Haram

Asbjørg Skjelten Myklebust

er født i Brattvågen, og foreldra hennar, «Anna og Ivar», var dei fyrste innbyggarane i Brattvågen, som reknar 11.11.1911 som sin «Fødedato». Huset ho vart født i, var det fyrste huset i Brattvågen og det vart innflytta i mars 1912. Då var det aude og snautt i Brattvågen utan vegar, og huset vart difor lafta på Alvestad, og ført inn i Brattvågen med robåt, for så å verta reist der.  Sjå meir tekst og video på hennar side,

 

Johan, fødd 09.01.1927 på Grimstad i Hareid, gift med Berit f. Grimstad i 1954. Dei fekk 2 jenter og 2 gutar – 4 barnebarn. Etter endt utdanning , kom Johan til Brattvåg i 1955 som nytilsett teknisk sjef i Haram kommune.  Les meir på eiga side:

Palmar Bjørnøy:

Palmar («Palmer») Olavson Bjørnøy var fødd på Gamlem, og var ein norsk maskinist, motstandsmann og forretningsmann. Han er mest kjent som medlem av Shetlandsgjengen. Bjørnøy ble tildelt Krigskorset, Norges høgste utmerking, for sin innsats under den andre verdskrig.  Les meir på eiga side:

Hans Vestre Huse:

Hans var yngst i søskenflokken etter Ingebrikt. P. Huse og kona Jenny Vestre. Hans fekk teknikk inn med morsmjølka. Faren, I.P., som han vart kalla, dreiv sildeoljefabrikk, mekanisk verkstad og var ein av grunnleggjarane til Hydraulik i Brattvåg.

Les meir på eiga side:

Jens Tennfjord

Jens Karl Tennfjord er sonen til Karen Anna og Johan Tennfjord, og var den yngste av 5 søsken, tre gutar og to jenter. Onkelen Petter og faren Johan hadde starta Tennfjord mek. Verkstad i 1894, og denne bedrifta vart tomlestaden for dei små gutane, og seinare levevegen for dei.

Les meir på eiga side:

 Anna Skaar

Anna Skaar, eller «Runne Anna» som ho vart kalla på folkemunne, vart fødd inne på garden Runnane i Brattvåg i 1905, og der budde ho heile sitt liv. Ho vart gift med Matias, og saman fekk dei to søner, Hans og Magne. Brattvåg har alltid vore, og framleis er, ei bygd med eit sterkt arbeidsliv.

Les meir på eiga side:

Perry var fødd, voks opp og vart busett i Brattvåg . Han vart gift med Gerd Skeide, fødd 19. august 1923 i Ulsteinvik. Dei fekk fire jenter. Saman med svogeren, Ingebrikt Sandnes starta han i 1949 Brattvåg Skipsinnredning, seinare Brattvaag Skipsverft AS.

Les meir på eiga side:

Sevrin Skjelten, 

mannen som har sett Brattvåg på det internasjonale kartet gjennom eit langt og aktivt virke som oppdagingsreisande, foretningamann, politikar og tillitsvald. 

Han gjekk bort i 2002, 97 år gamal. Dette intervjuet blei gjort av Rolv Rørhus i april 1990.

Les meir om Sevrin Skjelten på hans Memoarside, og  på Haram kulturhistoriske Lag sine nettsider - www.hkhl.no

Sindre Rogne:

Sindre Rogne har budd på Rogne på Longva  heile sitt liv, då han var særs ung då han måtte ta større ansvar i gardsdrifta, grunna helseproblemer hos faren. Ved sida av det å vera familiemann og bonde, har Sindre hatt mange verv i samfunnet. Verv som kun tilfell dei som skaper tillit. Sindre treng ikkje ropa for å vert høyrt, då folk lytter når han snakker. Å framheva noko spesielt er vanskeleg, men 16 år i kommunestyret derav 4 som varaordfører seier sitt. Haram kulturhistoriske lag har også nyte godt av hans innsats, der han har vore leiar i 7 år. Sjå meir på www,memoa..no/haram/sindrerogne

Elias er ei type ein av og til er heldig å treffe på, og også dele tid saman med. Elias er klok, tenksom og omtenksom, i tillegg til det å vera lærd. Gjennom sitt yrkesaktive liv såvel som i sitt sosiale liv, har han framstått som ein samfunnsbyggjar, som har sett spor etter seg.  Ungdomslag, idrottslag og historiske lag, er alle lag som har nytt godt av Elias sine ressurser og hans sikre og treffsikre formuleringsevne. https://www.memoar.no/haram/rogne

