Brannfolk
Memoar og Bergen Brannkorps Historielag startar ny intervjuserie:
15. desember 2020 startar Bergen Brandkorps Historielag og Memoar opp att innsamlinga av munnleg kjeldemateriale om Bergens nyare brannhistorie. I løpet av tre tirsdagar i desember og januar vil intervjuarar frå Memoar gjere opptak i Bergen gamle brannstasjon. Formålet er å samle inn munnleg kjeldemateriale til historielaget, Bymuseet i Bergen og Norsk Folkeminnesamling. Alle vil også bli oppmoda om å dele opptaket offentlig på Memoar og / eller historielaget sine nettsider.
Det er den som blir intervjua som bestemmer om og korleis kvart opptak skal kunne brukast. Dette blir bestemt i ein eigen avtale med kvar person som blir intervjua (sjå nedanfor om samtykke).
Intervju som blir publiserte, vil kome på denne sida. Her kan ein også både melde seg på - og sjå kva for intervjutider som er ledige.
Etter jul vil det kome invitasjon til å delta i dugnadsarbeid om etterarbeid (dokumentasjon) av opptaka. Meir om dette seinare.
SAMTYKKET:
Memoar arbeider for å samle inn og dele munnleg kjeldemateriale. Aller helst vil vi at alle som interesserar seg for Bergens brannhistorie skal få tilgang til mest mogleg av intervjumaterialet. MEN: Vi lar den som fortel behalda opphavsretten til opptaket. Han er ho som blir intervjua bestemmer om opptaket kan arkiverast og brukast, og kva det kan brukast til.
For å dokumentere kva vi har blitt samde om - og for å sikra mot misforståingar - lagar vi ein skriftleg avtale som blir lagra saman med opptaket.
Skjema for slik samtykkeerklæring kan hentast her. Intervjuaren har også med slike skjema på avtalt tid for opptak.