Om oss
Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie
Memoar er ein frivillig organisasjon som har til formål å “fremje ein kultur for å vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv”. Det gjer vi gjennom å samle inn, dokumentere og bevare seriar av intervjuopptak med personer som har tatt del i eller vore vitne til historiske utviklingsprosessar og hendingar. (utskriftsversjon)
Når dei som fortel ønskjer det, delar vi intervjujopptaka med alle interesserte gjennom publisering på eigne nettmedia og avlevering til musé, bibliotek og offentlege arkiv. Hovedmediet vårt heiter www.memoar.no. Dei fleste innsamlingsprosjekt har eigne undersider. Prosjektet OSLOVE, som er ein del av Oslos byjubileum 2024, har eiga nettside www.osloove.no.
Vi driv omfattande kurs- og opplæringsverksemd i eigen regi og saman med historielag og anna frivillig kutlurvern. Kvar år er vi medarrangør av Memoarkonferansen. Det er ledd i arbeidet for å utvikle munnleg historie som fagfelt og kultursjanger i Noreg. internasjonalt samarbeider vi gjennom International Oral History Association (IOHA.org)
les meir
Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie er eit historielag innan Landslaget for lokalhistorie og ein del av det frivillige kulturvernet. Memoar blei danna som ein lokal organisasjon i Bergen i 2015, men har vakse raskt til å bli landsomfattande. I 2024 har vi eit lokallag i Bergen og interimstyre som bygger eit lokallag i Oslo. I tillegg er ei rekke historielag og musé organisasjonsmedlemmer i Memoar. Enkeltmedlemmer er spreidde over heile landet.
Munnleg historie: Munnleg historie er samlingar av fyrste hands forteljingar om samtid og manns minne, ein viktig del av den immaterielle kulturarven. Kvar enkelt av dei er subjektive og farga av forteljaren, men som samlingane er dei rike og mangfaldige kjelder til kunnskap om historisk utvikling - både for oss som lever nå og for framtidige generasjonar. For historia utviklar seg ikkje logisk, rasjonelt og strukturert. Ho er straumar av levde liv, der alle er medskaparar og tidsvitne. Mottoet vårt er: Alle har ei forteljing å dele!
Memoarmetoden: Mest mogleg fri forteljing er idealet i munnleg historie intervju. Det mest verdfulle kjeldemateriale blir til når den som fortel uforstyrra får legge fram sin unike versjon av det ho eller han har vore med på eller vitne til. Derfor er lyttinga viktigare enn spørsmåla i munnleg historie intervju, og intervjumetoden er ganske annleis enn i fakta- eller meiningsintervju. Munnleg historie er både breidde og spiss: "Alle" kan gjere memoarintervju, og det har stor verdi når "likemenn" intervjuar kvarandre. Samtidig er det eit handverk, ein kunst og ein profesjon. Memoarmetoden handlar både om å trekke mange med, og om å utvikle eit arbeidslag av profesjonelle minnesamlarar i Noreg.
Teknisk: Memoar gjer vanlegvis videoopptak og unntaksvis berre lydopptak av intervju. Bakgrunnen for det valet er at vi menneskje uttrykker oss med mykje meir enn ord - i videoopptak får vi også med kroppsspråket. Video er ikkje lenger dyrt, og for dei fleste er det heller ikkje lenger skremmande eller forstyrrande - eit lite moderne intervjukamera blir fort "usynleg" når intervjuet er i gang. Vi har bygd ein infrastruktur av skytenester der medlemmer og samarbeidspartnarar kan mellomlagre intervjuopptak og metadata, redigere og arkivere avleveringsklare intervju og publisere når den som har blitt intervjua samtykker til det. Vi arrangerar kurs og opplæring i alle ledd av dette arbeidet - oftast i trekantsamarbeid med andre frivillige organisasjonar og eit musé, bibliotek eller arkiv.
