(Merk at Memoarkonferansen går same stad og same dag, vi vil gjerne sjå deg også der!)
Til alle medlemmer av Memoar:
Årsmøteinnkallinga vart send ut 14. januar med utkast til årsmelding frå dagleg leiar og førebels (urevidert) rekneskap.
Årsmøtet vil foregå fysisk i auditoriet på Bryggen Museum i Bergen, fredag 4. februar kl. 17:00. Alle medlemmer kan også delta digitalt på same adresse som Memoarkonferansen. Alle medlemmer har fått eopost med link til det digitale årsmøtet. Viss nokon ikkje har fått linken, må dei kontakte post@memoar.no
Fylgjande oppdaterte årsmøtedokument er nå lagt ut nedanfor her (dei er også sende ut til alle medlemmer):
Oppdatert årsmelding
Revidert rekneskap
Forslag til tekniske vedtektsendringar
Valnemndas forslag til nytt styre .
Forslag til saksliste for årsmøtet er uendra, bortsett frå to presiseringar:
(Presisering):Opning. Val av ordstyrar, teljekorps og to personar til å signere protokollen.
Årsmelding om arbeidet sidan sist årsmøte. Styret foreslår at dagleg leiars årsrapport blir tatt til orientering.
Rekneskap og revisjonsberetning. Styret foreslår at revidert rekneskap blir godkjent.
Innkomne forslag. Styret foreslår at vedlagtre forslag blir vedtatt.
Arbeidsplan og budsjett. Inger Christine Årstad innleier.
Val av styre, valkomite og revisor. Valnemndas forslag er lagt ved.
Vel møtt til årsmøtet!
Inger Christine Årstad
Sak 4 Forslag om teknisk vedtektsendring:
Styret foreslår at fylgjande blir innsarbeidd i vedtektene nå, og at det nye styret får i oppdrag å førebu eit forslag om full vedtektsrevisjon på neste årsmøte:
Styret er vedtaksført når to tredelar av styret er til stade.
Alle styrereferat skal signerast av alle styremedlemmene som var til stade.
Styret peikar ut rekneskapsførar for 2022. Alle utbetalingar skal godkjennast av dagleg leiar før dei blir utført. Dagleg leiar skal få avstemt rekneskap kvar månad, og styret skal få rekneskapsrapport kvart kvartal.
Årsmøtet 2022 blir på Bryggen Museum i Bergen, fredag 4. februar kl 17:00
(Merk at Memoarkonferansen går same stad og same dag, vi vil gjerne sjå deg også der!)
Forslag til årsmelding og førebels årsrekneskap er lagt ved. Rekneskapet er til revisjon, og styret legg siste hand på årsmeldinga 31/1. Innan årsmøtet vil både revidert rekneskap og styrets forslag til vedtak om årsmeldinga bli lagt ut på www.memoar.no/om/2022 .
Årsmøtet vil bli gjennomnført som såkalla hybrid - det blir eit fysisk møte med høve til også å ta del digitalt. Dei som ynskjer å delta digitalt, kan melde seg på gjennom å svare på denne eposten.
Møtet blir kalla inn med denne sakslilsta:
Årsmelding om arbeidet sidan sist årsmøte
Rekneskap
Innkomne forslag
Arbeidsplan og budsjett
Val av styre, valkomite og revisor.
Forslag som medlemmer vil fremje må sendast til post@memoar innan fredag 28/1 kl 13:00.
(Vi er kjende med at fylgjande forslag vil kome:
- Forslag om praktisk oppdatering av vedtektene etter tilråding frå rervisor.
- Forslag om å vidareføre vedtaket frå årsmøtet i 2018 om å etablere ei stifting. )
Vi håpar å sjå flest mogleg til stade - fysisk eller digitalt - på årsmøtet og på Memoarkonferansen!
14. januar 2022
Bjørn Enes