kvam

Torsdag 24. mai kl 18 - 20: Kortkurs om munnleg historie

Kvam Sogelag og Memoar inviterar til kortkurs om innsamling og dokumentasjon av munnleg kjeldemateriale til lokal historie.

Kurset vil handle om kva munnleg historie er, korleis Memoar legg opp intervjuseriar med lokalhistoriske kjelder, etikk, praktisk organisering og teknikk, korleis opptak blir dokumenterte og korleis dei blir formidla og korleis dei blir sikra for framtida. Kursleiar blir Bjørn Enes frå Memoar.

Kortklurs-MunnlegHistorie-Prosjektinitiativ

Påmelding:

Kurset går på Hardanger Fartøyvernsenter, 24.mai 2022 kl. 18, i forkant av årsmøtet i Kvam Sogelag.

Medlemmer i sogelaget og/eller Memoar får kurset gratis. (Medlemskap kan teiknast) Kurset er ope for alle.

Påmelding: Send ein epost til post@memoar.no eller til Kvam Sogelag


Intervjuopptak same dag?

Memoar meldre iforkant at vi gjerne tar imot forslag på ein eller fleire personar som kan intrvjuast i forkant av kurset. Kort tid før kursstart har det ikkje kome slikt forslag, Det blir i staden intervjuopptak på og i samarbeid med Fartøyvernsenteret frå kl 11 same dg (24. mai)

Vi tek framleis imot forslag til personar som bør intervjuast på eit seinre tidspunkt. Skriv til post@memoar.no eller direkte til bjorn.enes@memoar.no