Etikk: Vi ser formålet vårt som ei styrking av ytringsfridomen. Derfor er presseetikken slik han er formulert i Norsk Presseforbunds Vær Varsomplakat rettesnora også for vår etiske kodeks. Men vi skiler oss frå redaksjonelle media gjennom at praktiserar prinsippet om "shared authority". Derfor lagar vi skriftlege avtalar (samtykke) med alle vi intervjuar. Avtalane slår fast at det er den som blir intervjua som blir eigaren av opptaket, men at Memoar får lov til å lagre det, dokumentere det, til å redigere ein versjon som vil kunne publiserast i samsvar med god presseskikk og til å legge denne på nett med eit passord som berre eigaren får. Det blir så til sist laga ein skriftleg avtale nr. 2 som seier om passordet kan fjernast slik at alle interesserte får tilgang til opptaket.
Nettverk: Memoar er mellom anna medlem i Arkivforbundet, Museumsnettverk for mangfold og minoriteter, Landslaget for lokalhistorie, Studieforbundet kultur og tradisjon og International Oral History Association. Vi samarbeider med Norsk Etnologisk Granskning (NEG), Norsk Folkeminnesamling og fleire universitet, teater og forteljarfestivalar. Eit av måla for arbeidet vårt i Memoar er å etablere Senter for munnleg historie.
Historikk:
Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie - blei stifta 3. juli 2015. De fem stiftarane var Astrid Helene Olsen, Gunn Marit Sæbø Meyer, Lars Ole Hafsmo, Jostein Saakvitne og Bjørn Enes. Dei vart også det fyrste styret.
Historia etter dette kan lesast i årsmeldingane 2014 - 2015 - 2016 - 2017 - 2018 - 2019 - 2020 - 2021 - 2022 - 2023 og på Memoar.blog
VEDTEKTENE (les meir)
Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie, er stifta i Bergen 2. juli 2015. Organisasjonen skal nytte vedlagte logo, og mottoet "Alle har ei forteljing å dele".
Formål: Memoar skal fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv.
Oppgåver: Memoar skal arbeide for:
At bibliotek og lokalarkiv i heile Noreg etablerer intervjustudio som innbyggarane enkelt og rimeleg kan låne eller leige for å gjere teknisk gode opptak i lyd og bilete (video) av forteljingar om levd liv.
At den offentlege arkiv-, biblioteks- eller museumssektoren etablerer arkivløysingar for munnleg kjeldemateriale i form av video-, lyd-, multimedia-, foto- og tekstfilar med forteljingar om levd liv og annan samtidsdokumentasjon. Når forteljarane samtykker til det, bør slike arkivløysingar vere opne.
Å utvikle tilbod til medlemmer i Memoar og andre om opplæring i og kunnskapsdeling om opptak, intervju, enkel redigering, dokumentasjon, metadataregistrering, opphavsrettsreglar, opplasting til arkiv, presse/publiseringsetikk og publisering.
Å utvikle nettsida www.memoar.no og andre formidlingskanalar som kan hjelpe forteljarar som ynskjer det å nå fram til større publikum.
Å arbeide for større akademisk og profesjonell interesse for munnleg historie som kjelde for samtidsdokumentasjon og nær historie.
Og å ta initiativ til og delta i samarbeidsprosjekt med historielag, anna frivillig kulturvern, arkiv-, bibliotek og musé, akademia, forskingsmiljø og profesjonelle forteljarar / media.
Medlemskap: Alle er velkomne som medlem, så sant dei deler interessa for Memoar sitt formål, og respekterer verdien av andre sine forteljingar, uavhengig av hudfarge, nasjonalitet, etnisk opphav, religion, livssyn, legning, leveform, orientering eller funksjonsevne. Alle medlemmer skal betale kontingent. Kontingenten vert bestemt på årsmøtet.
Årsmøtet er høgaste myndighet i Memoar. Alle medlemmer som har betalt kontingent har rett til å møte på årsmøtet, med ei stemme kvar. Årsmøtet skal haldast i vårhalvåret kvart år. Det skal kallast inn med minst 14 dagars frist, og innkallingane skal gå til alle medlemmer gjennom epost, nettside og sosiale media der Memoar har ein profil. Årsmøtet skal gjere vedtak om:
Årsmelding om arbeidet sidan sist årsmøte
Rekneskap
Arbeidsplan og budsjett
Val av styre og andre tillitsverv.
