Fauske

Introduksjonskurs 18-19 januar 2022

Memoar inviterar historielagsmedlemmer og andre interesserte i Fauske og omland til introduksjonskurs om munnleg historie laurdag 22. januar 2022. Kursdeltakarane er også velkomne til å delta som intervjuar, medintervjuar eller observatør under intervjuopptak dagen før - tirsdag 18. november. Og: Invitasjonen omfattar eit oppfriskingswebionar to veker etter kursdagen.

Send gjewrne inn forslag i forkant på personar som bør intervjuast som primærkjelder til lokal historie i i løpet av dei to dagane. Send til post@memoar.no

Tirsdag 18/1

Vi byrjar kl. 12:00 med ein kort brief for dei som skal vere med på intervjuopptak.

Kl. 13 tek vi til å arbeide praktisk med intervju. Vi likar å gjere reelle intervju som skal bevarast og eventuelt publiserast. Dei av kursdeltakarane som vil starta med intervju er særleg velkomne til å delta som intervjuar, medintervjuar eller observatør.

Vi kan gjere tre intervju (kl 13 - 15 og 17).

Onsdag 19/1

Vi startar klokka 09:00 og held på til ca 15:30. Dette er teori-dagen: Vi brukar erfaringane frå dag 1 som "case" for å gå gjennom etikk, avtalar, førebuingar, intervjuteknikk, litt kamera/lyd/lys-teknikk, mellomlagring, dokumentasjon, arkivering/avlevering til Norsk Folkeminnesamling og formidling.

Vi brukar presentasjonen under som læremiddel.

Torsdag 3/2- webinar

Frå hausten -21 gjennomfører vi dag 3 som webinar, ca. to veker etter dag 1+2.

Vi brukar det til å utveksle erfaringar som er gjort i mellomtida, og diskuterar vidare framdrift. Deretter arbeider vi praktisk med etterarbeid: Dokumentasjon, etikk (presseetikk, museumsetikk), litt redigering, arkivering/avlevering til Minner.no, og formidling.

I prosjektet "Munnleg historie for alle" 2019-2022 kan Memoar, Norsk Folkeminnesamling og Norsk etnologisk gransking tilby historielag, musé og andre så å seie gratis kurs om innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av munnleg historie.

Samarbeidspartnarane må ordne kurslokale, lokale til intervjuopptak og invitasjonar til kursdeltakarar og intervjuobjekt. Det er også viktig at samarbeidspartnarane gjer avtale med minst ein person som kan bli intervjua dagen før sjølve kursdagen. Vi kan gjere opp til tre intervju - helst med personar som er primærkjelder til lokalhistorisk utvikling. Kursdeltakarane kan delta - som intervjuar, medintervjuar eller observatør - så sant dei som skal bli intervjua samtykker til det.

Memoar dekker våre eigne kostnader (kursleiarar, reise, utstyr). Deltakarane betalar ein eigenandel på kr. 300, - som også dekker lunsj på kursdagen.

For å ta del i webinaret på dag 3, må du ha tilgang til ein PC (eller Mac eller Chromebook eller nettbrett eller telefon med internett). Maskinen din må ha kamera og mikrofon. Ein ekstern mikrofon/øyretelefon gir ofte betre kvalitet på lyd inn og ut.

Du må ha interesse for å lytta til andre folk sine forteljingar om levd liv og erfaring. Ut over det er det ingen førehandskrav.

Ta kontakt med post@memoar.no

Hovudpresentasjonen på introkurset:

Manual-Memoarmetoden

Kursleiarar: Bjørn Enes og Mariela Norheim

Bjørn Enes er veteran i arbeidet med munnleg historie. Bak seg har han eit halvt arbeidsliv i industrien, og den andre halvdelen som journalist. Han har arbeid i Memoar sidan starten i 2015, og var dagleg leiar der fram til årsskiftet 21/22.

Mariela Norheim er Master i kulturvitskap frå UiB. Ho har tidlegare arbeidd i musé og utdanningsverket, o

Mariela Norehim