Intervjuar Sveinung Giske fortel at han hadde ei fantastisk stund  saman med Hans Gunnar Haram laurdagen den 6. november 2021..Dei to er gamle kjende - sist frå då dei samarbeidde på ein artikkel for årboka i Haram Kulturhistoriske Lag tidlegare, Hans  har ein stor kapasitet intellektuelt. Han har lese alvorleg mange bøker om historisk stoff. og det unike er at han hugser det også. Dette var eit intervju "i blåtimen", men intervjuaren meinte  det var viktig og stort å få det ned på video. Haram Kulturhistoriske lag arbeider med ein logg og eit tekstsamandrag som etter kvart kjem på nettsida www.memoar.no/haram/hansgunnarharam  

Jostein Helge Skjelten 

Opptaket med Jostein Helge Skjelten blei gjort under eit samarbeidsarrangement mellom Haram kulturhistoriske lag og Memoar i mai 2021. Tekstleg dokumentasjon av intervjuet er under arbeid (interesserte som kan bidra på dugnad - ta gjerne kontakt med post@memoar.no !)

Les meir på eiga side:

2022-02-23-Samarbeid-Midsund Slekt.pdf

Haram og Midsund

Haram kulturhistoriske lag er eit av dei mest aktive historielaga på Sunnmøre. Dei har til nå (2022) gitt ut meir enn 70 historiske skriv.  Laget driv også den nettbaserte «Nordøyvegen Delingsportal» der dei dokumenterar samtidshistoria og endringar av daglegliv under byggeprosessen og etter opninga av Nordøyvegen. 

Sidan 2021 har dei vore med i prosjektet "Munnleg historie for alle". I artikkelen som er re-publisert her, fortel Sveinung Giske om korleis laget no utvekslar kunnskap med Midsund slekt- og  historielag  som også har lang erfaring med munnleg historie. 

RR

asm

Kart: Samferdselsdepartementet

Nordøyane

Med bygginga av Nordøyvegen heilt nord på Sunnmøre, endrar kvardagslivet seg for innbyggarane på øyane Harøya, Fjørtofta, Flemsøya, Haramsøya, og Lepsøya. Med vegen blir det fastlandstilknyting, og fergetider treng ikkje lenger organisere kvardagsleg aktivitet for øybuarane. Høve for dei som bur på fastlandet til å reise utover på øyane blir også enklare. Korleis er livet på øyane i dag? Ved hjelp av videointervju med personar i alle aldrar som bur på, kjem frå, eller har eit hjarte for Nordøyane, kan forteljingar om liv på øyane så langt tilbake som desse forteljarane kan minnast, takast vare på. 

I mai 2021 arrangerer Memoar munnleg historiekurs på Ingebrigt Davik-huset, og lokalhistorieinteresserte frå tidlegare Haram kommune og frå Sunnmøre Museum er til stades. Kurset blir arrangert i samarbeid med Haram kulturhistoriske lag. 

Mykje dokumentasjonsarbeid har allereie funne stad. Arkeologiske utgravingar er blant dei. NRK har ei samleside med eigne nyheitsartiklar om vegen. Men meir nyleg er det arbeidet som Haram kulturhistoriske lag lenge har halde på med, der avisartiklar om Nordøyvegen blir tatt vare på, fotografering av viktige framsteg i bygging av vegen blir gjort, og enkeltindivid blir intervjua om kven dei er, kva dei tenker om den nye vegen og korleis dei ser for seg samfunnet sitt om femten år. 

I framtida er det gjerne det daglege livet på øyane som forskarar og andre vil vere interessert i. Intervju med menneske som bur her eller som har det daglege verket sitt her ute, kan dermed, om ikkje så veldig lenge, seie noko om korleis kvardagslivet blir organisert, og kva måtar ferjelivet påverkar. Dersom den som blir intervjua har levd nokre år, vil intervjuet også fange nokre endringar over tid, og opplevingar av korleis noko har vore, og korleis det har blitt. Når fastlandsforbindelsen har komme, ser kan hende kvardagen annleis ut. Intervjua vil kunne fungere som augneblikksbilde før og etter Nordøyvegen, men med fokus på det levde livet, der bruer og tunnelar er del av betingelsane for det levde livet, men ikkje det sentrale som blir undersøkt. Det er situasjonen i dag, og det som er i minnet tolka gjennom opplevingar fram til i dag som er det enkeltpersonane kan vere primærkjelde til. 

Det er skriven ein del lokalhistorie, frå istid og framover, om området innanfor gamle Haram kommune, som no ligg under Ålesund kommune. Dokumentasjonsarbeidet som Haram kulturhistoriske lag har sett i gang, kan sjåast i ei lang historisk rekke med refleksjon rundt betingelsar, gleder og sorger som øylivet har ført med seg.

Haram--Manual-Memoarmetoden