To av deltakarane på årsmøtet skal velgjast til å gjå gjennom og stadfeste at protokollen er rett ved å signere han saman med protokollskrivaren.
Styret: Den daglege leiinga av Memoar skal utførast av eit styre på tre til sju personar.
Styret skal veljast på årsmøtet, for eitt år kvar gong.
Årsmøtet skal også bestemme kven som skal vere leiar av styret og dermed av organisasjonen. Annan arbeidsdeling i styret avgjer styret sjølv.
Dagleg leiar av Memoar skal også vere redaktør av organisasjonen si publikumsretta nettside.
Styret er vedtaksført når to tredelar av styret er til stade.
Alle styrereferat skal signerast av alle styremedlemmene som var til stade.
Styret peikar ut rekneskapsførar for 2022. Alle utbetalingar skal godkjennast av dagleg leiar før dei blir utført. Dagleg leiar skal få avstemt rekneskap kvar månad, og styret skal få rekneskapsrapport kvart kvartal.
Konfliktar: Dersom nokon nyttar sitt medlemskap til hatefulle, diskriminerande, hånande eller trugande ytringar, skal ho eller han melde seg ut eller bli ekskludert frå Memoar av styret, årsmøtet eller ekstraordinært årsmøte
Dersom det oppstår ein heilt spesiell situasjon som 20% av medlemmene eller 1/3 av styret vil at heile organisasjonen skal ta stilling til, må det kallat inn til ekstraordinært årsmøte. Eit slikt møte skal berre drøfte og gjere vedtak i den saka som det har blitt kalla inn for å handsame.
Oppløysing av organisasjonen
Dersom to tredeler av dei som har stemmerett på eit årsmøte eller eit ekstraordinært årsmøte bestemmer det, skal Memoar oppløysast.
Intellektuell og / eller økonomisk eigedom som Memoar måtte ha, skal i tilfelle oppløysing overførast til ein institusjon eller organisasjon som vil vidareføre formålet. Dersom to tredeler av dei som har stemmerett på det årsmøtet eller ekstraordinære årsmøtet som måtte vedta oppløysing gjer eit vedtak om ei slik overføring av eigedom, gjeld det. Er det ikkje to tredels fleirtal, skal intellektuell og økonomisk eigedom overførast til Bergen Byarkiv.
Endring av desse vedtektene kan berre gjerast av eit lovleg innkalt årsmøte. Endringar kan gjerast med alminneleg fleirtal, bortsett frå eventuelt vedtak om oppløysing, som krevjer to tredels fleirtal.
Vedtatt påstiftingsmøte 2/7-2015. Revidert på årsmøtene 18/3 2021 og 4/2 2022
MEMOAR STATUS 2024 (Les meir)
Memoar har kontor og studio på Bryggen i Bergen (Lodin Lepps gate 2b) og eit i Oslo (i Kroloftet, Arnljot Gjellines 41)
Frå 20. mars 2023 fungerar styreleiar Anne Marie Kollhus også som dagleg leiar for Memoar. I Oslo har vi ein fulltidsengasjert prosjektleiar, Cathrine Hasselberg, i prosjektet OSLOVE. I Bergen har vi lokallaget Bergen Memoar med leiar Sebastian Kvamsdal Kaasa og eit styre på i alt fem medlemmer. Rundt denne kjerna har vi eit knippe høgt kvalifiserte frivillige og frilansarar
I Oslo har vi hovudansvaret for det store prosjektet OSLOVE, som skal samle inn, dokumentere og formidle 400 Oslo-intervju i samband med byens 400-årsjubileum i 2024. Samlinga skal avleverast Oslo Byarkiv. Sjå meir på prosjektnettsida www.osloove.no
I Bergen driftar vi ein Folkeverkstad for munnleg historie med studio for intervjuopptak. Vi engasjerar frivillige i ei variert rekke av intervjuinnsamlingar, og frå nyåret 2024 startar ein ganske intens kursaktivitet.
