Bli minnesamlar!
Alle kan fortelje - og alle kan intervjue
Alle er vi med på å skape den samtida vi lever i. Dermed er vi alle også med på å skape historia om vår tid!
I Memoar meiner vi at mange bør dele livshistoria og livserfaringane sine, med komande slekter - og i den offentlege samtalen her og nå. Å dele forteljingar og refleksjonar er kjerna av det å leve i eit demokrati, og det å bygge tillit, forståing og respekt.
Fortel i det private rom. La andre i familien gjere opptak av deg - og la dei lagre opptaket på ein trygg plass.
Meld deg som forteljar når historielaget eller museet eller fagforeininga eller Memoar sjølv ber om frivillige til ei minneinnsamling.
Ta initiativ sjølv: Kjøp eit profesjonelt intervju - og del det gjerne med lokalarkivet eller Memoar slik at det går inn i storsamfunnets minne.
Lag boka eller podcastserien om ditt liv og dine erfaringar. Bruk gjerne kurset "Mitt memoar" til kome i gang!
For å bygge rike og mangfaldige minnesamlingar, trengs det både frivillige og profesjonelle minnesamlarar.
Memoar meiner at mange må samle. Mange må gjere intervjuopptak, og mange må hjelpe til å dokumentere opptaka slik at det ikkje berre ligg att anonyme minnepinnar utan informasjon om kven som fortel til kven, når opptaket etr gjort og kva det handlar om.
Gjer private intervjuopptak. Legg dei saman med dokumentasjonen på ein god minnedisk i familiearkivet.
Meld deg som frivillig intervjuar når Memoar eller andre startar ei minneinnsamling i din kommune eller på din arbeidsplass.
Bli med på minnesamlarkurs og / eller eit av spesialkursa om dokumentasjon, videoredigering eller formidling.
Bli med på webinar om erfaringsutveksling for minnesamlarar - siste mandag i kvar månad frå august til mai, kl. 20 på prat.memoar.no
Minnesamling er også ein profesjon - Les meir
Munnleg historie
innsamling, dokumentasjon, bevaring og deling av munnleg kjeldemateriale frå vår tid
OPPLÆRING
Vi tar med opptaksutstyr og reiser ut på kurs i heile Noreg. Alle som ønsker kan delta med prosjekt og innsamling. Kursa er for både profesjonelle og frivillige. Vi lærer kvarandre å lytte og viser verdien av mangfald. Memoar hjelper til med å søke støtte til finansiering.
Avtaler
Samtykkeskjema er kanskje noko av det viktigaste vi jobbar med i Memoar. Avtalane legg til rette for at den personlege historia blir til ei anerkjent primærkjelde. Intervjua skal dyrke fri forteljing. Samtykke sikrar forteljaren kontroll over arkivering og eventuell publisering.
DOKUMENTASJON
Intervjuet blir logga med søkbare stikkord og tidskoder. Her skriv vi og eit kort samadrag av innhaldet. Logg med tekst sendes til forteljaren for godkjenning. Videofil, samtykke, tekst og logg skal arkiverast og publiserast saman.
Intervjuet
Det skal vere lett å svare i starten. Memoar ønsker eit stort mangfald i nettverka som samlar kjelder til historia. Det kan fungera fint med fleire enn ein intervjuar. Munnlege forteljingar er som regel fulle av avsporingar. Forteljinga har ingen tråd – den er eit tre.
Video og lyd
Teknologien gjer oss til den første generasjonen som kan ta vare på opptak av munnleg historie frå eige liv i masseomfang. Bruk lenka til tips om videokamera og mikrofonar. Vi jobber med å tilrettelegge for intervjuopptak med mobiltelefonen.
Redigering
Memoar har avtale med WeVideo som har eit enkelt, skybasert redigeringsprogram. Du kan bruke ditt eige redigeringsprogram om du vil. Den som har gjort intervjuet laster opptaket og scannet av avtalen til en transportmappe i Dropbox. Tilgangen til redigering og Dropbox får du av Memoar.
kvifor munnleg historie?
Demokrati og mangfald: Alle har ei forteljing å dele! Saman intervjuar vi folk om livet deira, og arkiverer samtalane. Memoar ønskjer eit stort mangfald i nettverka som samlar kjelder til historia.
