Fjaler

Samarbeidet mellom Memoar og Jakob Sandesenteret i Fjaler tok til i 2020, og fyrste gjennomførte fellesprosjekt var arrangementsrekka "Frå munnleg historie til forteljekunst" under arrangementet Fest i Fjaler i august 2021. Samarbeidet besto av ei kursrekke, fyrst to timar om munnleg historie med Bjørn Enes, deretter to timar om munnleg forteljekunst med Aslak Moe - og til sist to timar om personleg forteljing ved Jeaninne Masika Harrysson.

Parallellt med kursrekka samarbeidde vi også om ideane i praksis: Dale-veteranen Svein Solheim vart fyrst intervjua av Bjørn Enes. Deretter brukte forteljekunstnar Johanne Øvstebø Tvedten og regissør Aslak Moe dett intervjuet som råstoff for ei scenisk forteljing som vart framført søndag 15. august.

Etter kvart som dei ulike opptaka blir klare, vil dei bli publiserte her.

"Å segle ut - å segle heim"

Forteljekunstnar Johanne Øvstebø Tvedten framførte denne forteljinga på Jakob Sande Senter for forteljekunst i Fjaler den 15. august 2021. Framføringa var sluttpunkt og høgdepunkt på eit samarbeid mellom Tvedten, regissør Aslak Moe, minnesamlar Bjørn Enes og veteranen Svein Solheim frå Dale i Fjaler. Samarbeidet var organisert av Jacob Sandesenteret sin kunstnariske leiar, Liv Hege Skagestad.

Intervjuopptak - Svein Solheim:

(Videoen er inntil vidare sperra med passord. Spørsmål om passordet må rettast til Svein Solheim. Passordet blir fjerna når forteljaren har gitt sitt samtykke til det.