Elles i landet samarbeider vi med andre historielag og andre innan frivillig og profesjonelt kulturvern. Vi forsøker også å hjelpe og støtte aktive enkeltmedlemmer over heile landet.
Vi driftar ein infrastruktur for munnleg historie som utanom lokale studio består av skybasert arbeidsarkiv for råopptak, skybasert redigering av arkiverings- og publiseringsklare intervju og intervju-utdrag, publisering av videofilar og publisering av nettsider. Vi arbeider for at norske offentlig finansierte arkiv skal ta ansvar for langtidsarkivering av munnleg historie, og vårt hovudsyn ar at Nasjonalbiblioteket bør få eit slikt ansvar.
Memoar arbeider for å få etablert eit norsk kompetansesenter for munnleg historie. Strategien bygger vidare på oppropet vi tok initiativ til i 2020 (sjå smh.oralhistory.no). Eit av fleire spor er ein strategi for at eit slikt senter skal bli ein viktig del av det nye Senter for immateriell kulturarv som er under planlegging i Bergen.
Kvart år arrangerer vi Memoarkonferansen. Den har blitt eit viktig forum for musé, arkiv og frivillige organisasjonar som vil utvikle munnleg historie som fagfelt og kultursjanger i Noreg. Memoar- konferansen er eit samarbeid mellom Memoar, UIB/Kulturvitskap, Bergen Byarkiv, Bergen off. Bibliotek og Bymuséet. Finansiering: Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og Sparebankestiftelsen DnB.
Det er nøye samanheng mellom intervjuprosjekt og formidling. Arrangement som forteljarpanel, streaming, podcast, artikler, utstilling og publisering tek ein større del av arbeidstida både til frivillige og dei tilsette i Memoar.
Årsrekneskapet for 2022 viste ei omsetjing på i noko over 3,4 mill. (opp frå 2,9 i 2021), knytta i hovudsak til to store prosjekt - Munnleg historie for alle og OSLOVE. Begge hadde hovudfinansiering frå Sparebankstiftelsen DNB.
Kostnadane var hovudsakeleg løn og frilanstenester, infrastruktur og reisekostnader.
På inntektssida hadde vi driftsstøtte frå Bergen Kommune som dekka 3,4% av 2,9 millioner (kr. 105.000). Resten av inntektene (96,6%) var prosjektstøtte og tenestesal.
Innmelding: Gå til Deltager.no
Styret 2024
Leiar: Bjørn Enes, frilansjournalist, grunnleggar av Memoar, tidlegare industriarbeidar. Styremedlemmer: Lisa Amalie Elle, fagleiar forvalning/advelingsleiar i Museum Vest, Sveinung Harald Giske, ingeniør, leiar av Haram Kulturhistoriske lag, Sebastian Kvamsdal Kaasa, historikar, leiar av Bergen Memoar.
Nøkkelpersonar:
Cathrine Hasselberg: Munnleg historiker og forfattar. Prosjektleiar for OSLOVE.
OSLO mob. 414 22 756
Sebastian Kvamsdal Kaasa: Historikar og minnesamlar. Leiar av lokallaget i Bergen.
BERGEN - 99342532
Frivilige og frilansarar:
Ada Freng
Arve J. Nilsen
Barbro Matre
Bjørn Enes
Florentino Bulnes
Kari Thorkildsen
Mariela Drejer Norheim
Inger Christine Årstad
Milepæl
Memoar er i hovudsak ein prosjektorganisasjon. Alt arbeid som har med fag- og strategiutvikling, utvikling av prosjektidéar, -partnarskap og -søknader, arkivordning, formidling og organisasjonsbygging - har i stor grad vore utført på frivillig basis. Berre i finansierte prosjekt har vi hatt rom for å bruke arbeidstid gjennom å engasjere prosjektleiarar og medarbeidarar.
Vi søkte Kulturdepartementet om om driftstilskudd 1. mars 2023.
Hovudmålet er å få på plass driftsbemanning, dekke kostnadane til ein norsk server for mellomlagring av munnleg historie og reise.
Dette er en interessant dokument for dei som vil få innsikt i Memoar sitt arbeid, historie og utvikling.