Hallingdal
(Bildet: Merethe Offerdal Tveit /OfferdalFilm i arbeid med optak til filmen om prosjektet i Hallingdal)
Fyr i eisa - klart for å smi!
Onsdag 27. august 2019 sto leiar av Nes Historielag, Leif Olav Klype, i smia på Hallingdal Museum og fyrte opp eisa. “Ska du smi, må jarnet bli varmt! Er det ikkje det me skal i ettermiddag og?” Sa han.
Han tenkte på idéstormen om innsamling av munnleg kulturarv i Hallingdal. Det var slik den offisielle oppstarten av prosjekt "Munnleg historie for alle" gjekk føre seg den same ettermiddagen. Les meir om det i Memoar.blog
Munnleg historie er systematisk innsamling, arkivering og formidling av munnlege kjelder og munnleg kulturarv. Mange delprosjekt skal startast opp i samarbeid med musé og historielag i alle delar av landet dei næraste tre åra. Arbeidet med ein prosjektplan for Hallingdal starta på Nesbyen 27/8 2019.
Hovudansvarleg er Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie. Prosjektpartnarane er Norsk Folkeminnesamling, Norsk etnologisk gransking – og ei mengd historielag, fortidsminneforeiningar, veneforeiningar og abm-institusjonar over heile landet.
Memoar har som intensjon å halda fram samarbeidet med Nes Historielag, Buskerudmuseene / Hallingdal Museum, kursdeltakarane og andre frivillige og profesjonelle minnesamlarar i Hallingdal også etter oppstartarrangementet.
Offisiell prosjektstart av "Munnleg historie for alle" i Nesbyen 27. august 2019:
Vi valde å legga den offisielle opningsmarkeringa av heile prosjekt "Munnleg historie for alle" til Nesbyen 27. august 2019, , på Høvahuset på Halingdal Museum. Invitasjonen såg slik ut:
Markeringa får ikkje form av hornmusikk og fyrverkeri - i staden vil me invitera til ei utveksling av erfaringar og idéar om immateriell kulturarv og munnleg historie i Hallingdal. Kva er det? Kva bør dokumenterast og bevarast? Korleis kan det gjerast?
Alle frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar er velkomne til å ta del. Me har invitert særskilt historielaga og eit panel av enkeltpersonar, mellom andre leiarane av Norsk Folkeminnesamling, Norsk etnologisk gransking og Memoar samt prosjektleiaren for «Munnleg historie for alle». I tillegg håpar me at denne informasjonen når fram til mange frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar - og at dei vil kunne ta seg tid til eit par timars høgttenking saman med oss.
Møtet skal gå føre seg i Høvahuset på Hallingdal museum i Nesbyen. Det vil vera ope for presse og publikum. Me ynskjer også sjølve å gjera opptak til ein reportasje om samtalen, for me trur han vil bli interessant for alle rundt i landet som skal starta lokale minneinnsamlingar dei komande åra. Det er både rike tradisjonar og verdfulle erfaringar med bevaring og formidling av munnleg historie i Hallingdal!
Nokre aktuelle tema for samtalen:
Kva kjenneteiknar Nes og Hallingdal sin munnlege kultur i dag?
Har me døme på pågåande prosessar som det er viktig å dokumentera (f.eks «Kjerringtorget»)?
Kva slag immaterielle spor sette den kunstnariske blomstringa under nasjonalromantikken?
Finst det framleis minne frå «førindustrielle liv» i dalen (Seterdrift)?
Historielaget og andre har alt gjort eit stort innsamlingsarbeid - korleis kan det sikrast for all framtid?
Er det mogleg å engasjera ungdomslag og skular i innsamling, dokumentasjon og/eller formidling av Hallingdals munnlege historie?
Blant deltakarane i samtalen var:
Anne Marie Kollhus, Nes Historielag og Memoar
Marit Holme Mehlum, Hallingdal Museum,
Torill Thømt, Kunstlandskap Nesbyen,
Ola Terje Oleivsgard, Ål Bygdearkiv,
Eva Cecilie Skaarberg, Hol Historielag
Line Esborg, Norsk Folkeminnesamling,
Audun Kjus, Norsk etnologisk gransking,
Line Grønstad, Memoar (prosjektleiar MHA),
Bjørn Enes, Memoar,