Hovudprosjekt i utvandraråret:
I 2025 arbeider Memoar med å førebu eit språkhistorisk prosjekt . Dette vil bli prosjektsida. Kom tilbake seinare for å sjå om vi fekk det opp å gå!
Onsdag 26/11 (2025) kom gladmeldinga om at Sparebankstiftelsen DNB støttar forprosjektt til den planlagte språkinnsamling (sjå under)
Nynorsk kultursentrum, Musea for skriftkultur og Memoar planlegg eit pilotprosjekt i Valdres: "Språkhistoria i Valdres – innsamling av munnlege minne".
Målet er å ta vare på personlege forteljingar om språkbruk, haldningar til språk og språkendringar gjennom livet – frå barndom til vaksen alder.
Valdres er eit spennande område med mange språkdebattar – både om valdresdialekta og om nynorsk eller bokmål som opplæringsspråk. Mange har eigne erfaringar med språk som ein viktig del av livshistoria si. Desse forteljingane ønskjer vi å dokumentere og bevare for framtida.
Prosjektet skal prøve ut "Memoarmetoden" for å samle inn moderne språkhistorie. Vi ønskjer å samarbeide med lokale partnarar som mållag, historielag og Valdresmusea – både om tema for samtalane og om å finne personar som vil la seg intervjue. Intervjua skal takast vare på og gjerast tilgjengelege gjennom Nynorsk kultursentrum og Memoar. På sikt vil vi bruke røynslene frå Valdres til liknande innsamlingar i andre delar av landet.
Vi tek no kontakt for å høyre om de vil vere med – med innspel, deltaking eller forslag til aktuelle forteljarar.
Vi planlegg å gjennomføre innsamlinga i januar eller februar 2026 (veke 3, 4, 5, 8 eller 9).
Er dette noko de kunne tenkje dykk å bidra til? Har de forslag til tidspunkt som passar – eller ikkje passar?
Kontakt i Memoar: Bjørn Enes
Kontakt i Nynorsk Kulrtursentrum; Fredrik Hope
Det er avklart at både intervju og publikumsarrangement vil foregå på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Men datoar er ikkje bestemt - det som blir nevnt under her er berre forslag frå prosjektansvarleg Bjørn:
Alternativ 1 - Januar:
Intervju tirsdag 27, onsdag 28 og torsdg 29
kveldsarrarangement torsdag 29. januar
Alternativ 2 - februar:
intervju onsdag 18, torsdag 19 og fredag 20
kveldsarrangement fredag 20. februar
På kveldsarrangementet kjem intervjuar Bjørn til å innleie med nokre gullkorn frå og nokre refleksjonar etter intervjuserien. Alle som har blitt intervjua blir inviterte til å delota i samtalen. Arrangementet blir også ope for andre språkinteresserte i Valdres.
Kommenter gjerne til bjorn@memoar.no
Vi kjem til å rigge opp eit "intervjustudio" på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Der vil vi invitere både vanlege språkbrukarar og fagpersonar til samtalar som på biletet. (Bildet er frå Åseral 2020)
Vi ber om samtykke til lyd- og videoopptak. Før optaket blir arkivert, får den som har blitt intervjua sjå gjennom for å vurdere om noko skal takast ut av intervjuet.
Etter at alle intervju er gjennomført, blir alle forteljarar inviterte til eit kveldsarrangement - også det på Voss Folkemuseum. Tema: Språkutvikling i Valdres i vår tid ("manns minne")
Memoar har som prinsipp at det er dei som blir intervjua som eig intervjuopptaket.
Memoar, Nynorsk Kultursentrum og Musea for skriftkultur ber om samtykke til å
a) dokumentere innhaldet med eit skriftleg samandrag og ein innhaldslogg,
b) arkivere intervju og dokumentasjon mellombels i Memoar sitt arkiv,
c) avlevere alt til Fylkesarkivet.no når arbeidet er ferdig med heile serien og
d) publisere innhaldet.
Forteljaranbe kan seie ja eller nei til kvart enkelt punkt. Dei kan også seinare ombestemme seg.
Klipp på faksimilen av avtaleformularet til høgre for å sjå detaljane.
Frå tidlegare intervjuseriar:
(Stord, Nesbyen, Bardufoss, Åseral)