studio

Folkeverkstad for munnleg historie i Bergen 

Studio i Lodin Lepps gate er eit enkelt studio som er sett opp for å gjennomføre munnleg historie intervju. Det eignar seg for ein-til-ein intervju eller intervju med maksimum to på kvar side av kamera. 

Du treng eit kort kurs i bruk av studio. Memoar har også tilbod om grundigare kurs for deg som vil engasjere deg meir i denne forma for lokalhistorisk arbeid.  Ta kontakt gjennom skjemaet nedanfor! 

Finn ledig tid i kalenderen - be om tilgang gjennom skjemaet. Du får svar på epost :-) 

Mandag 25. april 2022 -

Kurs i Studio Møllaren, Bergen 

Studio Møllaren ligg i Vitalitetssenteret på Møhlenpris, og vert drifta av Møllaren Frivilligsentral, Sydneshalvøyens Kulturhistoriske  Forening og Memoar. 

Mandag 25/4 kl 19 startar eit kurs i bruk av studio. Det er berekna på tidlegare deltakarar på Memoar sitt  introduksjonskurs til munnleg historie. Men alle som er interesserte i å lære seg å bruke studioet til intervjuopptak vil ha utbyte av det. 

Kurset varar i to timar. Kursleiar blir Bjørn Enes. Det vil handla om det tekniske utstyret i studioet, etikk og tilrettelegging for arbeidsprosessen vidare etter opptaket.  

Påmelding: Send ein epost til bjorn@memoar.no og fortel at du kjem !

obs: Ei tidlegare kunngjering om at kurset startar kl. 14 var ei misforståing. Korrekt tidspunkt er 19-21.