Anerkjente kjelder: Gjennom å bruke samtykkeskjema og sørge for lagring i anerkjente arkiv, får intervjusamlingane verdi som historiske kjelder frå vår tid. Arkiva med intervju er viktige bidrag til historia.
Alle har ei forteljing å dele: Munnleg historie er ofte minne og livsefaringer fra yrkes- eller organisasjonsliv, lokalsamfunn eller historiske prosesser folk har vore med på. Når vi blir trygge på kvarandre i eit intervju, blir vi ukorrekte nok til å le saman, samtidige som vi støtter kvarandre når praten blir alvorsam. Om du har eit heilt liv å dele, eller tenker at «dette har ingen fortalt om», om du er ung og krysskulturell, skeiv og modig, «tiger» med Downs… Munnleg historie speglar språk, fargar, endra meiningar og nye vegar. Dette vil Memoar ta vare på og dele, for det er ingen tvil om at livshistorier bidreg til større mangfald av kjelder om oss og tida vi lever i.
Samarbeide: Memoar er eit historileag og vi er med i Kulturvernforbundet. Internasjonalt er vi medlem av Oral history society. Vi samarbeider med enkeltpersonar, lokalhistorielag, lag og organisasjonar om innsamling. Ofte vil musé, bibliotek eller arkiv bli med på prosjekta. Folk blir engasjerte! Kven møter vi i lokalhistoriske bøker? Kva kan vi søke opp i Lokalhistoriewiki? Historia vår treng endå fleire stemmer! Saman løftar vi fram verdien av enkeltpersonar sine erfaringar. Vi har ein visjon om at det moderne og mangfaldige Noreg «oppdagar seg sjølv» gjennom å dele si munnlege historie og synleggjere sin immaterielle kulturarv.
Beredskap: Memoar tar vare på folk sine opplevingar av kriser og uventa hendingar, koronapandemien, krigen i Ukraina og skytinga før Pride i Oslo. Over heile verda dokumenterar the Oral History-organisasjonar folk sine forteljingar om miljø- og klimaendringane.
Innsamling av munnleg historie er demokrati: I land der folkestyret er trua, blir søsterorganisasjonar våre knebla og arkiva deira øydelagte. Stemmer frå folket blir regna som farlege. Over heile jordkloden veks The Oral History-rørsla raskt. Deling av livshistorier er arbeid for demokrati, samkjensle og mangfald.
Historikk: Munnleg historie er innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av munnleg kjeldemateriale om historisk og kulturhistorisk utvikling. Fagfeltet har vakse saman med moderne utstyr og metodar for opptak og lagring av munnlege primærkjelder. Omgrepet Munnleg historie vert brukt både om det faglege interessefeltet, den historiefaglege metoden og om produktet som vert skapt når ein "driv med" munnleg historie. Munnleg historie er historiefagleg arbeid: Ein intervjuar enkeltmenneske om personlege erfaringar for å få tak i livshistoria, og/eller deira opplevingar av enkeltfenomen, for på den måten å demokratisere historieskrivinga og sikre at fleire stemmer får kome til orde. (Sjå meir i Lokalhistoriewiki)
Memoarmetoden: kurs - fortelje - video - logging - arkiv - publisering - formidle
Utvikling av prosjekt saman med frivillige, organisasjonar, musé og andre.
Beredskap om uventa hendingar krev dokumentasjon, til dømes krigen i Ukraina.Kursing i munnleg historie for både profesjonelle og frivillige.
Vi lærer kvarandre å lytte, å vise kvarandre verdiar av mangfald.Intervju som dyrkar fri forteljing
Samtykke som sikrar forteljaren sin kontroll over arkivering og publisering.
Opptak blir dokumenterte med søkbare stikkord og tidskoder
Etablering av dugnadsgrupper som deltar i dokumentasjonsarbeidet
Opptak og dokumentasjon blir langtidslagra for framtidige generasjonar
Publisering på internett for vidare deling
Arrangement basert på intervju og nettverk som blir skapte gjennom fortelijarane.
FORMIDLING: Arrangement basert på intervju og nettverk blir gjennomførte i samarbeide med fortelijarane.
