Os i Østerdalen

Inge Kroken, født 1932, har vært lokalpolitiker i Os, og medlem i Arbeiderpartiet det meste av sitt voksne liv. Foreldrene hadde også vært medlemmer av Arbeiderpartiet, og det var stor aktivitet i arbeiderlagene etter krigen.I intervjuet forteller han om utviklingen i Os-samfunnet, og sine erfaringer i politikken fra sitt første politiske verv i Os jordstyre i 1961. - Les meri


Rune Aas, født i 1942, forteller om oppveksten i Os, og om å være med på utviklingen i elektronikkbransjen i Norge, og om tiden i Tandberg. Han har skrevet boken Forsvar i hardt klima (2021), som handler om NATO-anlegget i Os.

Les meir

Webinar onsdag 11. mai må utsetjast - ny dato kjem

Onsdag 11. mai var planen å gjennomføre eit webinar som siste del av introduksjonskurset i munnleg historie. Men på grunn av sjukdomsforfall og ei dobbeltbooking, fann vi det best å utsetje webinaret til seinare i mai. Ny dato kjem i nær framtid.

Webinaret er fyrst og fremst tiltenkt deltakarane på introduksjonskurset til munnleg historie, som Os historielag og Memoar gjennomførte 10-11. november 2021. I samband med kurset vart det gjort to intervjuopptak, Inge Kroken og Rune Aas. Etterpå har samarbeidspartnarane arbeidd vidare, med dokumentasjon av dei to opptaka, utdjuping av ei emneordliste for munnleg historie i Os, og med å førebu og gjennomføre eit nytt intervjuoptak. Webinaret seinare i mai kjem til å vare minst to timar - men om det er behov, kan det også bli lengre.

Dette skal skje på webinaret:

Fyrst litt takk for sist og snakk om arbeidet som er gjort sidan sist.

Så går vi meir detaljert inn på intervjuet som er gjort i mellomtida. Vi utvekslar erfaringar med forarbeid og gjennomføring av intervjuopptaket, og diskuterar verdien av opptaket. (Informasjon om kven som er intervjua og eventuell tilgang til intervjuet kjem her så snart det er avklart samtykke med personen som er intervjua.)

Deretter diskuterar vi emneordlista - har det blitt tydeleg i dette nye intervjuet at lista bør supplerast med viktige stikkord som andre også truleg kjem til å snakke om?

Siste (planlagte) post blir vidare samarbeid framover. Korleis sikrar med dokumentasjon av det siste opptaket? Skal det gjerast fleire opptak? Er det aktuelt å organisere eit breidare samarbeid - f.eks. med museet og med Ålen Hilstorielag (som også skal ha kurs i år.

Slik blir du med på webinaret:

Enklaste måte er å bli med på fellessamlinga til Os Historielag. Ta kontakt med Jon Holm Lillegjelten.

Du kan også delta heimefrå. Du må ha ein PC (eller Mac eller Chromebook) med kamera og mikrofon. Kvaliteten blir mykje betre dersom du skaffar deg eit headset med mikrofon.

Du treng ikkje laste ned noko programvare. Berre klikk på nettadressa du får når du er påmeldt, og svar "ja" når maskinen spør om du tillet at programmet får bruke kamera og mikrofon. Så er du inne!

Webinarleiar Bjørn kjem til å logge seg inn ein times tid før webinaret startar. Gjer gjerne det du og, for å teste at alt utstyr virkar greit!

Emneord - Os:

Under Memoarkurset 10. november starta diskusjonen om eit knippe emneord som kan effektivisere logginga og være ei huskeliste under nye intrvju (OBS: Huskelist i baklomma - ikkje spørjeliste som stel fokus frå forteljaren!). Dette er lista som kom ut av kurset:

Fjellbygdkomiteen

Jordbruk

Anleggsareid - Radaren

Luftforsvaret

Arbeiderpartiet



Ideologien

Bondepartiet

Kommuneadministrasjonen

Praktisk læring - Snekkerskula

Skulen - Ungdomskulen

Tillit

Kyrkja - presten

Vintersport

Jakt

Kultur - Stevner



November 2021 - Forslag til vidare arbeidsplan i Os:

Os Historielag:

  • Namneliste - kven bør intervjuast?

  • Emneordliste: Kva trur me og håpar me dei vil fortelja om?

