Kunstnarliv
Samarbeide med Tekstlab, Oslo
Memoar.no/Kunstnarliv starta som eit samarbeid mellom Tekstlab og Memoar våren 2018. I juni same år vart det gjort åtte intervjuopptak med nokre av dei kunstnarane som samarbeidde i og med Tekstlab, og i oktober var dei ferdig dokumenterte. Hausten 2022 blei nokre av dei same åtte intervjua på nytt, samtidig som nokre nye blei intervjua for fyrste gong.
Fyrste delprosjekt vart publiserte under Tekstlabfestivalen "Glokale stemmer" i 2018 Etterarbeidet med andre delprosjekt er venta ferdig i løpet av februar 2023
Materialet vil bli avlevert til Memoar og Folkeminnesamlinga for evighetslagring.
Prosjektet har eiga prosjektnettside her
Gjennom å gjere nye intervju med 4-5års mellomrom er ambisjonen både å fylgje den personlege utviklinga til ei gruppe kunstnarar, og - på den måten - å dokumentere historie nedanfrå om utviklinga av norsk kunst og kulturliv.
Om intervjua i tekstlab 2018
Kvart intervju er ein til halvannan time langt. Det handlar om livet og kunsten til kvar av forteljarane. Starte på prosjektet er slik dei såg kunstnarlivet i midten av juni 2018. Tanken er at det skal lagast liknande intervju med fem til ti års mellomrom så lenge dei lever. Slik vil samlingane bli både dokumentasjon av kvar si personlege og kunstnariske utvikling - og eit bilete av ein kunstnargenerasjon i Noreg i det 21. hundreåret.
Intervjuar i alle desse opptaka har vore Bjørn Enes. Han var då 67 år gamal, med bakgrunn dels som industriarbeidar og dels som journalist. Han hadde inga spesiell kunstnarisk utdanning eller erfaring, ut over å vera eit interessert publikummar.
Opptaka er å rekna som lydopptak. Dei er gjort med videokamera, men utstyret har ikkje vore godt nok, slik at biletkvaliteten er svært mangelfull. Me publiserar likevel ein videoversjon, for å få med kropsspråket til forteljarane. Så sant forteljarane går med på det, kan opptaka brukast etter vanleg CC-BY-lisens, men fortrinnsvis som lyd.
Nye intervju i 2022 blir publiserte i 2023
Bjørn Enes
Bjørn Enes var ansvarleg for prosjektet Kunstnarliv både i 2018 og 2022/23. Han brukar denne prosjektsida i framdrifta av arbeidet. Ta gjerne kontakt med han for meir info.
tekstlab, Oslo
TekstLab ble etablert i 2008. Tekstlab arbeider for et mer mangfoldig kunst- og kulturliv ved å gi flest mulig barn, ungdom og kunstnere en reell mulighet til å uttrykke seg på egne premisser i kunAnsvarleg for st og samfunn.
Avtaler
Avtalene legger til rette for at den personlege historia blir til ein anerkjent primærkilde. Intervjua skal dyrke fri forteljing. Samtykke sikrer forteljaren sin opphavsrett og trygg publisering. Les om korleis intervjuet foregår her: