Di livshistorie er eit viktig dokument- både for di eiga etterslekt og for storsamfunnet. Delte forteljingar og erfaringar frå levd liv er kulturarv. Del di historie!
Eit immaterielt kulturminne er skapt!
Di livshistorie er eit viktig dokument- både for di eiga etterslekt og for storsamfunnet. Delte forteljingar og erfaringar frå levd liv er kulturarv. Del di historie!
Høyr og sjå livsminne og -erfaringar frå folk over heile landet. Bruk søkefeltet øvst til høgre på sida til å finne navn, stader, tema. Eller bruk sidekartet. Og: Bli gjerne med på dugnaden!
(Bildet er frå forteljarkveld i Stongfjorden, Askvoll, under prosjekt Vestlandsminne i oktober 2023)
Klikk her for årsmøtedokument og referat
Etter ein lang intern strategiprosess konkluderte Memoars årsmøte 25. mars 2026 med dette vedtaket:
Memoar tar sikte på å etablere "Senter for munnleg historie" i fyrste kvartal 2027, som ei stifting eller eit ideelt AS.
Gjennom 2026 tar vi sikte på å konsolidere posisjonen som viktig aktør innan fyrste domene av immateriell kulturarv, bygge partnarskap og bygge opp finansiering (stiftings- eller aksjekapital).
Neste store prosjekt skal vere oppstarten av ei permanent livshistorieinnsamling. Prosjektskildring skal vere klar i fyrste kvartal 2027. Søknaden skal gå i namnet til Senter for munnleg historie, og prosjektstart skal vere ca 1. juni 2027.
Det skal bygge vidare på minneinnsamlingane i 1964, 1981 og 1996, men hovudformatet denne gong blir munnleg historie i form av livsminneintervju, og samlingane skal som hovudregel bli tilgjengelege for alle interesserte (ikkje berre forskarar). Du kan fylgje arbeidet med å bygge opp prosjektet her..
Hovedtema for neste Memoarkonferansen 2026 var munnleg historie om migrasjon. Det var sluttkonferansen for prosjekt Migrasjonsminne - og samtidig ei markering av at mange av dei måla som Memoar sette seg ved oppstarten i 2015 - nå er nådd.
For fyrste gong vart konferansen arrangert utanfor Bergen - ny samarbeidspartnar var Deichman Tøyen i Oslo. Opptak frå heile konferansen er publisert på www.memoarkonferansen.no
Prosjektet er ikkje heilt slutt - siste fase fram til 30. april handlar om å finpusse det immaterielle kulturminnet Migrasjonsminne.no og å avlevere innsamla materiale til langtidsarkivering, tilgjengeleggjering gjennom LokalhistorieWiki.
12. desember 2025 vart Memoar akkreditert som rådgjevande NGO til arbeidet med immateriell kulturarv.
Memoar og Deichman Tøyen inviterar til kurs om munnleg historie 5 og 6. februar. Kurset er gratis, men krever påmelding
"..... men, sidan me først har denne passiaren, så har eg i ulike samanhenger sagt at om ein berre tek seg tid, finn ein alltid makroen i mikro. Sidan eg var lita, har eg hatt nasa nede i bøker om naturlege fenomen og historie. Derfor er det sers interessant å oppleva kor mykje eg lærer om mi eiga historie gjennom denne serien med intervju. Eg trur det har ei djup meirverdi - som ein ikkje ser ved første augekast."
Kristin Fjeld-Eiken, Haram
Enkelperson: kr. 350/år
Organisasjon: 500/år
Kurs - Konferanse - Webinar Infrastruktur for minnesamling
Bli med å bygge opp munnleg historie som fag og kultursjanger i Noreg!