  • Intervjupan

  • Webinar med Memoar


Memoar:

  • Oppdatere nettsida

  • Logge Inge Kroken og Rune Aas

  • Tilpasse og sende samtykke-skjema

  • Webinar med Os


Hovudpresentasjonen på introduksjonskurset 10/11 2021:

Memoarmetoden 222


Opprinneleg kursplan 9-10. november:

Memoar og Os Historielag i Østerdalen inviterar historielagsmedlemmer og andre interesserte i Nord-Østerdalen til introduksjonskurs om munnleg historie i TOS Arena, Os onsdag 10. november 2021.

Kursdeltakarane er også velkomne til å delta som intervjuar, medintervjuar eller observatør under intervjuopptak dagen før - tirsdag 9. november. Då skal blant andre gammelordførar Inge Kroken intervjuast av Jon Ola kroken, styremedlem i Os Historielag.

Send gjerne inn forslag i forkant på andre personar som også bør intervjuast som primærkjelder til lokal historie i Os og Nord-Østerdal. Send til Os Historielag eller til post@memoar.no

Tirsdag 9/11

Vi byrjar kl. 12:00 med ein kort brief for dei som skal vere med på intervjuopptak.

Kl. 13 tek vi til å arbeide praktisk med intervju. Vi likar å gjere reelle intervju som skal bevarast og eventuelt publiserast. Dei av kursdeltakarane som vil starta med intervju er særleg velkomne til å delta som intervjuar, medintervjuar eller observatør.

Vi kan gjere tre intervju (kl 13 - 15 og 17).

Onsdag 10/11

Vi startar klokka 09:00 og held på til ca 15:30. Dette er teori-dagen: Vi brukar erfaringane frå dag 1 som "case" for å gå gjennom etikk, avtalar, førebuingar, intervjuteknikk, litt kamera/lyd/lys-teknikk, mellomlagring, dokumentasjon, arkivering/avlevering til Norsk Folkeminnesamling og formidling.

Vi brukar presentasjonen under som læremiddel.

Torsdag 25/11 - webinar

Frå hausten -21 gjennomfører vi dag 3 som webinar, ca. to veker etter dag 1+2.

Vi brukar det til å utveksle erfaringar som er gjort i mellomtida, og diskuterar vidare framdrift. Deretter arbeider vi praktisk med etterarbeid: Dokumentasjon, etikk (presseetikk, museumsetikk), litt redigering, arkivering/avlevering til Minner.no, og formidling.

I prosjektet "Munnleg historie for alle" 2019-2022 kan Memoar, Norsk Folkeminnesamling og Norsk etnologisk gransking tilby historielag, musé og andre så å seie gratis kurs om innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av munnleg historie.

Samarbeidspartnarane må ordne kurslokale, lokale til intervjuopptak og invitasjonar til kursdeltakarar og intervjuobjekt. Det er også viktig at samarbeidspartnarane gjer avtale med minst ein person som kan bli intervjua dagen før sjølve kursdagen. Vi kan gjere opp til tre intervju - helst med personar som er primærkjelder til lokalhistorisk utvikling. Kursdeltakarane kan delta - som intervjuar, medintervjuar eller observatør - så sant dei som skal bli intervjua samtykker til det.

Memoar dekker våre eigne kostnader (kursleiarar, reise, utstyr). Deltakarane betalar ein eigenandel på kr. 300, - som også dekker lunsj på kursdagen.

For å ta del i webinaret på dag 3, må du ha tilgang til ein PC (eller Mac eller Chromebook eller nettbrett eller telefon med internett). Maskinen din må ha kamera og mikrofon. Ein ekstern mikrofon/øyretelefon gir ofte betre kvalitet på lyd inn og ut.

Du må ha interesse for å lytta til andre folk sine forteljingar om levd liv og erfaring. Ut over det er det ingen førehandskrav.

Ta kontakt med post@memoar.no

Kursleiarar: Bjørn Enes - og

Bjørn er veteran i arbeidet med munnleg historie. Bak seg har han eit halvt arbeidsliv i industrien, og den andre halvdelen i media, som avis-, fjernsyns- og frilansjournalist både innan tekstarbeid og billedmedia. Han har arbeid i Memoar sidan starten i 2015, og har ein lang periode vore leiar der. Han har budd i Kristiansandsområdet det meste av livet, men sidan 2012 har han hatt base i Bergen.

Maren Rogstad

Maren Rogstad er historikar med master i moderne internasjonal og transnasjonal historie frå UiO. Ho begynte med munnleg historie i samband med sitt mastergradsprosjekt, og er frå hausten 2021 med på å bygge opp Memoar i Oslo.