergen Borgerscene

gir personlige historier ein kunstnerisk ramme for nytt perspektiv.