Utstyr - sjå memoar.no/video og lyd
Internasjonal inspirasjon
British library
Nasjonalbiblioteket i Storbritania har en av verdens største samlinger av muntlig historie. Samlingene forteller om britisk liv, arbeid, kultur og erfaringer. «The mission to record and preserve a wide range of voices through in-depth biographical accounts, to make them available and inspire their use.» British Library
NationaL Lifestories
British Library har et eget program for muntlig historie: National Life Stories. Programmet ble etablert i 1987 og organiserer nettverk av frivillige. «We encourage people of all ages to record their own and other people’s life stories.» National Life stories
Oral history society
I nesten et halv århundre har the Oral History Society støttet mennesker som vil samle og arkivere muntlig historie og dele fortellingene med andre. Memoar er medlem i det internasjonale forbundet. Vi deltar på konferanser og får faglig støtte og inspirasjon.
StoryCorps
StoryCorps’ er den største organisasjonen for muntlig historie i USA. De reiser rundt med studioer, har store innsamlinger og moderne formidling av muntlig historie. «Change the way you listen to - and share - stories that change lives». StoryCorps, USA
Останні матеріали
Краків, Польща, 16–19 липня 2022 року Як потрібно проводити польові дослідження під час неперервно зростаючої травми?
oral historians
The International Oral History Association (IOHA) er det internasjonale forbundet for muntlig historie. De arrangerer viktige konferanser for muntlig historikere over hele verden.
British Library, planen for munnleg historie i lenka under.
Artikkel: BEREDSKAP for munnleg historie
Brått var vi der igjen: I Historia. Eit influensavirus fikk Noreg og resten av verda til å stenge ned. Alt vart annleis. Framtida er heller ikkje som ho var!
Om eitt år, og fem år, og tjue år, og hundre år kjem folk til å spørja kvarandre: Kvifor samla dei så få forteljingar då det sto på?
Det vil finnast timevis med avisutklipp, radio- og TVopptak om kor mange smitta og kor mange døde - frå dag til dag og land til land. Me blir aldri trøytte av å høyra siste nytt. Men ettertida vil ha nok med ein ein enkel graf eller tabell. Dei vil spørja etter forteljingane: Korles var det å leva i dette?
Vil dei finna forteljingane om tillit - og tvil - til vitskap og politikarar? Om angsten for smitte, aggresjonen, brakkesjuka? Om å døy aleine på eit isolat medan sjukepleiarar jobbar livet av seg og dei næraste berre får fylgja med på billedtelefon?
Eller forteljingar om kvardagar og arbeid på nye måtar - og aha-opplevingar over ting som berre raringar hadde tenkt på før? Vil det finnast fyrstehands beretningar om kjærleik og einsemd i Koronaens tid?
For all del - mange tenkte framover. Norsk Folkemuseum og Teknisk Museum laga spørjelister som dei bad folk skriva svar på. Bergen Borgerscene bad folk dela forteljingar som kan bli teater. Og ved tusen kjøkkenbord er det vel framleis nokre som nyttar dei uventa heimedagane til dagboksnotat.
Men her finst ikkje noko beredskapssenter som samlar dei umiddelbare, munnlege forteljingane, frå folk som ikkje synest dei kan eller vil skriva.
Journalistane er jo på jobb, og dei gjer jobben framifrå. Men journalistar skriv og intervjuar for dagen i dag og avisa i morgon. Dei skal ha svar på spørsmål som brenn nå. Dei skal ikkje ha forteljingar og refleksjonar. Derfor får framtida rikeleg med svar på eit smalt spekter av spørsmål - men knapt med kjeldemateriale om korleis det var for alle dei som ikkje kom i avisa eller på TV.
Koronalærdomen viser oss at nettopp når det trengst kapasitet til å samle kvardagsforteljingar, mister vi apparatet vi hadde bygd opp. Vi må lage eit nytt verktøy! Eit som alle kan bruka. Eit som knyttar enkeltpersonar som forstår at dette er viktig, saman med den kollektive hukommelsen. Ein kanal rett frå mobiltelefonen. Eit nettverk som står i beredskap for å samla inn - MEMOAR.
Av Bjørn Enes, som starta Memoar i 2015, skrivi i 2020. Teksta vart dessverre aktuell att i 2022. I Russland blir våre søsterorganisasjonar knebla og arkiva øydelagt. Stemmer frå folket blir regna som farlege. Akkurat no samlar vi i Memoar forteljingar frå dei som er påvirka av krigen i Ukraina. Memoar er ein del av ei internasjonal rørsle.
