Nytt storprosjekt i Vestland!
Memoar og Kystmuseet i Øygarden inviterer vi til et informasjonsmøte onsdag 4. november klokken kl 12-14, og et kl 18-20. Vi inviterer ogsp til et kurs muntlig historie onsdag 11. november klokken 18-20:30. Hele uke 44 skal vi også samle minner om livet i Øygarden.
Dette er prosjektsida for Vestlandsminne 2 som skal gjennomførast i 2026 og fyrste kvartal 2027.
Vestlandsminne 2 skal vidareutvikle metodikken og publikumsbygginga frå forgjengarane Bergensminne, Vestlandsminne 1 og Migrasjonsminne for å bygge partnarskap, organisasjon, infrastruktur og kompetanse fram mot eit senter for munnleg historie i Vestland. Kort fortalt består prosjektplanen av ei "Gambavandring" - ein metodikk for bygging av partnarskap og strategiutvikling som vi tidlegare har nytta med hell, og 4 lokale prosjekt i fylket - nord, indre, sør og Bergen. Kvart lokalprosjekt består av partnarskapsbygging, forteljekveld, intervjuserie/minneinnsamling, etterarbeid (dokumentasjon av klargjering for avlevering), arkivering og publisering - og til slutt eit publikumsarrangement som tydeleggjer nye funn i materialet.
Målet om å utvikle eit nasjonalt kompetansesenter for munnleg historie vart reist i 2020 av 6 fagpersonar: Professor Aud Mikkelsen Tretvik (NTNU), Seksjonsleiar Audun Kjus (Norsk etnologisk gransking), dagleg leiar Bjørn Enes (Memoar), Fagansvarleg Line Esborg (Folkeminnesamlinga), Prosjektleiar Line Førre Grønstad (Munnleg historie for alle) og dåverande avdelingsleiar Marie Nicolaisen (Sunnfjord Museum). (Sjå www.muhn.no)
(Frå Memoars panelsamtale i Grieghallen 14/9-25. Foto: Jan L. Jakobsen)
Gjennom ei lang rekke store og små prosjekt sidan då har både metodikk og kompetanse blitt vidare utvikla. Særleg har det vore framgang i Vestland. Vi ser det nå som svært gunstig om vi kan få til ein konsentrert innsats i Vestland for å synleggjere verdien av den munnlege kulturarven: både for soge- og historielag, øvrig frivillig kulturvern og for arkiv- bibliotek- og museumssektoren i fylket.
Ein svært viktig milepåle vart passert då Fylkesarkivet i Vestland sa seg interesserte i å forvalte den store Migrasjonsminne-innsamlinga som Memoar har hatt hovudansvaret for å samle i løpet av Utvandringsjubileet 2025. Det gjer Fylkesarkivet til den fremste kandidaten for det nasjonale oppdraget med langtidsarkivering av munnleg historie. I seg sjølv er det eit viktig argument for eit konsentrert prosjekt i Vestland.
var eit pilotprosjekt med same idé, gjennomført i kommunane Fjaler, Solund, Hyllestad og Askvoll i 2023. Prosjektet har eiga side.