INTERVJUet


Livshistoria til alle menneskje er både ei unik, individuell forteljing og ei forteljing om samfunnet i vår historiske epoke. Det er dette som gjer munnlege forteljingar om levd liv så interessante og verdfulle som kulturarv. Kvar einaste forteljing som blir delt og bevart, gir samtid og framtid eit meir nyansert kjeldemateriale til prosessen med å forstå historia. Derfor er vi glade for alle som vil dele forteljingar om levd liv! 

Fri forteljing er best

Når den som blir intervjua får fortelje fritt - akkurat slik ho eller han hugsar, med eigne ord, rett fram - då blir opptaket best. For då er det autentisk det som kjem.  Då gir forteljaren den som lyttar eit direkte innblikk i sine opplevingar og observasjonar.

Alt heng saman 

... med alt! Opningstida i barnehagen og mistolkinga av eit ord i verkstaden kan ha større påverknad på vegval i livet enn hundre tydelege tal. Slik er det verkelege livet - og slik haltar verdshistoria seg framover.

Prosjekttema

Nesten alle munnleg historie intervju blir gjort i prosjekt med eit smalt tema:  Migrasjon, industrihistorie, skulejubileum, bydelshistorie. 

Men ho eller han som blir intervjua er veldig mykje meir enn ein migrant, eller ein mekanikar eller ein som har gått på ein skule eller ein som bur i ein bydel. 

OG: Migrasjon er mykje meir enn å reise frå eit land til eit anna! Industrihistorie er mykje meir enn ein arbeidsoperasjon eller eit årsrekneskap. Og tidlege skuleår set preg på folk som utviklar seg vidare gjennom heile livet, og på generasjonar slik at skulehistorie blir kulturhistorie.

Derfor "held vi oss ikkje til tema":  Alt det andre som forteljaren har er også verdfullt!  

Teknikk:

Før start må vi sikre at lyd og bilde får god kvalitet. Det kan vere litt stressande. Men hugs: Ingen opptak vil bli brukt før den som har blitt intervjua gir samtykke til det. Og det er heilt lov å angre seg - då slettar vi det igjen. 

Avtale:

Memoar lagar skriftlege avtalar med dei som blir intervjua. Avtalane skal bevise for all ettertid at opptaket blei gjort frivillig, at det er den som blei intervjua som eig opptaket og at det berre kan brukas slik eigaren har bestemt.

Kvifor intervjuar vi?

Alle har ei forteljing å dela. Kvar einaste av oss er unike kjelder til ein del av historia om vår tid og vår nære fortid. Framtida treng eit rikt kjeldemateriale om dette, og når det no har blitt så enkelt og så billegg å ta vare på munnlege foreteljingar frå "vanlege folk" - då må me gjera det. 

Me treng å lagra forteljingar om levetida vår -  korleis det var å veksa opp i lokalsamfunnet, og korleis det såg ut. I dag veit me for eksempel at det er interessant å høyra om grasbøane i bygda, for i dag er dei grodde til med skog.  For førti, femti år sidan visste ingen at det kunne bli interessant. På same vis kan ting som i dag er kvardagslege og sjølvsagte bli veldig viktige for folk i framtida. 

Me treng å høyra om skuletida, og arbeid og reidskapar og måtar me laga ting på. Mykje kunnskap blir borte når nye verktøy kjem. Og me treng å minnast korleis me arbeidde saman - og korleis me var saman på fritida.  

Store hendingar er viktige å ha mange kjelder til. Det er ikkje nok med ein offisiell rapport eller eit avisreferat om kva som hende. Alle involverte såg hendinga på ulikt vis, alle er  tidsvitner.