Hovudprosjekt i utvandraråret:
Alle som oppheld seg i Noreg har sin fulle ytringsfridom. Dei kan uttrykke meiningar og oppfatningar i tale, tekst eller på andre måtar - berre avgrensa av omsyn til andre sin tryggleik eller ære eller privatliv.
Men for Memoar og andre som skal arkivere og formidle andre sine ytringar, er det heilt nødvendig å kunne dokumentere (bevise) at dei munnlege ytringane som finst i vårt arkiv og på våre nettsider, er laga med informert samtykke frå dei som har blitt intervjua. Viss ikkje vi kan dokumentere det, får vi heller ikkje levert ytringane vidare til langtidsarkivering.
Derfor lagar vi alltid skriftlege avtalar om opptak og arkivering av intervjuopptak.
Det skal vere trygt å bli intervjua av Memoar. Derfor har vi laga ein avtalemal som også seier at det berre er den som blir intervjua som kan bestemm om heile eller delar av intervjuet kan leggast ut på nettsida.
Alt dette ligg i "Avtale om opptak og arkivering". Som ei dobbeltsikrig av at avtalen blir etterlevd, har vi ein rutine for å sikre dokumentasjon også av at passordet kan fjernast når alt arbeidet er ferdig. Av praktiske grunnar kan det gjerast enklare enn ein signert avtale (epost, SMS el.l) - sjølv om det beste er ein signert avtale også på denne.
Du kan opne, lese, kopiere og skrive ut Mal for samtykke til opptak, arkivering, indeksering og publisering ved å klikke på faksimilen til høgre.
Skriv ut - fyll ut - skann og send inn:
Avtalen om opptak og arkivering gjer at intervjuet med deg kan bli langtidsbevart som eit munnleg kulturminne.
Når etterarbeidet er ferdig, får du meling om at du kan sjå det ferdige intervjuet. Det er då sperra med eit passord som berre du får. Du sjølv kan dele passordet med kven du vil.
Dersom du ønskjer at noko skal fjernast frå intervjuet, treng du berre gi melding om det til epostadressa post@memoar.no innan fire veker etter opptak. du kan også gi melding om at passordet kan fjernast med det same.
Viss du ikkje gir meling om noko, blir passordet fjerna fire veker ettat at du har fått linken til opptaket. Då kan alle som er interesserte finne opptaket på internett.
Som forteljar gir du aldri frå deg all makt. Avtalane seier at du når som helst kan endre meining. Du kan be om nytt passord, eller at alt kan bli fjerna frå nett - til og med at det kan bli fjerna frå arkivet.
Har du vore på kurs og vil logge, trykk her.