Podcasten virus, munnleg historie om tida med korona
memoar.no/podcast
Litteratur om munnleg historie
Det er mange bøker og artiklar om munnleg historie. For deg som vil gå meir i djupna, har vi nokre forslag her.
Paul Thompson The Voice of the Past kom først ut i 1978, men blei oppdatert til å inkludere ulike internasjonale utviklingar i munnleg historiefaget i 2017: https://www.ioha.org/the-voice-of-the-past-oral-history-fourth-edition/
Alessandro Portelli vert rekna som ein av grunnleggarane av moderne munnleg historie teori. Han identifiserar 6 grunnleggande karakteristikkar ved muntlig historie i denne artikkelen fra 1981: https://academic.oup.com/hwj/article-abstract/12/1/96/562764?redirectedFrom=PDF
Ei samling artikler og arbeid på muntlig historie finnes i boka The Oral History Reader (2016) Robert Perks & Alistair Thomson (red.) https://www.routledge.com/The-Oral-History-Reader/Perks-Thomson/p/book/9780415707336
Lynn Abrams si Oral History Theory (2016) går djupare teoretisk i metoden. Ho har også med eit kapittel om munnleg historie som krisedokumentasjon. https://www.routledge.com/Oral-History-Theory/Abrams/p/book/9781138905399
Edvard Bull (1972): Arbeidermiljø under det industrielle gjennombrudd :
Dagfinn Slettan (1979): Muntlig historie - utviklingslinjer og muligheter
Dagfinn Slettan m.fl, (1984): Historie nedenfra. Festskrift til Edvard Bull på 70-årsdagen
Dagfinn Slettan (1994): Minner og kulturhistorie. Teoretiske perspektiver
Knut Kjelstadli (1999): "Fortida er ikke hva den en gang var - en innføring i historiefaget"
Aud Mikkelsen Tretvik (2004): "Lokal og regional historie"
Muntlig historia i teori och praktik (2015) Malin Thor Tureby & Lars Hansson (red.) https://www.studentlitteratur.se/kurslitteratur/humaniora-och-samhallsvetenskap/historieamnen/muntlig-historia-i-teori-och-praktik
Oral history i Danmark (2016) Sofie Lene Bak (red.) https://www.universitypress.dk/shop/oral-history-i-3534p.html
Ingar Kaldal (2018) "Minner som prosesser i sosial- og kulturhistorie"
Hildegunn Slottemo (2018): "Muntlige kilder og livsfortellinger "
Dag Hundstad (2020): "Lokale historier. Lokalhistorie, muntlig historie og historiefag i et historiografisk perspektiv."
I Bønn for Tsjernobyl har Svetlana Aleksijevitsj intervjuet overlevende etter Tsjernobyl ulykken. For denne boken vann ho Nobelprisen i 2015 og Kritikarprisen i 2014. https://deichman.no/utgivelse/pb6d408181f0ac7017f99d3f919aa1d12
Studs Terkel er ein av dei mest kjende munnleg historikarane i USA. Han har publisert tallause livshistorier i både bok- og radioformat. https://studsterkel.wfmt.com/ https://en.wikipedia.org/wiki/Studs_Terkel
Dagfinn Slettan (1941 - 1999) var historikar frå Holum i Vest-Agder. I åra etter avlagt hovudfagseksamen var han m.a. assistent og vikar for professor Edvard Bull. I 1978 ble han tilsett ved Trøndelag folkemuseum som «trønderamanuensis», ei stilling som var delt mellom universitetet og museet, der han skulle støtte opp om den lokalhistoriske verksemda i trøndelagsfylka i brei forstand. Slettan gjekk etter kvart over i full stilling ved universitetet, frå 1994 som professor i historie. Han tok friviljug på seg eit spesialansvar for dei faglege tilboda i lokalhistorie ved institusjonen. Fagleg sett var det den nyare historie han stod nærast, og innafor bruken av munnlege kjelder var han ein av dei fremste fagpersonane i Noreg i si tid. (Les meir i Lokalhistoriewiki) Artikkelen nedanfor er frå Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie i 1979.
Forskning og konferanser 2022
Brasil 2023
Oral History in a Digital and Audiovisual World. 25. -28. juli 2023