Hovudprosjekt i utvandraråret:
Memoar- norsk organisasjon for munnleg historie, er ein frivillig, ideell organisasjon som har til formål å fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv.
Verksemda vår handlar i hovudsak om å samle inn og formidle ytringar gjennom intervjuseriar i lokalhistoriske eller tematiske innsamlingsprosjekt. Som regel arbeider vi saman med andre organisasjonar eller arkiv/bibliotek/musé-institusjonar.
Vi gjer lyd- eller videoopptak av kvart intervju, lagrar det i eit arbeidsarkiv, dokumenterar kva det handlar om i form av ein maskintranskripsjon, ein innhaldslogg og eit tekstsamandrag. Deretter lagar vi ei publiseringsklar video- eller lydfil som er i samsvar med god presseskikk.
Vi brukar såkalla kunstig intelligens som hjelpemiddel i dokumentasjonsarbeidet gjennom maskinelt skapte fyrsteutkast til transkript, samandrag og logg (stikkordsmessig innhaldsoversyn med tidskoder). Slike fyrsteutkast blir alltid korrigerte av kompetente personar før bruk.
Vi gjer alt dette klart for avlevering til eit offentleg nasjonalt arkiv for munnleg kjeldemateriale. Memoar arbeider politisk for at Noreg skal opprette eit slikt nasjonalt offentleg arkiv for munnleg kjeldemateriale, og eit nasjonalt kompetansesenter for munnleg historie. Fram til det er på plass, driftar vi eit mellombels privatarkiv.
Vi avleverar også gjerne til andre lokale eller regionale arkiv, bibliotek eller musé viss den som har blitt intervjua samtykker til det.
Når den som har blitt intervjua samtykker til det, gjer vi publiseringsfil og dokumentasjon tilgjengeleg for alle interesserte gjennom vårt eige publiseringsmedium, www.memoar.no med creative commons lisens 4(by-nc).
Vi arbeider også med å lære opp nye minnesamlarar, organisere nye innsamlingsprosjekt og med å utvikle munnleg historie som fagfelt og kultursjanger.
Arbeidet blir finansiert gjennom offentleg drifts- og prosjekttøtte, medlemskontingent, gåver, billettintekter og inntekter frå oppdragsproduksjonar.
Memoar driv ikkje med heilt eller eller delvis automatisert behandling av personopplysningar. Vi driver heller ikkje med manuell behandling av personopplysningar som inngår i eller skal inngå i et register - med unntak av fylgjande:
Medlemsregister: Her samlar vi namn, adresse, epostadresse og fødselsår på alle som har meldt seg inn som medlemmer i Memoar. Desse opplysningane blir brukte til å sende ut informasjon til medlemmene, og til å kontrollere medlemskap på årsmøter og andre arrangement der det er krav om medlemskap eller der medlemmer får redusert pris. Vi brukar også medlemsregisteret til å krevje inn kontingent og til å føre rekneskap over kven som har betalt kontingent.
Arbeidsarkiv: Her samlar vi inn namn, adresse og epostadresse til alle som har blitt intervjua. Vi registrerer også opptaksdato og -stad, kva for eit innsamlingsprosjekt intervjuet er ein del av, kva for ei arkivmappe som opptaksfilar, dokumentasjon, publiseringsfil og samtykker er lagra. i, og informasjon om det er gitt samtykke til publisering på Memoar.no. Desse opplysningane blir brukte til å dokumentere autensiteten til kjeldematerialet, og til å sikre kommunikasjon med dei som har blitt intervjua.
Tesaurus: I nokre innsamlingsprosjekt utviklar vi prosjektspesifikke emneordlister som skal gjere det lettare å søke opp ytringar om same emne frå fleire personar. Slike lister er knytta til tidskodar i den enkelte ytringa, og berre indirekte til personen som ytra seg. Slike emneordlister blir brukte til å effektivisere søk i samband med forsking og litterær/kunstnarisk bruk av kjeldematerialet.
I intervju blir det ofte gitt opplysningar av personleg karakter. Slike opplysningar blir ikkje samla i noko register hos Memoar. I den grad dei blir brukte, vil det være for journalistiske formål eller med henblikk på akademiske, kunstnariske eller litterære ytringar.
Av praktiske og økonomiske grunnar har vi vårt arbeidsarkiv i nettskya. Det betyr at vi ikkje har garanti for at serverar og backupserverar er plasserte i Noreg. Men sjølv om filane skulle finnast utanom EU/EØS, så overfører vi ikkje personopplysnngar til behandling i andre land. Vi reknar derfor med at vårt arbeidsarkiv ikkje er i strid med Personoplysningslovens Kapitel 5, artikkel 44.
Samtykker:
Vi lagar skriftlege samtykkeavtalar med alle som blir intervjua. Standardavtalar er publiserte på nettsida, og i forkant av kvart intervju skal intervjuaren forsikre seg om at samtykket er informert, frivillig og utvetydig. I samtykket kan den som bli intervjua si ja eller nei til:
At vi gjer videoopptak av intervjuet
At opptaket kan lagrast i Memoars arbeidsarkiv og seinare avleverast til offentleg arkivinstitusjon
At opptaket kan dokumenterast med ein transkripsjon, ein stikkorsdmessig innhaldslogg, eit tekstsamandrag og ei prosjektspesifikk emneordsliste
At det kan lagast ein publiseringsklar versjon av intervjuet der Memoar kan fjerne ytringar som vi meiner er i strid med god presseskikk.
At denne publiseringsversjonen kan leggast på nett med eit passord som berre intervjuar og intervjuobjekt får.
At passordet ikkje kan fjernast før intervjuobjektet har gitt dokumenterbart samtykke til å fjerne det. (skriftleg, som epost frå personleg epostadresse, SMS frå personleg telefon el.l.)
Når passordet er fjerna, er ytringa publisert med Creative Commons lisens 4 (by-nc) som betyr at intervjuet kan delast og bearbeidast, men ikkje til kommersielt bruk og ikkje utan av opphavspersonane blir krediterte.
At den som har blitt intervjua når som helst kan endre meining, og kreve passord pålagt igjen, eller nettpublisering avslutta eller full sletting av opptak og dokumentasjon.
Formidling: Den som har blitt intervjua, eig intervjuet og kan dele det og bruke det som ho eller han vil.
Intervju som blir publiserte på Memoar.no får creative commons lisens 4(by-nc), som betyr at dei kan delast vidare f.eks. på andre nettsider, at dei kan bearbeidast f.eks. gjennom å lage utdrag til bruk i foredrag, utstillingar etc - men at dei ikkje kan brukast kommersielt og ikkje utan at opphavspersonar blir krediterte.
Memoar fylgjer redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten til Norsk Presseforbund i si publiseringsverksemd. Vår viktigaste verdi er ytringsfridomen, og vår viktigaste ambisjon er å sikre at alle som ynskjer det skal kunne gjere si stemme og sine livserfaringar tilgjengelege både for samtid og framtid gjennom eit nasjonalt kjeldearkiv for munnleg historie.
Denne personverneklæringa er laga i samsvar med Personvernforordninga / GDPR.