Hovudprosjekt i utvandraråret:
Memoar samarbeider med historielag, anna frivillig kulturvern, ABM-institusjonar og andre verksemder om grunnkurs i munnleg historie og minnesamling. Malen er halvannan dag med kurs pluss eit oppfylgjingswebinar nokre veker etter det fyrste kurset.
Dag 1 inneheld også eit intervjuopptak der kursdeltakarane også er velkomne til å delta som intervjuar, medintervjuar eller observatør. Dette intervjuopptaket blir brukt som eksempel i resten av kurset.
Medarrangør må ta ansvar for rekruttering av deltakarar, bestilling av kurslokale og lunsj på dag 1 og dag 2. Memoar kan ta ansvar for alt kursinnhald og alt audiovisuelt utstyr som trengs for gjennomføring av intervjuopptak og kurs. Eventuelt kan vi legge til ein tredje dag med intervjuopptak der Memoar er til stade som assistent / instruktør / rådgjevar eller for å gjennomføre fleire intervju.
Interesserte organisasjonar og verksemder kan ta kontakt med Memoar på post@memoar.no for å diskutere konkret kursplan og økonomi.
Vi byrjar kl. 12:00 med ein kort brief for dei som skal vere med på intervjuopptak. Så tar vi ein grundig presentasjonsrunde - som samtidig blir ein diskusjon om, livshistorier som kulturarv.
Kl. 13 tek vi til å arbeide praktisk med intervju. Aller helst vil vi at kursarrangøren har gjor avtale med ein person som kan vere "case" (eksempel), og bli intervjua på dag 1 med alle deltakarane som observatørar.
Vi startar klokka 09:00 og held på til ca 15:30. Dette er intervju-dagen. Vi startar med ein diskusjon om intervuet på dag 1, og brukar det som eksempel på å diskutere etikk, informert samtykke, likskap og ulikskap mellom journalistikk og munnleg historie, relasjonane mellom intervjuar, forteljar og formidlar, litt om lyd-, lys-- og lydteknikk mm - før vi gå+r på ei økt med trening der kursdeltakarane intrvjuar kvarandre.
Fokus dag 3 er etterarbeid, formidling og planar for vidare arbeid. Vi ser litt på redigering (men dette er ikkje eit redigeringskurs). Vi tar grundigare på dokumentasjons-arbeidet. Det trenar vi også på ved å dokumentere gårsdagens treningsintervju. Deretter snakkar vi ein del om formidling og bruk - og siste punkt er planar
(Sidan pandemien har vi ofte gjennomført dag 3 som webvinar).
Våren 2026 er kan vi gjennomføre dette kurset for totalt kr. 25.000,- med ein kursleiar. Det kan då vere opp til 20 deltakarar, noko som betyr ei berekraftig deltakaravgift på minst kr. 1.250,- + lunsjkostnadar.
Kursarrangørar kan søke støtte frå ulike kjelder for å redusere deltakarpisen. (Kommunale støtteordningar, sparebank- eller kraftlagstiftingar, lokale eller nasjonale kulturfond etc).
Når Memoar arrangerar kurset aleine, er prisen kr. 1.250,- for ikkje-medlemmer og kr. 900,-for medlemmer av Memoar. (Også desse prisane kan reduserast når det lukkast oss å finne andre finansieringskjelder enn deltakaravgift.
Bjørn er veteran i arbeidet med munnleg historie. Bakgrunnen hans er eit halvt arbeidsliv i industrien, og resten i media, som avis-, fjernsyns- og frilansjournalist. Han har arbeid i hovudsak med munnleg historie sidan 2003, fyrst i krigshistoriske prosjekt, seinare i prosjekt om erfaringsdeling innan somatisk og psykisk helse. Han har vore med i Memoar sidan starten i 2015, og har erfaring med grunnkurs over heilelandet.
Sebastian er frilans historikar som har vore knytta til Memoar som frivillig og som prosjektmedarbeidar sidan 2022. I 2024 og 2025 er han leiar for Prosjekt Migrasjonsminne.