biografiar og livshistorier
I månadsskiftet juni-juli 2023 - gjennomførte britiske Oral History Society eit symposium om livshistorie-intervjuet sin plass i fagfeltet munnleg historie. Ein viktig del av bakgrunnen var mangeårige erfaringar frå prosjekt National Life Stories, som sidan 1987 har arbeidd med å bygge opp ei landsdekkande samling av munnleg historie i British Library.
I dette arbeidet er det lange, biografiske intervjuet hovudmetoden. Samtidig ser OHS ein tendens til at kortare og meir fokuserte ein-saks-intervju tek over. Ei rad problematiseringar rundt dette vart drøfta under symposiet.
Og nå delar dei denne viktige kunnskapsproduksjonen med alle interesserte, gjennom å publisere innlegg og panmeldiskusjonar i eit særnummer av Oral History Journal - med åpen tilgang
Noreg treng ei livshistoriesamling
Sjå meir om eksempelet frå Storbritania: